LEIAR: Ingen kuler kan ta livet av kjærleiken

Svaret vårt på ugjerninga i Oslo sentrum må bli eit samfunn som er meir ope og som dyrkar kjærleiken mellom menneske endå meir, uavhengig av legning og kjønnsidentitet. Ingen kuler kan ta livet av kjærleiken.

Oslo Pride-parade gjennom Oslo-gatene

PRISVERDIG: Tragedien viser at det er naudsynt å markera homofil og skeiv kjærleik gjennom Pride og paraden gjennom byen. Det er prisverdig av Universitetet i Oslo at det også har Pride som eit av sine priorterte arrangement gjennom året, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. Biletet er frå  UiOs og OsloMets seksjon i  Oslo Pride 2019, slik som det eigentleg også skulle blitt gjennomført sist helg. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

 

Klokka 01.15 natt til laurdag blei Oslo rysta av to drap utanfor utestadene Per på hjørnet og London Pub. Målet var truleg homofile og andre skeive som har London pub som stamplassen sin. I tillegg til at gjerningsmannen klarte å drepa to menn blei over 20 personar alvorleg eller lettare skadde av kulene frå våpenet hans. Konsekvensen av hendinga blei at den store Pride-paraden som skulle ha gått frå Grønland på laurdag 25. juni, blei avlyst etter råd frå politiet. Dermed blei det heller ikkje noko av Pride-markeringa som Universitetet i Oslo hadde planlagt i Botanisk hage.

Heile laurdagen blei prega av sorg, men også av sinne over at nokon kunne finna på å utføra ei slik avskyeleg handling. Mange fann trøyst i å gå til åstaden og leggja ned blomar eller å snakka med andre som var komne dit. Mellom dei var både kronprinsparet og statsminister Jonas Gahr Støre.

Mange deltok i ein spontan Pride-parade for å visa at dei ikkje let seg knekka av at nokon ikkje likar at me i Noreg skal kunne elska dei me vil uavhengig av legning og kjønnsidentitet. Det same skjedde med det som skulle bli ei offisiell markering på Rådhusplassen på måndag. Fordi politiet ikkje kunne garantera full tryggleik, rådde dei arrangøren til å avlysa også det arrangementet. Det blei gjort, men likevel samla fleire tusen personar seg der for å halda appell mot hat og vald og for skeiv kjærleik.

Det er full mogleg å diskutera om det var rett av politiet å rå til avlysing av både Pride-paraden og måndagens markering av tragedien. Truleg visste politiet meir om tryggingssituasjonen enn dei kunne gå ut med. Om arrangementet hadde gått som planlagt og blitt mål for eit nytt åtak, ville truleg kritikken av politiet ha vore endå hardare. Det er betre å vera føre var enn etter snar, det gjeld også for politiet i desse sakene.

Åtaket på dei homofile og skeive er også eit åtak på ytringsfridomen og forsamlingsfridomen. Gjerningsmannen er ein muslimsk norsk statsborgar som kom til Noreg frå iransk Kurdistan som tolvåring. Var det psykiatri eller planlagt islamistisk terrorisme som var bakgrunnen for handlinga? Det er det viktig for oss alle å få vita. Uansett kva som er svaret, er det gjerningsmannen og eventuelt dei som står bak han og berre dei som har ansvaret. Fleire opne muslimske homofile og skeive er også med i Pride. Det er derfor prisverdig at både representantar for Pride og Fri og også statsminister Jonas Gahr Støre har understreka dette så sterkt dei kan, seinast i sørgjegudstenesta i Oslo domkirke på sundag. Offisielle islamske organisasjonar og muslimske enkeltpersonar har dessutan tatt sterk avstand frå drapa.

Tragedien viser at det er naudsynt å markera homofil og skeiv kjærleik gjennom Pride og paraden gjennom byen. Det er prisverdig av Universitetet i Oslo at det også har Pride som eit av sine priorterte arrangement gjennom året. For eit universitet må stå opp for både ytringsfridom og forsamlingsfridom og mangfald både i samlivsformer og i etnisitet.

Det skal likevel vera rom for ulike haldningar og synspunkt på skeiv kjærleik, som går imot våre eigne haldningar. Grensa går ved hatefulle ytringar og trakassering. Då er det grunnlag for å melda dei til politiet. Og slik hatretorikk mot minoritetar må politiet ta endå meir alvorleg enn det dei har gjort til no.

Svaret vårt på ugjerninga i Oslo sentrum må bli eit samfunn som er meir ope og som dyrkar kjærleiken mellom menneske endå meir, uavhengig av legning og kjønnsidentitet. Ingen kuler kan ta livet av kjærleiken.

 

Emneord: Pride, mangfold, Kjønn, Likestilling Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 28. juni 2022 11:55 - Sist endra 28. juni 2022 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere