Naturhistorisk museum viser universets og jordas historie gjennom 4,5 milliardar år

I seks utstillingar over fire etasjar i Brøggers hus fortel Naturhistorisk museum historia frå jorda blei til og fram til historia om ein død spermkval som først blei funnen av Kiel-ferja, og som no blir stilt ut på museet. Der har kvalen selskap av både dinosaurskallen Roar og primatfossilet Ida.

Ein utstillingssal i Geologibygningen

SAL MED DINOSAURAR: I denne salen viser Naturhistorisk museum Nordsjøens historie gjennom dinosauren til venstre. Dinosauren til høgre er fiskeøgla som blei funnen på Svalbard. I midten er fossil som blei funne i boreprøvar frå Nordsjøen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Etter å ha vore stengt i over seks år opnar Brøggers hus i Naturhistorisk museum dørene for publikum igjen fredag 6. mai.  I den totalrehabiliterte Geologibygningen frå 1920 vert det vist fram seks nye permanente utstillingar over fire etasjar.  Til saman har Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Oslo brukt nesten 400 millionar kroner på rehabiliteringa og utstillingane.

Nye utstillingar og rehabilitering av Geologibygningen: 

Samla kostnad for rehabiliteringa: 278 millionar eks. mva.

Pris for utstillinga: 90 millionar kroner eks. mva.

Brutto bygningsareal: 8250 kvadratmeter

Oppføring av Geologibygningen (Brøggers hus) 1911-1917.

Opna for publikum: 1920

Arkitekt for totalrehabiliteringa: 4B arkitekter

Utstillingsarkitekt: Atelier Brückner

Bygningen er freda og rehabiliteringa er gjort i samarbeid med Riksantikvaren.

Byggherre: Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Oslo har gjort arbeidet for brukaren Naturhistorisk museum

Dei seks utstillingane:

Livets utvikling

Mineral og bergartar

Eit havs historie

Historier frå verdsrommet

Vår dynamiske jord

Krystallgrotta

(Kjelde: Naturhistorisk museum, UiO)

Dinosaurar og krystallar

Den samla utstillinga handlar om jordas historie og livets utvikling gjennom 4.5 milliardar år. Det handlar om alt frå jorda blei til og det første livet oppstod til dinosaurane kom og forsvann og dei første menneskeliknande skapningane dukka opp. Også historia om mineral og bergartar, Nordsjøens historie og historier frå verdsrommet vert romma i desse utstillingane. 

Og folk kan også få svaret på korleis jorda skil seg frå andre planetar i verdsrommet sidan den er dekt av hav og grøne skogar, har fleire årstider og luft som gjer det mogleg å leva der. 

I kjellaren er det funne plass til ein gruvegang som dei kallar for Krystallgrotta. Der har dei laga ei utstilling av kalsittkrystallar som er funne i kalkgruvene til Norcem under Brevik og Eidangerfjorden i Telemark. I rommet lengst inne i Krystallgrotta kan dei som vitjar museet sjå fluoriserande mineral frå heile verda. Og like ved har Realfagsbiblioteket opna ei eiga barneavdeling. 

Dinosaurskalle til 300 000 dollar

Det er Jørn Hurum, professor i paleontologi, som er turleiar gjennom dei seks nye utstillingane til Naturhistorisk museum i Geologibygningen.

Han viser  fram den første ekte, komplette dinosaurskallen av ein Triceratops som blir stilt ut i Noreg.  

– Det største nye objektet i denne salen er gitt av Roar Løvviken som ringte meg, og spurte om det var mogleg å få kjøpa ein dinosaurskalle til museet. Den kosta 300 000 dollar og er ein ekte Triceratops-skalle. Den er me veldig stolte av. Den er gravd fram i USA og er 67 millionar år gammal. Truleg er det den dinosauren som er enklast å kjenna igjen, faktisk lettare enn T-rex som står ved sida av og andre rovdinosaurar. Triceratops har eit unikt uttrykk som gjer at barn kjenner han igjen med ein gong, fortel dinosaureksperten Jørn Hurum.  

Og like ved står ein svær plastavstøyping av Tyrannosaurus Rex med ein svær sving på halen.

– Me fekk feil teikningar, så me måtte kutta halen i enkeltvirvlar og byggja den på nytt for at den skulle få plass her, smiler han.  

– Det var veldig morosamt, for det var eit slags byggjesett for vaksne, synest Jørn Hurum.  

DINOSAURAR PÅ PLASS: No er både denne dinosaurkopien og andre dinosaurar på plass igjen i utstillingane i Naturhistorisk museum (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Spermkval frå 2003

Og i rommet som viser livet etter dinosaurane har dei montert eit stort kvalskjelett.  

– Det var ein spermkval som låg og flaut i Oslofjorden då den blei oppdaga av Kielferja i 2003.  Det var ein mann som ringte til deg Petter, (Bøckmann) og spurte om me ikkje kunne overta den?

– Ja, det stemmer. Han skulle flytta og fekk visst ikkje plass til kvalen sin på den nye staden, svarer førsteamanuensis Petter Bøckmann.  

– Og den er heilt perfekt for å fortelja om kvalane si utvikling, held Jørn Hurum fram. 

– Når folk tenkjer på kval i dag, er det noko som sym i vatnet, men den stammar jo frå landlevande dyr. Der borte ser de ein kval  med fire bein som er 48 millionar år gammal, seier han og peikar på ein kvalmodell seks meter framfor kvalskjelettet frå Oslofjorden.

I tillegg til superkjendisen til museet, primatfossilet Ida, har også museet fått kjøpt inn andre fossil frå området Messel i Tyskland.

– Sparebankstiftinga kjøpte dei inn for oss for tre millionar kroner, og det er aller første gong vennene til Ida blir stilte ut i Naturhistorisk museum. Her er både pattedyr, fiskar, slangar, krokodillar og flaggermus pluss alle plantane. Dette er den største samlinga av originale Messel-fossil utanfor Tyskland, opplyser Jørn Hurum.

Starta forprosjektet for elleve år sidan

Medan me går frå den eine utstillinga til den andre, nyttar Uniforum seg av sjansen til å trekkja Jørn Hurum litt til side for å høyra kva han sjølv er mest imponert av på desse utstillingane.

– At me har fått det til, utbryt han.

– Det var elleve år sidan forprosjektet starta. Og Marianne (Strøm) har vore med som prosjektleiar i ti av dei. Me har halde på lenge, og det er utruleg å sjå dei no i tre dimensjonar. Me har hatt teikningar heile tida og sett korleis det har vakse fram på teikninga, men det er noko heilt anna å sjå dei i tre dimensjonar og få alle dei objekta me har opp. Konservatoren har plukka opp dei tinga me har i samlinga vår, konstaterer han.

– Hadde ikkje gått i ein normal arbeidssituasjon

Jørn Hurum vil også takka ei uventa hending.

– Me har mykje å takka koronaen for. Å skriva så mange tekstar, hadde ikkje gått i ein normal arbeidssituasjon. Me hadde 10-12 timar lange dagar heime der me skreiv tekstar under heile koronaen, og me heldt kontakt med kollegaer og samarbeidspartnarar i Tyskland på nett, fortel han til Uniforum.  

– Heldigvis var me ferdige med å finna alle objekta bortsett frå objekta til mineralsalen, før koronaen sette inn. Det var flaks, legg han til.

– Og kva del av utstillinga vil du rå barnefamiliar til å besøkja?

– Dei må sjølvsagt starta med dinosaurane, men det er så mykje her at det ikkje er nok med eitt besøk, men minst to, er rådet hans.

– Kvar utstilling har si eiga spenning

Museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle er ei av dei som har late seg imponera av utstillingane i sitt eige museum.

KRYSTALLGROTTA: I Krystallgrotta finst det kalsittkrystallar frå kalkgruvene under Brevik og Eidangerfjorden i Telemark. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Som gammal bergrunnsgeolog, er eg svært glad i mineral- og bergartssalen, for den synest eg er ein slik eksplosjon av fargar og av heile den diversiteten som finst i den fysiske undergrunnen vår. Den er innmari spennande. Og også eg let meg fascinera av dei store dinosaurane, og ikkje minst av Krystallgrotta i kjellaren. Kvar utstilling har si eiga spenning, synest ho.

– Yndlingsobjektet

Universitetslektor Petter Bøckman på Naturhistorisk museum er heilt tydeleg på kva objekt han er gladast i av alle dei nærare 4000 objekta som blir stilte ut på dei seks nye utstillingane i Geologibygningen.

– Yndlingsobjektet mitt er eit bittelite objekt som er i første etasje. Det er eit lite svart skjelett av ein urreptil, ein kaptorinus. Det var eitt av dei første landlevande dyra. Amfibiar er halvvegs fisk. Kaptorinus er truleg det første reptilet me kjenner. Det har me, og det er fantastisk kult og stilig, synest han.

– Det er eit originalfossil, funne på ein plass der elva legg frå seg alt rusket den tar med seg.  Og så er det blitt etsa fram og sett saman av mange ryggvirvlar frå mange ulike individ, men det er eit komplett kaptoriniskjelett,  understrekar han.

– Teamet har jobba heilt strålande saman

Marianne Strøm har i ti år vore prosjektleiar for desse utstillingane som no endeleg opnar.  Ho skryt over heile teamet som har deltatt i arbeidet.

GLAD: Prosjektleiar for utstillingane Marianne Strøm gir skryt til alle kollegaene sine som har arbeidd for å i stand utstllingane. Her ser ho ut over ein sal med meteorittkopiar i taket.  (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Men me har ikkje jobba intenst med berre dette prosjektet i ti år. For me har jobba med finansiering og kvalitetssikring, og så har det kome spørsmål som me måtte svara på.  Sjølvsagt skulle eg ha ynskt at me kunne ha fokusert endå meir på utstillingane og fått opna dei endå tidlegare. Det har vore interessant å jobba i eit verna bygg, og me har lært veldig mykje.  Me har hatt tett dialog med Riksantikvaren og byggjeprosjektet, sjølvsagt.  Men teamet har jobba heilt strålande saman, seier ho begeistra.

No håpar ho det blir ein lang kø med besøkjande når utstillinga opnar for publikum fredag 6. mai klokka 10.00.

– Då skal me også ha eit nytt billettsystem på plass slik at ein kan tinga timeslots. Me håpar det kjem mange, og at dei ikkje blir superfrustrerte, men at alle får koma inn når dei skal og får ei god oppleving, seier Marianne Strøm.  

Torsdag ettermiddag er det offisiell opning av utstillingane med Oslo-ordførar Marianne Borgen, UiO-rektor Svein Stølen og riksantikvar Hanne Geiran. 

Emneord: Naturhistorisk museum, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2022 16:56 - Sist endra 3. mai 2022 23:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere