Polske dommarar må leva under press frå regjeringa

I Polen er dommarar blitt suspenderte og oppsagde fordi dei har kome fram til dommar som regjeringa har vore ueinig i. Nyleg var fleire av dei på UiO og fortalde korleis den utøvande makta sakte, men sikkert har tatt over den dømmande makta.

DOMMARVITNE: Dei tre dommarane Maciej Ferek (t.v.),  Joanna Hetnarowicz-Sikora og Bogdan Jedry vitna om korleis dei og andre var blitt suspenderte eller irettesette for dommar dei hadde avsagt som Polens regjering var ueinig i. 

Foto: Martin Toft

Etter at Polen i 2015 fekk ei ultrakonservativ regjering leia av president Andrzej Duda og med partileiaren  Jaroslaw Kaczynski som ideolog, har rettsstaten meir eller mindre smuldra opp i eit av dei folkerikaste og viktigaste landa i Europa. Maktfordelingsprinsippet er i ferd med å bli viska bort i Polen. Regjeringa som har den utøvande makta, har også fleirtalet av den lovgjevande makta i Parlamentet med seg. Lov- og rettferdspartiet (PiS) er regjeringsparti og er i ferd med å utvikla Polen frå eit liberalt demokrati til ein stat der eit parti som vann det siste parlamentsvalet med nesten 50 prosent av veljarane bak seg, prøver å få kontroll også over tradisjonelt uavhengige institusjonar.

Vil ha kontroll over domstolane

No er regjeringa i gang med også å overta kontrollen over den dømmande makta. 24 av dei 25 medlemane av det nasjonale domstolsrådet (NCJ) er politisk utnemnde av regjeringspartiet. Dei domarane som står bak dommar som regjeringa er ueinig i, blir suspenderte og i nokre tilfelle også oppsagde.

Regjeringa har utnemnt ein eigen disiplinærkomité, The Disciplinary Chamber of the Polish Supreme Court, til å suspendera dommarar som ikkje føyer seg etter den rådande oppfatninga til medlemane i Det nasjonale domstolsrådet. Ifylgje Irish Legal News har dei også suspendert 12 dommarar for å ha meldt Polen inn for både Den europeiske menneskerettsdomstolen og for EU-domstolen.

Samla polske dommarar i Oslo

For kort tid sidan møtte fleire av dei på eit seminar i regi av Det juridiske fakultetet på UiO for å diskutera situasjonen til dommarane i Polen, eit land Noreg er alliert med i NATO, og som spelar ei viktig rolle i arbeidet med å støtta Ukraina i krigen mot Russland både humanitært og militært.

Tre av dommarane som har merka regjeringa sin vreide er Joanna Hetnarowicz-Sikora , Maciej Ferek og Bogdan Jedrys. Førstnemnde trekte seg som dommar i Tingretten i Slupsk då lova som fråtok domstolane den frie og uavhengige stillinga deira, blei vedtatt i februar 2020. Etter at ho vende tilbake, suspenderte justisministeren henne for ein månad for å ha misbrukt ei offentleg stilling etter at ho hadde fråtatt ein dommar som var utnemnt etter tilråding frå det regjeringskontrollerte nasjonale domstolsrådet (NCJ) retten til å møte som dommar i ei kriminalsak.

Maciej Ferek var tingrettsdommar i Krakow då han blei suspendert og lønna sett ned med 50 prosent. Sjølv veit han ingenting om grunnen til den avgjerda. Bogdan Jedrys er også tingrettsdommar i Krakow. Han avslørte at tre av kollegaene hans var blitt suspenderte.

Desse tre polske dommarane deltok i ein panelsamtale under konferansen saman med jussprofessorane Hans Petter Graver og Inger Johanne Sand frå Universitetet i Oslo og seniorrådgjevar Iver Ørstavik frå Raftostiftelsen i Bergen.  

– Ei urovekkjande utvikling i rettssystemet

Ordstyrar jussprofessor Hans Petter Graver kom inn på den vanskelege situasjonen til domstolane i Polen.

– Vanlegvis sørgjer byråkratiet for at domstolane får nok ressursar til at dei kan verna borgarane mot maktmisbruk og press frå dei politiske makthavarane. Så dette er eksepsjonelt.

Inger Johanne Sand peika på den negative bylgja rettssystemet er inne i i mange av verdas land.
– Det har vore ei urovekkjande utvikling i rettssystemet både i Polen, i Ungarn, andre land i Europa og i USA og i mange andre delar av verda. Alle i dette rommet kan noko om demokrati, val og attval. Men korleis skal gode domstolar vera? I Polen har det vore demonstrasjonar mot utviklinga i domstolane , og eg trur mange av oss har noko å læra av det polske dømet, sa ho.

 

RETTSVESEN UNDER PRESS: I Polen er den dømmande makta i ferd med å bli overtatt av den utøvande makta. Temaet blei diskutert under seminaret "Judges under stress" på Det juridiske fakultetet ved UiO. Frå venstre Iver Ørstavik frå Raftostiftelsen, jussprofessor Inger Johanne Sand, jussprofessor Hans Petter Graver og dommarane Maciej Ferek, Joanna Hetnarowicz-Sikora og Bogdan Jedry. (Foto: Martin Toft)

– Me må stå saman om det

Seniorrådgjevar Iver Ørstavik i Raftostiftelsen syntest det var viktig at alle stod saman om å forsvara rettsstaten.

– Alle må kjempa for å forsvara dei viktigaste samfunnsinstitusjonane i landa våre, og me må i fellesskap visa kor viktig det er med maktfordelingsprinsippet mellom dei ulike statsmaktene. Me kan ikkje venta at kvar enkelt borgar gjer det på eiga hand. Me må stå saman om det, elles vil alt falla saman, sa Iver Ørstavik.

– Eg ser ikkje på meg som spesielt modig

Ordstyrar Hans Petter Graver lurte på om det var ein spesiell grunn til at det er dei polske dommarane som no står på barrikadane for å forsvara rettsstaten i heimlandet sitt.

Tingrettsdommar Bogdan Jedrys i Krakow svara at det einaste han gjorde var å uttrykkja meiningane sine om det som skjer.

– Eg ser ikkje på meg som spesielt modig. Det eg gjer er å fortelja om det eg observerer frå jobben min som dommar. Eg gjer plikta mi som dommar, og det er å tena heile samfunnet på den beste måten eg kan. I regionen min har folk tradisjonelt ikkje hatt stor tillit til dommarar. Og kva er grunnen til det? For det første er me også ein del av samfunnet, og me gjer også feil. Eg ser mange parallellar til det som skjer no, med det som skjedde i byrjinga av karrieren min som dommar i Polen.

– I dag overtyder politikarane folket om at dommarane må vera meir effektive enn dei er, understreka han. Han kom også med eit varmt forsvar for Den europeiske unionen. 

– Det er det beste skjoldet me har, og det beste som har hendt Europa, i alle fall sidan Romarriket, smilte han.

Ordstyrar Hans Petter Graver minna han humoristisk på at han ikkje var den første som hadde samanlikna EU med Romarriket.

– Det har også skjedd her i landet der me to gonger har stemt imot EU-medlemskap.

– Dommarkjeda var den einaste tingen eg tok med meg

Etterpå gav han ordet til tingrettsdommar Joanna Hetnarowicz-Sikora frå Slupsk. Og også ho var glad for at dei hadde fått støtte frå dei ulike EU-institusjonane.

– Det er når eg og andre dommarar i Polen har fått medhald frå EU-domstolen, eg har vore lykkelegast, fortalde ho.

– Det mest skremmande for meg i Polen var då ei statsmakt prøvde å overta makta til ei anna statsmakt. Den gongen eg blei suspendert og måtte forlata dommarkontoret mitt, var den einaste tingen eg tok med meg, dommarkjeda mi. Eg var djupt overtydd om at ingen skal ta den frå meg, for det er eit symbol på mitt kall til å vera dommar og ha eit offentleg embete som eg brukar i teneste for heile samfunnet, sa ho med glød i stemma.

– Den dømmande makta er den svakaste av dei tre statsmaktene

Heilt til slutt fekk tingrettsdommar Maciej Ferek frå Krakow ordet. Han tok utgangspunkt i korleis det er mogleg å riva ned maktfordelingsprinsippet med domstolane som skyteskiva til regjeringspartiet.

– Det er klart at den dømmande makta er den svakaste av dei tre statsmaktene. Grunnen er at me ikkje har tilgang til folk, me kommuniserer ikkje med staben vår, og me har heller ikkje tilgang til media. Samtidig har dei to andre statsmaktene, regjeringa og Parlamentet, sine eigne støttespelarar og får makt gjennom val. Eg kan ikkje tena under eit slikt system der eg ikkje kan halda lovnaden min om å dømma etter prinsippa i grunnlova, slo han fast.  Ferek meinte at for han var det heller ikkje mogleg å gjera det andre borgarar ville ha gjort i den same situasjonen. 

– Eg kunne ikkje gå til politiet eller demonstrera i gata. Det eg kunne, var å kjempa gjennom mine avgjerder. Og det var det eg gjorde. Og det var truleg derfor eg blei suspendert, om eg då er suspendert, for disiplinærkomiteen er ikkje anerkjent av Den europeiske menneskerettskonvensjonens artikkel 6. Under heile dommargjerninga mi har eg dømt etter dommar som er blitt avsagde etter Polens lover, og etter dei europeiske domstolane, understreka Ferek.

– Først då to sekretærar frå domstolsadministrasjonen min kom til kontoret mitt, tok ut alle sakspapira frå arkivet og bad meg levera dei dommarkjeda og kappa mi, forstod eg at eg var suspendert, fortalde han.

– Synd at folk har demonstrert berre tre gonger sidan 2015

Maciej Ferek var heller ikkje særleg optimistisk når det gjeld sjansen for at demonstrasjonar i gatene skal få den polske regjeringa og det polske parlamentet til å snu.

– Sidan 2015 har det berre vore tre store demonstrasjonsbylgjer i Polen. Den første var då regjeringa ville gjera ein del prinsipielle endringar i grunnlova. Den andre gongen var i 2017, då dei ville verna Høgsterett,  og den siste var i 2020, då regjeringa foreslo å stramma inn på reglane for å få abort. Det er synd at folk på desse åtte åra, berre har gått ut i gatene og demonstrert tre gonger. Så eg trur ikkje det vil skje noka forandring utan at det skjer ei forandring i økonomien. Dessverre får Polen heller ikkje pengeoverføringar frå EU lenger.

Ordstyrar Hans Petter Graver prøvde likevel å trøysta ein pessimistisk Maciej Ferek med å visa til positive trekk i det polske samfunnet.

– To gonger har folk demonstrert i gatene for så abstrakte omgrep som endringar i grunnlova og for å forsvara Høgsterett. Det er ikkje sånt som hender i mange andre land. Det har altså skjedd at sivilsamfunnet har gått ut og demonstrert i gatene, kommenterte han.

Situasjonen til dommarane i Poler er også temaet i dokumentarfilmen “Judges under Pressure”. Den blei vist for alle seminardeltakarane, og den hadde Noregspremiere på ein filmfestival i Bergen tidlegare i haust. Filmen er blitt laga med støtte frå blant andre Raftostiftelsen.

(Kjelder: Seminaret Judges under Stress, Det juridiske fakultetet ved UiO, dokumentarfilmen Judges under PressureIrish Legal News , Advokatbladet og Raftostiftelsen)

Emneord: Polen, Jus, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2022 04:30 - Sist endra 2. des. 2022 11:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere