– Å studera nynorsk gjorde det lettare å forstå norske dialektar

Den polske norsk-studenten Bartlomiej Kozowski har fått nye inntrykk av norsk språk etter å ha studert nynorsk og dialektar på UiO. – Eg meiner at alle utanlandske studentar som skal læra seg norsk bør læra bokmål og nynorsk samtidig,

FÅ KAN NORSK I POLEN: – Så derfor vil eg stå sterkare på arbeidsmarknaden i Polen enn i Noreg, seier Bartlomiej Kozowski som akkurat er ferdig med eit halvt år langt kurs i nynorsk og dialektar på  UiO. No skal han begynna på masterstudiet i norsk på universitetet i heimbyen Poznan. 

Foto: Martin Toft

Bartolemiej Kozowski er frå Poznan i Polen, og han begynte å studera norsk allereie medan han gjekk på den vidaregåande skulen i heimbyen.Uniforum møter han i Kafé Niels på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

– Eg kan ikkje tidfesta det heilt nøyaktig, men eg hadde veldig lyst til å studera framandspråk. Og så høyrte eg på norsk og eg tykte det var ganske eksotisk. Kanskje eg skal begynna å læra meg norsk, tenkte eg, og etter tre år på vidaregåande gjekk eg vidare til universitetet i Poznan.

– Ei god investering

Og der begynte han på norskstudiet.

– Der lærte eg berre bokmål, fortel han. Etter tre år fekk han eit Erasmus-stipend for å studera norsk på Universitetet i Oslo våren 2023.

– Då opplevde eg at eg forsto alt folk sa, så lenge dei snakka Oslo-mål. Men straks nokon begynte å snakka dialekt, fekk eg problem. Derfor begynte eg å studera nynorsk, noko som var ei god investering, for det gjorde det også langt lettare for meg å forstå norske dialektar, fortel han engasjert til Uniforum.

– Bør læra bokmål og nynorsk samtidig

Bartolemiej Kozowski skryter masse over kurset førstelektor Toril Kristin Sjo på Institutt for nordiske og lingvistiske studiar held om nynorsk og norske dialektar for utanlandske studentar.

– Eg blei tatt imot med opne armar både av lærarane og dei andre studentane. Dei merka at eg var litt spent i starten, vedgår han. Så kjem han med ei klar oppfordring.

– Eg meiner at alle utanlandske studentar som skal læra seg norsk bør læra bokmål og nynorsk samtidig. Så eg trur at dei fleste som studerer norsk fort kjem til eit punkt der dei innser at det ikkje er mogleg å unngå nynorsk, slår han fast. – Sjølv synest eg no at nynorsk er den mest interessante delen av det norske språket, legg han til.

– Noreg er mykje meir enn Oslo

Han har også lært seg ein heilt annan ting.

– Nordmenn er faktisk glade i å gjetta kvar folk kjem ifrå på grunnlag av dialekten. Ein gong hadde me ein førelesar som snakka dialekt. Ein student frå Trondheim og eg inngjekk eit veddemål om kvar ho kom frå. Han meinte at ho kom frå nord i Trøndelag, medan eg ville vurdera dialekten hennar til ein plass langt sør i Nordland. Og eg fekk rett. Då var eg veldig stolt over meg sjølv, smiler han.

Dessutan har han notert seg ein annan ting.

– Dei nordmennene som ikkje har hatt nynorsk som hovudmål, klagar alltid på at dei må læra seg nynorsk. Eg møtte ein gut i Oslo, som lurte på kvifor eg lærte meg nynorsk når eg likevel kunne norsk bokmål så godt. Ja, men Noreg er mykje meir enn Oslo, svara eg han, seier han og ler godt.

– Blei veldig fornærma på meg

Bartlomiej Kozowski har lært norske dialektar så godt at han også kan avsløra kvar andre norskspråklege eigentleg kjem frå i Noreg.

 – Eg hadde ei erfaring med ein mann som snakka heilt perfekt Oslo-mål, men viste seg at han kom frå Finnmark. Då spurte eg han kvifor han knota. Då blei han veldig fornærma på meg, hugsar han.  

Kozowski fekk også ei forklaring frå han.

– Han sa at han brukte Oslomål i Oslo fordi dei skulle forstå han lettare, medan han brukte finnmarskdialekten når han var på heimtraktene sine, fortel den polske norskstudenten.

– Eg vart meir overraska enn fornærma

Etter at Kozowski hadde vore på UiO i ei tid, tok han også eit emne i norsk som også norske studentar tar. Han var den einaste utanlandske studenten. Ein gong skulle studentane ha gruppeundervisning og lesa tekstar høgt for kvarandre.

– Ei av dei som skulle ha lese ein tekst på nynorsk, kunne ikkje koma, så difor tilbaud eg meg å lesa teksten hennar. Folk begynte å smila og le litt, fordi dei ikkje var vande til å høyra meg lesa noko på nynorsk. Den som lo aller høgast var ei frå Bergen, som ein skulle tru var mest vand til nynorsk, fortel han.

Likevel har ikkje han blitt skremt av den opplevinga.

– Nei på ingen måte. Eg vart meir overraska enn fornærma. Kanskje reaksjonen har noko å gjera med at folk er meir kjenslevare når det gjeld dialektar og nynorsk. Og om ein utlending snakkar dialekt, og tar feil, reagerer dei sterkare enn om personen hadde gjort ein feil på bokmål. Korleis kan ein læra det, om alle ler, spør han.

Bartlomiej Kozowski har berre gode erfaringar med å vera polsk student på Universitetet i Oslo.

