Regjeringa gir 413 millionar til 1130 studentbustader

Åtte studentsamskipnader får til saman 413 millionar til bygging av nye hybeleiningar til studentar. Studensamskipnaden i Oslo får 65,3 millionar til rehabilitering av studentbustader i Sogn studentby.

Ein murbygning med studentbustader i Sogn studentby

REHABILITERING:SiO får 65,3 millionar frå regjeringa for å rehabilitera 171 hybeleiningar i Sogn studentby. (Arkivfoto)

Foto: SiO

– Å sørge for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar over heile landet, er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. For dei fleste studentar er husleige den største enkeltutgifta. I år aukar vi innsatsen særleg i Nord-Noreg, men også studentbustadprosjekt i sør, aust og vest får store tilskot denne gongen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.  

SIO får altså 65 millionar 356 200 kroner frå den samla potten. Desse pengane skal brukast til rehabilitering av 171 verneverdige studentbustader i  Jon Erliens vei 1B -13 i Sogn studentby. 

Store delar av budsjettet til studentane går til bustad, derfor vil regjeringa satse på å bygge fleire. Åtte studentsamskipnader får til saman 413 millionar til bygging av nye hybeleiningar til studentar. Ein tredel av dei nye hyblane kjem i Nord-Noreg.

Satsar på bygging av studentbustadar i Nord-Noreg

I år er det i Nordland og Troms og Finnmark som har fått pengar til dei største prosjekta. Det prosjektet som får høgast tilskot ligg i Tromsø, der får Noreg arktiske studentsamskipnad 76 millionar kroner til 200 nye hybeleiningar. Studentinord i Bodø får 68 millionar kroner til 178 nye studenthyblar i Skavdalslia.

– Vi vil ha eit aktivt og levande studentliv i Nord-Noreg, og vi veit det er stort behov for fleire studentbustader nord i landet no. Derfor har vi sett av pengar til å skalere opp tilbodet av studentbustader i Bodø og Tromsø kraftig, seier Borten Moe.

Blant andre store byggeprosjekt er eit nybygg med 120 studenthyblar i Elverum, og rehabilitering av 120 hyblar på Sogn studentby i Oslo.

 Vil få opp tempoet på bygginga etter pandemien

15 byggeprosjekt, fordelt på åtte studentsamskipnader, får pengar. Samskipnadane søkte om tilskot til 1664 hybeleiningar. Regjeringa har valt å prioritere nye og lovande byggeprosjekt som kan startast opp i løpet av kort tid. Dermed er det 1130 hybeleiningar som får pengar i år.

– Vi vil få opp tempoet på bygginga av studentbustader og på sikt er målet 3000 nye hyblar i året. Eg veit at pandemien har ført til høgare byggekostnadar, men synest studentsamskipnadene har vore gode til å planlegge nye prosjekt dei kan sette i gang raskt. Det betyr at det ikkje er lenge til dei første spadane kan stikkast i jorda. Så skal vi sjå på korleis vi kan bidra til å få opp talet på søknadar, seier Borten Moe.

Slik blir midlane til dei 1130 hybeleiningane fordelte:

Samskipnad

Studiestad

Prosjekt

Tiltak

Tal på hybeleiningar

 Tilskot i kr

 
   

SINN

Elverum

Meierigata

Nybygg

120

39 144 000

   

SSN

Rauland

Raulandsakademiet

Nybygg

32

10 438 400

   

SiO

Oslo

Jon P Erliens v 1B-13 (verneverdig)

Rehab.

171

65 356 200

   

Sammen

Bergen

Fantoft - N-blokk syd

Nybygg

2

764 400

   

SiT

Trondheim

Magnus den Godes ft 2

Nybygg

2

764 400

   

SiA

Kristiansand

Gimle 4

Nybygg

71

27 136 200

   

SiA

Grimstad

Jon Lilletunsvei 21 og 23

Nybygg

6

1 957 200

   

Sammen

Stord

Rommetveit - Osahaugen 22-26

Nybygg

82

26 748 400

   

Sammen

Bergen

St.Halvardsvei 11

Nybygg

77

29 429 400

   

SiT

Gjøvik

Røverdalen

Nybygg

20

6 524 000

   

SiT

Gjøvik

Studievegen

Nybygg

70

22 834 000

   

SiO

Oslo

Kringsjå Fase 3

Nybygg

79

30 193 800

   

SiA

Kristiansand

St. Olavsvei 41-43

Nybygg

20

7 644 000

   

NAS

Tromsø

Dramsveien panorama, tr 4

Nybygg

200

76 440 000

   

Studentinord

Bodø

Skavdalslia

Nybygg

178

68 031 600

   

 

1 130

   413 406 000

   
 

 

Emneord: Studentforhold. Studentsaker, SiO
Publisert 24. mars 2022 11:05 - Sist endra 24. mars 2022 11:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere