Hovudavtalen inneheld reglar for partssamarbeid og medverknad i statlege verksemder. Avtalen er eit viktig verktøy for arbeidsgjevarar og tillitsvalde.
– Tillitsreforma er eit satsingsområde for regjeringa i arbeidet med å fornye og utvikle offentleg sektor. I dette arbeidet er arbeidstakarane sin rett til medverknad i arbeidslivet viktig. Eg er glad for at partane har blitt einige om ei ny hovudavtale i staten som byggjer vidare på det gode partssamarbeidet i statlege verksemder, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i ei pressemelding.
I den nye avtalen er det blant anna gjort endringar i reglane som gjeld for lokale avtalar om medverknad (tilpassingsavtalen). Statlege verksemder skal ha ein tilpassingsavtale som er tilpassa verksemda, og endringane framhevar viktigheita av slike avtalar. I tillegg er det gjort endringar og oppdateringar i samsvar med lovgjevinga. Det er også gjort eit arbeid med forenkling av språket og strukturen i avtalen.
Forhandlingsleiar Guro Elisabeth Lind i Unio ser på den nye avtalen som ei betring.
– Partane er einige om at hovudavtalen i staten er god, men at ei kvar forbetring kan utgjere viktige skilnader for tillitsvalde og partsarbeidet lokalt. Det er nettopp slike forbetringar me no har fått på plass. Alt i alt er den nye Hovudavtalen litt betre enn dagens avtale, seier Lind i ei pressemelding frå Unio.
Også leiar Egil André Aas i LO Stat uttrykkjer glede over resultatet.
- Me forventa ingen revolusjon, men me har fått gjennomslag for fleire viktige punkt for LO Stat. Me har hatt god kjemi i forhandlingane, gode diskusjonar og bevega oss i positiv retning, seier Aas i ei pressemelding.
Ny avtale gjeld frå 1. januar 2023 til 31. desember 2025.
Logg inn for å kommentere