–Men ein gong eg søkte på ein deltidsjobb, blei eg kalla inn til eit intervju. Då spurte ho som intervjua meg om eg var polsk. Ja, sa eg, for det finst jo ikkje noko meir polsk enn namnet mitt. Då svarte ho meg at det var ikkje noko problem for ho kjente mange polakkar. Det viktige var det du hadde i hjarta ditt, sa ho. Dette minner meg om Polen når du spør om du er skeiv, og når du stadfestar det, så seier dei at dei har kjente som også er skeive. Det skal liksom visa at dei ikkje har noko imot skeive. Det er inntrykket dei gir meg, fortel han.

– Vil stå sterkare på arbeidsmarknaden i Polen

– No vender du tilbake til Polen for å bli ferdig med bachelorstudiet og gå vidare på masterstudiet i norsk. I kva grad vil du få bruk for norsk, altså både bokmål og nynorsk i Polen?

– Det vil vera mogleg å tilby norskkurs for folk frå Polen som skal dra til Noreg for å jobba. Eg hugsar ei venninne av meg som heldt norskkurs i Poznan, fekk ein førespurnad frå ein polsk mann om ho kunne gi han eit kurs i vestnorsk, sidan han skulle dit for å jobba. Det kunne ho ikkje for ho kunne berre standard bokmål frå Oslo. Men eg ville kunna ha tilbydd han eit slikt kurs etter det opphaldet eg no har hatt på Universitetet i Oslo, konstaterer han.

 – Så derfor vil eg stå sterkare på arbeidsmarknaden i Polen enn i Noreg, trur han.

– Kvifor blir du ikkje lenger i Noreg. Eit halvt år er veldig kort tid?

– Kanskje eg hadde blitt det, dersom vinteren ikkje hadde vart til langt ut i april. Og kjærasten min i Polen vil at eg skal vera saman med han i Poznan. Så derfor drar eg tilbake førstkomande sundag 28. mai, seier han.

– Skal kunna forstå dialektar og bruka nynorsk

Uniforum har også vore i kontakt med førstelektor Toril Kristin Sjo som er fagansvarleg for kurset i nynorsk og norske dialektar for internasjonale studentar og innvandrarar. Og ho trur kurset kan vera eit godt kompass i det norske språkmangfaldet.

PRØVA UT: – Dei får både høyra og prøva seg på å snakka nynorsk som normaltalemål og dialektar dersom dei ynskjer det. Eg oppfordrar studentane til å prøva ut det norske språket, seier førstelektor Toril Kristin Sjo. (Foto:  UiO)

–Det er eit ferdigheits – og kunnskapsemne retta mot internasjonale og minoritetsspråklege studentar som ynskjer å få meir kunnskap om det norske språklandskapet. Dei skal altså kunna forstå  dei norske dialektane betre etter kurset, og dei skal kunna bruka nynorsk både resepetivt og produktivt, altså både forstå og bruka nynorsken sjølve, seier Toril Kristin Sjo til Uniforum.

Ho fortel at emnet går kvart vårsemester og har 14 undervisningsgonger, det vil seia tre timar gonger 14, og gir 10 studiepoeng. Talet på studentar på emnet endrar seg stadig.

– Det varierer. Før korona var talet mellom 15 og 20, men etter korona har det vore under 10, og i år 9.

– Kva lærer dei? 

– Dei får ei innføring i norske dialektar, norsk språkhistorie og nynorsk både som kulturarv og bruksspråk. Me legg vekt på at studentane skal få eit oversyn over den norske språksituasjonen både før og no.

 

– Det gir ein god og heilskapleg norskkompetanse

– I kva grad får dei munnleg trening i nynorsk og dialektar?

– Dei får både høyra og prøva seg på å snakka nynorsk som normaltalemål og dialektar dersom dei ynskjer det. Eg oppfordrar studentane til å prøva ut det norske språket. Eg snakkar jo dialektnær bokmål i undervisninga mi til vanleg, så for meg er det uproblematisk å veksla mellom dialektnær bokmål, dialekt og dialektnær nynorsk. Eg tenkjer at det gir ein god og heilskapleg norskkompetanse.

Toril Kristin Sjo fortel til Uniforum at studentane får gode høve til å høyra både nynorsk og norske dialektar under studiet.

– Det får dei mellom anna høyra gjennom lærarspråket, til no har det vore trøndersk og vestlandsk, gjennom høgtlesing, songar og andre lydfiler, men det kan vera arbeidskrevjande å finna godt stoff. Heldigvis har me nrk.no, men me saknar ein moderne ressurs der ein kan høyra og øva seg på dialektane i dei ulike landsdelane, seier ho.

Internasjonal studentgruppe

Sjo opplyser at kurset samlar studentar frå store delar av verda.

– I år kom studentane frå England, Finland, Frankrike, Kroatia, Polen, Sør-Korea, Tyskland og USA. Det er nesten alltid nokon frå England, Tyskland og Finland, og andre europeiske land som Polen og Tsjekkia er ofte representerte, men me har altså òg studentar frå land langt borte som Sør-Korea, USA, Kina og Japan. Mangfaldet i klassen er ein viktig ressurs i samtalane me har om språkvariasjon., understrekar Toril Kristin Sjo.

• Les meir om nynorsk og internasjonale studentar: 

UiO tilbyr gratis nettkurs  i norsk

Vil ha meir nynorsk på alle område ved UiO

– Må bli meir positive til nynorsk

Internasjonale nynorskstudentar på UiO

 

 

 

 

 

Emneord: Språk, Nynorsk, HF, Internasjonalisering, Polen Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2023 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere