– Gratulerer med valet som ny leiar for Norsk studentorganisasjon Oline Marie Sæther!
– Det var hyggeleg, seier ho til Uniforum sundag kveld, dagen etter at ho blei valt til leiar for alle Noregs studentar. Oline Marie Sæther blei valt etter ei kampvotering mellom henne og motkandidaten Karl Magnus Nikolai Coronus Dretvik Nyeng frå OsloMet.
Dette er det nye arbeidsutvalet i Norsk studentorganisasjon:
Leiar: Oline Marie Sæther
Nestleiar: Ole-Markus Simonsen
Fag- og forskingspolitisk ansvarleg: Harald Bolstad Evensen
Fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg: Elida Linnea Slettum
Velferds- og likestillingsansvarleg: Max Henrik Arvidsson
Internasjonalt ansvarleg: Jens Bartnes
Det nyvalde arbeidsutvalet tiltrer sine verv 1. juli 2023.
(Kjelde: NSO)
– Det var bra at det var landsmøtet som kunne ta det endelege valet.
– Kva vil du gjera når du tar til i vervet 1. juli?
Vil jobba for å få opp studiestøtta
– Det er viktig å få tid til å studera og ikkje berre jobba. At studiestøtta må opp til 1,5 G står fast. Det er viktig for at studentane skal ha det bra, men også for samfunnet som vil at dei skal ha denne kompetansen, understrekar ho.
Dermed vil Oline Marie Sæther overta leiarklubba i Norsk studentorganisasjonen etter at dagens leiar Maika Maria Godal Dam har gått av i månadsskiftet juni/juli.
– Les også: Oline Sæther blir norske studenters tydeligste stemme
Kunstig intelligens i akademia
Landsmøtet vedtok også ein resolusjon der dei ber utdanningsinstitusjonane om å ha ein politikk for bruken av kunstig intelligens. Norsk studentorganisasjon ber dei difor om å utarbeida retningslinjer for bruk av kunstig intelligens for å fremja læring.
Dei oppfordrar også til eit godt samarbeid mellom akademiske institusjonar og teknologindustrien for å sikra relevant og ansvarleg bruk av kunstig intelligens i Noreg. Dei ynskjer også at det blir utforma etiske retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i høgare utdanning.
Ynskjer nasjonalt månadskort for kollektivreiser
Dessutan vedtok NSO at det må innførast ei nasjonalt månadskort for kollektivreiser for alle studentar i Noreg. Dei støtta også internasjonale studentar i Noreg og vil jobba aktivt for ordningar som gjer at dei kan studera gratis ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg.
– Eg vil fullføra medisinstudiet
– Kva tykkjer du var det viktigaste som blei vedtatt på landsmøtet?
– Den utdannings- og velferdspolitiske plattforma.
– No har du snart eitt år bak deg som leiar for Studentparlamentet ved UiO, og før det var du leiar for medisinstudentane på UiO. No skal du vera studentpolitikar på heiltid i endå eitt år. Kva skjer med deg og medisinutdanninga på UiO?
– Eg har studert i 4 år. Så no har eg to og eitt halvt år igjen. Det tar litt tid, men eg får lov til å ta permisjon. All mi tid går med til studiepolitikk. Eg vil fullføra medisinstudiet, lovar 26-åringen frå Skiptvet i landskapet Østfold i Viken.
Den 1. juli tar ho til i jobben som den fremste tillitsvalde for alle Noregs studentar.
– Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva.
• Les meir om NSO og Oline Marie Sæther:
Oline Sæther blir norske studenters tydeligste stemme
Denne helga vedtar studentene ny politikk
Ho blir truleg leiar for alle landets studenter
Logg inn for å kommentere