– Det er viktig at universiteta er i førarsetet

– Krigen i Ukraina. Det svarar både rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka når me spør kva som har gjort sterkast inntrykk på dei i 2022.  

Ein mann og ei kvinne ser på eit juletre

INSPISERER JULETRE: Rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka inspiserer julekorttreet i vestibylen i Georg Sverdrups hus.  I 2022 er det krigen i Ukraina som har gjort mest inntrykk på dei to. 

Foto: Ola Gamst Sæther

For eitt år sidan var det unntakstilstanden på Universitetet i Oslo, i Noreg og i resten av verda på grunn av koronapandemien både rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka var mest opptekne av å snakka om. To månader seinare invaderte Russland Ukraina, og den krigen har ført til store sjokkbylgjer i heile Europa og ein flyktningstraum Europa ikkje har sett maken til sidan Den andre verdskrigen. Nokre studentar og forskarar derifrå har også funne vegen til Universitetet i Oslo.  

– Det har vore eit vanskeleg år

Uniforum møter Svein Stølen og Åse Gornitzka på rektorkontoret i 9. etasje i Lucy Smiths hus. Begge er sjokkerte over det som har skjedd i Ukraina etter Russland invasjon den 24. februar.

– Det har vore eit vanskeleg år. Eg tenkjer at Noreg og heile Noregs befolkning er prega av at Europa er i krig. Det er hovudsoppsummeringa av året. Det er noko som pregar heile samfunnet, også universitetssektoren. Den 24. februar og oppfylginga vidare er noko av det viktigaste me gjer. Det var jo sånn at me forventa at det ville koma mange både akademikarar, studentar og flyktningar i relativt store tal til Noreg og Oslo. Det har for så vidt ikkje skjedd, men me vil gjera vårt, lovar Svein Stølen.

Han vil også nytta seg av høvet til å takka alle dei tilsette og studentane på UiO for innsatsen i 2022.

– Først under ein krevjande pandemi, og så ein krig som påverkar oss alle. Det gjer noko med geopolitikken, energiprisen og heile samfunnet, understrekar han.

– Det er viktig at me ikkje blir makteslause

Prorektor Åse Gornitzka sluttar seg til vurderinga til UiO-rektoren.

– Eg trur også at krigen i Ukraina er som eit vegskilje for Europa. At me ikkje føler oss heilt makteslause, sjølv om det er så mykje nærare oss og røyndomen vår. Det er viktig at me ikkje blir makteslause, men kan vera med og gjera noko konkret for å hjelpa til med den kritiske situasjonen som oppstod. Det handlar også om å sjå framover og korleis universitet kan vera med heile vegen i Ukraina, understrekar Gornitzka.

 Kommentaren får Stølen til å nikka, og seia seg einig.

– Det er viktig at me ikkje føler oss makteslause, men me må heller ikkje gå inn i ei boble der alt i Noreg er uproblematisk. Det er det jo ikkje. Derfor gjeld det å ta situasjonen innover seg som samfunn, slår han fast.

Etter hans meining går det absolutt an å diskutera om universitetet har gjort nok for å hjelpa, og korleis det kan bidra under ei gjenoppbygging.

– Dette står også på agendaen til universitetsalliansen The Guild, poengterer han.

– Politikarar frå både EU og Noreg har valfarta til Kyiv for å visa solidaritet med dei ukrainske leiarane. Vil det bli aktuelt for Universitetet i Oslo å gjera noko liknande?

– Nei, det har eg ikkje tenkt på. Universitetssektoren er viktig. Derfor må me halda fram med den gode dialogen me har. Og dessutan møter me rektorar frå Ukraina i mange samanhengar.

– Dei viser både mot og pågangskraft

Og Åse Gornitzka legg til endå fleire opplysningar.

– Ja, me har kanalar som har kontinuerleg kontakt og samtalar med universitetsleiinga i Ukraina. Både gjennom The Guild og The European University Association. konstaterer ho.

 – Det er svært imponerande at dei klarer å halda utdanninga i gang i den situasjonen dei opplever, med tilsette og studentar i kamp og med øydelagt infrastruktur. Dei viser både mot og pågangskraft, tykkjer Stølen.

UiO-rektoren pekar på at sjølv om det er ein konflikt i nærområda våre, så må me ikkje gløyma andre konfliktar i verda.

– Under Oslo Peace Days var eg på eit seminar om situasjonen i Afghanistan, og samtidig så skjer det dramatiske ting i Iran, trekkjer han fram.

– Det er viktig at universiteta bidrar knytt til ulike konfliktar, legg Stølen til. 

– Og me må heile tida diskutera korleis.

For Stølen har universiteta ei viktig rolle gjennom at dei kan vera med på å bidra til løysingar, anten det handlar om teknologi, klimakrisa eller helsetenesta, men også breiare enn det.

– Oppstarten av UiO:Demokrati er ein merkestein for oss. Av og til ser det ut som om den norske debatten i universitets- og høgskulesektoren handlar om alt det teknologiske og medisinske, men me har ei mykje større rolle enn det ved å utdanna dagens og framtidas studentar til å utvikla samfunnet, slår han fast.

– Ein krevjande situasjon

Då Uniforum intervjua Svein Stølen og Åse Gornitzka i desember i fjor, var dei begge fortørna over forslaget til statsbudsjett for 2022, både før og etter at den nye regjeringa til Jonas Gahr Støre hadde flikka på det. No er dei minst like fortørna over statsbudsjettet for 2023 som regjeringa Støre med Ap og Sp har ansvaret for, og som det fekk fleirtal for i Stortinget med støtte frå SV.

– Det er ingen tvil om at det er ein krevjande situasjon. Kuttet på budsjettet vårt ligg på rundt 5 prosent, så det er ganske krevjande. Og det vil me merka, åtvarar Stølen.

– Samtidig er det ein vanskeleg situasjon, og eg er litt overraska over at dei ikkje vel å investera i ein periode der næringslivet meiner investeringar er nødvendige, der ein byggjer kunnskapsbasert næringsliv, undrar han seg.

 Men Svein Stølen finn grunn til gleda seg over at statlege pengar held fram med å strøyma inn i dei største byggjeprosjekta på Universitetet i Oslo.

– Eg er veldig glad for at me har klart å jobba godt med heile organisasjonen med begge dei to store byggjeprosjekta Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet. Eg er også glad for at me kunne bidra til at Forskingsrådet framleis er sterkt. Me treng eit sterkt forskingsråd. Det er eit godt forskingsråd i dag, og det må vera godt i framtida også. Det må sikrast store ressursar. Universitetet i Oslo er avhengig av å ha ein sterk konkurransearena. Det er det som skal til for å få kvalitet i forskinga, er han overtydd om.

Men han gir også æra for at Forskingsrådet blei redda til mange ulike aktørar.

– Det er mange som har jobba for at Forskingsrådet skulle få ettergitt det som blei sett på som ei slags gjeld. Eg er veldig glad for for løysinga, vedgår han.

– Me har sett ein ketchup-effekt i reising

Både Svein Stølen og Åse Gornitzka måtte halda seg i Noreg under pandemien og heldt kontakten med samarbeidspartnarar i andre land gjennom digitale møte. I 2022 endra dette seg, og begge har vore på utanlandsreiser både til USA, Japan og Sør-Afrika.

OVERGANGSPERIODE: – Det eg kunne ynskja meg er at me får lov til å ha ein to år lang overgangsperiode slik at me kan klara å finna mekanismar for å bidra til at spesielt studentar frå mindre ressursrike delar av verda har høve til å søkja om stipend for å studera ved Universitetet i Oslo, seier rektor Svein Stølen.  Her les han og prorektor Åse Gornitzka julekorta som heng på juletreet i Georg Sverdrups hus. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Prorektoren synest det var svært nyttig å få besøkt Berkeley-universitetet i California, og snakka med studentar, forskarar og andre tilsette på senteret som UiO og andre norske universitet samarbeider med Berkeley om.

– Det var heilt naudsynt å gjenoppta den kontakten igjen. Og no har me sett ein ketchup-effekt i reising. For det er mykje som du berre kan samtala om og få fram når du er fysisk til stades. Eg ser likevel at reiseverksemda vår er blitt påverka av det som skjedde under pandemien. Berkeley-reisa mi var veldig positiv, for dei kunna visa korleis dei med heller få ressursar kunna driva fram idéutveksling og samarbeid mellom fagmiljøa på Berkeley og i Noreg. Det var eit kjempebra vitnemål over kor stor effekt desse internasjonaliseringsmidlane har når det gjeld å inspirera og å generera til grunnforsking, konstaterer ho.

– Det har vore ein ketchup-effekt, slik Åse seier. To år utan møte, og så vil brått alle møta kvarandre. Eg har vore leiar for Circle U, og er leiar for The Guild i tillegg til at eg har verv i Universitets- og høgskulerådet.

– Var på eit slags Davos-møte for universitetsleiarar

I 2022 har Stølen vore i Wien, Paris og i Berlin.

– Så det har blitt for mange reiser for min del, om eg skal vera litt sjølvkritisk. Heldigvis ser det litt betre ut i 2023, har Stølen notert seg.

Sjølv har han også fått høve til å dra til Japan etter ein pause på over to år, eit land han har eit sterkt forhold til, og ofte har besøkt både som forskar og privatperson.

 – Der var eg på eit slags Davos-møte for universitetsleiarar. Då kan du på ein ettermiddag der, ha snakka med mange personar som det er umogleg å få tak i som rektor ved Universitetet i Oslo i andre samanhengar. Derfor var det ei viktig reise, fortel han.

Dei to drog saman til Sør-Afrika. Der samarbeider The Guild med ARUA, organisasjonen for forskingsuniversitet i Afrika. Prorektoren er nøgd med utbytet.

– Det var kjempeviktig ikkje minst fordi det stadfestar at me har fått til noko konkret med alt det engasjementet me har halda på med. Det kan verka som veldig pratete, men så blir det konkret samband som oppstår, seier ho.

Rektor er like nøgd.

– Norsk forskingsdebatt kan bli veldig nasjonal. UiO er eit internasjonalt universitet, slik all forsking også er internasjonal.

– Kjempekrevjande

Svein Stølen kritiserer regjeringa for at den ikkje har klart å sjå dette då den bestemte seg for å innføra studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits. Så derfor har han også eit bestemt nyttårsynske.

– Når regjeringa klarer å innføra ei slik avgift for internasjonale studentar utan å etablera stipendordningar, så er det kjempekrevjande. Eg trur dessverre den saka er tapt politisk. Det eg kunne ynskja meg, er at me får lov til å ha ein to år lang overgangsperiode slik at me kan klara å finna mekanismar for å bidra til at spesielt studentar frå mindre ressursrike delar av verda har høve til å søkja om stipend for å studera ved Universitetet i Oslo. No skal me jobba mot Japan, mot det afrikanske kontinentet, i EU, men også mot låginntektsland. Det er ekstremt viktig.

– Me kan ikkje melda oss ut av den internasjonale konteksten

Åse Gornitzka supplerer gjerne med fleire argument for internasjonalisering.

– Så vidt eg kan hugsa, var “Oss og dei andre” ei overskrift i ei av dei første forskingsmeldingane der den handla om internasjonalisering. Dei andre er ikkje dei andre. Me kan ikkje melda oss ut av den internasjonale konteksten. Det å samarbeida med partnarar i andre land er innebygd i skjelettet vårt, understrekar ho.

– Det er viktig at universiteta er i førarsetet når Europa har dei utfordringar det har, og når me har dagens klimautfordringar. Me må ha ein vilje til det, slår Stølen fast.

Så ynskjer prorektor Åse Gornitzka og rektor Svein Stølen alle tilsette og studentar på UiO og alle andre lesarar av Uniforum god jul og godt nytt år.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Ukraina, Internasjonalisering, Politikk Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2022 09:43 - Sist endra 21. des. 2022 11:27

Logg inn for å kommentere