Abelprisen 2022 vert kunngjort klokka 12.00. Fylg med på direkten!

I dag klokka 12.00 gjer Vitskapsakademiet kjent kven som får Abelprisen i matematikk for 2022.  Du kan fylgja kunngjeringa på Uniforums nettsider. 

ABELPRISEN: Kven som blir årets vinnar/-ar av  Abelprisen i matematikk vert avslørt på direkten frå Akademiets hus i Drammensveien i Oslo. (Arkivfoto) 

Foto: Eirik Furu Baardsen for Det Norske VidenskapsAkademi

Det er preses Lise Øvreås i Det Norske Vitskapsakademiet som kunngjer vinnaren av årets Abelpris direkte frå Akademiets praktbygning i Drammensveiein i Oslo. Grunngjeving for prisen vert lesen opp av leiar for Abelkomiteen,  Hans Munthe Kaas.  Det blir også ein populærvitskapleg presentasjon av arbeidet til den eller dei som får prisen. Til slutt vert prisvinnaren/-ane intervjua på direkten. 

Heile kunngjeringa kan du få med deg på direkten på YouTube-kanalen til Det Norske Vitskapsakademiet.  

Emneord: Abelprisen, Videnskaps-Akademiet, Matematikk Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2022 10:44 - Sist endra 23. mars 2022 10:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere