I dag vert søkjartala for høgare utdanning klare

I dag 24. april klokka 11:00 presenterer  direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, søkjartala for universitet, høgskular og fagskular frå Trondheim. Statsråd Ola Borten Moe vil også vera på plass.

Mange personar er samla på Universitetsplassen i Oslo

SØKJARTAL: I dag vert det klar kor mange søkjarar som har UiO som førsteval når studia startar til hausten. Biletet er frå velkomstseremonien for nye studentar i fjor haust. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Fristen for å søkja var 15. april, og i dag  blir det kjent kva trendar me ser blant søkjarane i år. Er det fleire eller færre søkarar enn i fjor? Kva for utdanningsområde har størst vekst, og kva for utdanningsområde har størst nedgang?

Pressekonferansen er i Realfagsbygget på NTNU. Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, presenterer søkjartala. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kommenterer tala, og svarer på spørsmål.

Det som blir mest spennande er korleis søkjartala vil sjå ut samanlikna med 2022. Då søkte 136 457 personar opptak til universitet og høgskular gjennom Samordna opptak, som var ein nedgang på 11,7 % frå  2021, viser tala frå Samordna opptak.  Nettopp 2021 var det året som hadde det aller høgaste talet av søkjarar til universitet, høgskular og fagskular. Då søkte 154 499 personar om studieplassar.   

I 2022 gav universiteta og høgskulane 110 421 søkjarar tilbod om studieplass fordelte på 61 874 studieplassar. Rundt tre av fem av dei som begynte på eit studium i 2022 var kvinner. Det talet hadde ikkje endra seg stort frå året før. 

I fjor hadde 17 266 søkjarar Universitetet i Oslo som førsteval. Det var ein nedgang på 11,4 prosent samanlikna med året før. Det var 2,7 førstevalsøkjarar for kvar studieplass.  

Dei mest populære faga på UiO var profesjonsstudiet i psykologi, medisin, rettsvitskap og årseininga i kriminologi. Og bachelorstudiet i kriminologi hadde heile 11,7 førstevalsøkjarar til kvar studieplass.

Svaret på kva fag som er mest populære i landet og på kvart enkelt universitet og kvar enkelt høgskule, får me altså klokka 11.00 i formiddag.   

Heile pressekonferansen blir strøymd over nettet. 

• Les også: 19 000 færre søkte til høyere utdanning i år enn i fjor

 

Emneord: Søkertall, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2023 02:30

Logg inn for å kommentere