UiO-rektoratet føreslår nordisk samarbeid om eksportkontroll

Rektor Svein Stølen ber regjeringa samarbeida med andre land om eksportkontroll av kunnskapsoverføring: – Me kan laga ein arena der me samhandlar med Sverige, Finland, Danmark og Island og dei baltiske landa.

Ei kvinne og ein mann sit ved eit langbord

VIKTIG: – Den diskusjonen som går føre seg no, er ei større problemstilling om korleis me samhandlar med ikkje-demokratiske land, meiner rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var 11. juni i fjor det blei kjent gjennom ei stortingsmelding at Solberg-regjeringa ville innføra strengare kontrollar for eksportkontroll. Denne gongen skulle det ikkje berre handla om eksport frå forsvarsindustrien, men også omfatta kjenslevare område innanfor kunnskapsoverføring og framveksande teknologiar. Dette er område som inkluderer store delar av universitets- og forskingssektoren.

Moglege endringar i føreskrifta om eksportkontroll:

Riksrevisjonen la i februar 2021 fram ei undersøking om styresmaktene sitt arbeid med strategisk eksportkontroll

11. juni i fjor  presenterte Solberg-regjeringa stortingsmelding om moglege endringar i føreskriftene i lov om eksportkontroll

Tidlegare handla lova stort sett om eksport av forsvarsmateriell.

Denne gongen vil regjeringa også inkludera to område som inkluderer forsking og høgare utdanning: Kunnskapsoverføring og framveksande teknologiar

I stortingsmeldinga står det fylgjande:

«Etter grundige vurderinger har departementet kommet til at kontroll av sensitiv kunnskapsoverføring best gjennomføres ved å tydeliggjøre hva som er lisenspliktig overføring av sensitiv kunnskap, når denne lisensplikten inntrer og hvordan man søker om lisens fra departementet. Det legges bl.a. opp til en lisensieringspraksis der aktører som skal overføre kunnskap om lisenspliktige varer og teknologier, samt annen kunnskap som kan anvendes til militær bruk til utenlandske borgere, må søke Utenriksdepartementet om tillatelse før informasjonsdelingen finner sted. Det vil videre tydeliggjøres at kontrollen også gjelder kunnskapsoverføringer her i landet for bruk i utlandet»

Forslaget går ut på det vert kravd ein eigen lisens for avtalar med personar og institusjonar utanfor EU, EØS og NATO innanfor dei områda eksportkontrollen omfattar

Eit høyringsnotat om det endelege forslaget frå regjeringa blir sendt ut om kort tid

(Kjelder: Utanriksdepartementet, og Meld.St.35 (2020-2021))

I hovudsak handlar det om at Seksjon for eksportkontroll i Utanriksdepartementet skal kunna vurdera den nasjonale tryggleiken i avtalar med forskarar og institusjonar i land som står på farelista til Politiets sikringsteneste. Det vil seia mellom andre Russland, Kina, Iran og Pakistan. Også avtalar med personar og institusjonar frå andre land som står utanfor EU, EØS  og Nato, vil  måtte gå gjennom ein slik kontroll, mellom dei både Brasil, India og Sør-Afrika, skreiv Khrono i juni i fjor. 

Arbeidet med ein strengare eksportkontroll er blitt ført vidare av Jonas Gahr Støres regjering. Statssekretær Eivind Vad Petterson i Utanriksdepartementet har kunngjort at eit notat snart blir sendt ut på høyring.

• Les i Uniforum:

PST om samarbeid med Kina og Russland: – Me skal ikkje leggja band på akademisk fridom

Må ha tydeleg føreskrift 

Både rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka på Universitetet i Oslo har vore kritiske til dei første forslaga til nye retningslinjer for ei føreskrift for eksportkontroll. Og dei er framleis litt urolege.

– Me har ei føreskrift for eksportkontroll også i dag, og det må me ha. Det det handlar om no, og den diskusjonen som går føre seg no, er ei større problemstilling om korleis me samhandlar med ikkje-demokratiske land. Land der ein kan frykta både infiltrasjon og at den kunnskapen me utviklar blir brukt feil, seier rektor Svein Stølen.

Då det første forslaget om endringane i føreskrifta for eksportkontroll kom på bordet, var også mykje forsking frå ph.d.-nivå og vidare oppover i systemet inkludert.

– Sett på spissen kunne ein knapt ha dratt på  konferansar utan at den var underlagt eksportkontroll, peikar Åse Gornitzka på overfor Uniforum.

 Verken Svein Stølen eller Åse Gornitzka trur det nye notatet vil dekkja så breitt.

– Eg kan ikkje tenkja meg at det nye forslaget vil vera i nærleiken av det. I så fall vil me leggja oss på ei heilt anna linje enn resten av Europa, seier Svein Stølen til Uniforum.  

Må vera meir merksame

Samtidig er han klar på at også Universitetet i Oslo kan skjerpa seg på dette området.

– Den globale, politiske situasjonen tilseier at me må vera meir merksame. Faktisk må me bli endå tydelegare på våre eigne rutinar. Derfor er det behov for endringar internt. Det er det ingen tvil om. Me må ha ei tydeleg, men ikkje for ekspansiv føreskrift for eksportkontroll. Men problemstillinga er breiare enn som så, seier Svein Stølen.   

Han meiner det vil vera behov for råd som er breiare enn dette, og som står i sjølve eksportkontrollføreskrifta.

– Der treng me ei betre samhandling i det norske systemet, heilt frå regjering, via PST, inn til Forskingsrådet og Innovasjon Noreg, og inn mot universiteta, Me treng sterkare arenaer for samhandling enn me har i dag, legg han til.  

Åtvarar mot avkjølingsprosess

 

NYE PROBLEM: – Det er spørsmål om cyber security, om framande makter som går inn og diskrediterer demokratiske system, seier prorektor Åse Gornitzka. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Så kjem punktet om korleis me jobbar internt for å sikra forskinga vår og korleis den blir tatt vare på. Utgangspunktet for det heile er å sikra internasjonalt samarbeid og ikkje enda opp i ein situasjon der dette lagar ein avkjølingsprosess.  Det er det verste som kan skje. Me må finna ein balanse som sikrar internasjonalt samarbeid, men på ein sikker måte. Me er opptatt av at me får til ein sterk dialog vidare framover, slår Svein Stølen fast.

Prorektor Åse Gornitzka nikkar.

– Stikkorda her er å sikra sikkert samarbeid. Det me har sett internasjonalt, er korleis den teknologiske utviklinga har gitt oss heilt nye utfordringar på dette feltet. Det sprengjer rammene av det som den opphavlege føreskrifta for eksportkontroll vende seg til. Det er spørsmål om cyber security, om framande makter som går inn og diskrediterer demokratiske system. Heile denne rekkja av utfordringar som ikkje gjeld berre universitetet, peikar ho på.

– Treng ei god arbeidsdeling

– Vil det seia at dersom UiO vil ha ein samarbeidsavtale med eit universitet i Kina, Russland, Pakistan eller Iran, så må UD gå inn og sjå gjennom den endelege avtalen før den kan underskrivast?

– Dette veit me ikkje noko om, svarar Svein Stølen, men han meiner det er lite sannsynleg.

– I dag har me eit regelverk som viser at me skal unngå å gå inn i samarbeid der me har teknologi som kan misbrukast andre stader, anten det er forsvar eller sikkerheit, understrekar han.

Stølen meiner at det UiO må gjera, og som Utanriksdepartementet ikkje kan, er å vurdera faglege enkeltprosjekt.

– Her må me vera merksame på at forsking og teknologi kan nyttast i andre delar av samfunnet enn i den spesifikke fagsamanhengen som me jobbar i. Me treng ei god arbeidsdeling mellom UD, nasjonale sikkerheitsstyresmakter og akademia, legg han vekt på.

Både Åse Gornitzka og Svein Stølen understrekar at dei må handla saman med alle tilsette på UiO.

– Me må jobba meir med våre tilsette slik at dei både er medvitne og kompetente for å kunna vurdera si eiga forsking i ein eigen heilskap. Og om me ikkje gjer det, så er det fare for at me kan bli overprøvde av staten, fryktar Stølen.

Føreslår felles arena for samhandling

Nyleg var han på eit toppmøte med universitet frå England, Norden og dei baltiske landa. Der fekk han inspirasjon til å meisla ut eit eige forslag til regjeringa på dette området.

 

ARBEIDSDELING: – Me treng ei god arbeidsdeling mellom UD, nasjonale sikkerheitsstyresmakter og akademia, seier Svein Stølen, (Foto: Ola Gamst Sæther)

– I Storbritannia verkar det som om dei har ei sterk samhandlande, vertikal linje opp til regjeringssystemet og til sikringstenestene som involverer heile forskingssystemet, inkludert UKRI (UK Research and Innovation) og universiteta. Eg vart imponert over dialogen dei hadde og den felles forståinga av at internasjonalt samarbeid berre blir viktigare.  Dei var opptatt av korleis dei kunne gjera ting, og ikkje av korleis dei ikkje skulle gjera dei, fortel han.

Derfor kjem Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka med eit konkret forslag til den norske regjeringa.

– Rådet mitt til styresmaktene i Noreg er å laga ein arena der me samhandlar med Sverige, Danmark, Finland og Island, og kanskje Baltikum, der me diskuterer desse problemstillingane slik at me lærer på tvers i Norden. Det er litt ulik angrepsvinkel på dette i ulike nordiske land, peikar han på og overlet ordet til Åse Gornitzka.

– Alle vestlege land tar denne problemstillinga svært alvorleg. Særleg innanfor Norden der me har ganske like vilkår og tradisjonar, så ville det ha vore lurt om me kunne hatt ein felles dialog om korleis me kan utvikla ei felles forståing og ressursar.

Det vil gjera det mogleg å ta omsyn til behovet for tryggleik, samtidig som me kan ta vare på det som ligg oss tungt på hjartet, det å oppretthalda internasjonalt samarbeid i forsking, seier Gornitzka.

– Me treng  gjensidig innsikt i kva desse problemstillingane inneber og kva praktiske løysingar me kan finna. Om me hadde fått eit forum for dette i Norden, trur eg det ville ha vore viktig for å kunne trekkja på erfaringane til andre land, legg ho til. 

– Treng samarbeid med Kina

Rektor Svein Stølen held fast på at det er viktigare enn nokon gong med internasjonalt samarbeid på tvers av kontinent og styreformer. Og då er Kina eit viktig land.

– Ja, me treng samarbeid med Kina. Me treng språkkompetanse og kulturkompetanse. På det møtet eg var med på i England, var det fokuset. Me skal altså ikkje redusera samhandlinga, men styrkja den og sikra den, understrekar Svein Stølen.

Så viser han til eit nytt arbeidsdokument frå EU om samarbeid med land med ikkje-demokratiske styreformer.

– Her står det mellom anna at internasjonale forskingsmiljø må unngå å stigmatisera og framandgjera studentar og forskarar frå ikkje-demokratiske statar. Me veit no at ein del av våre studentar og kollegaer frå ikkje-demokratiske land har det ganske tøft i heile Europa fordi det blir forventa av dei at dei vil forsvara alt som skjer anten det er Kina, Russland, eller Iran. Det er krevjande. Det er interessant at det blir lagt vekt på av EU at me må jobba på ein sikker måte, men også på ein måte som sikrar menneska og sikrar samhandlinga.

– Dette er eit dokument me kjem til å sjå grundig på og lata oss inspirera av. Mykje av det som står her, er det same som me resonnerer over i dag, konstaterer UiO-rektoren.

– Det er fare for ein type kollektiv mistenkeleggjering av utanlandske forskarar og kollegaer, seier Åse Gornitzka.

– Det er soleklart at me må sjå på kva rolle dei kan spela, sett i samanheng mellom anna på signal frå dei kinesiske styresmaktene. Samtidig kan me ikkje gå inn her med eit fiendebilete i dagleglivet. Det er heilt uetisk etter mi meining, seier Stølen.

Derfor meiner han at det no er viktig å konsentrera seg om korleis det er mogleg å samarbeida på dette området.

– Dialog framfor konfronterande utsegn

Tidlegare denne månaden heldt statssekretær Eivind Vad Petterson ein digital tale til næringslivstoppane i Noreg om kva nye område som vert skilt ut som spesielt sårbare, og som regjeringa truleg vil føreslå må gå gjennom ein eksportkontroll. Då sa han også at av og til må sikkerheit koma før akademisk fridom.

Svein Stølen vil først og fremst ha ein dialog.

– Ei slik utsegn set det på spissen. Eg synest det er mykje meir interessant å diskutera kva dette betyr. Det er soleklart at om me jobba med forsvarsteknologi, så vil me ikkje jobba saman med kva land som helst. Om det er det han siktar til, er det ikkje problematisk. Då ligg det innanfor eit nødvendig regelverk. Dialog framfor altfor konfronterande utsegn vil eg gi som råd, seier Svein Stølen.

Han viser til at både UiO og andre europeiske universitet er opptekne av å samarbeida med afrikanske forskarar og institusjonar, sjølv om nokre av landa er lite demokratiske.

– Det går ikkje an å sjå ein annan veg og knebla det internasjonale samarbeidet. Sjå kva me har gjort med samarbeidet med dei afrikanske landa. Det er ikkje alle landa der som er demokratiske i grunnmuren. Om me skal møta berekraftsagendaen globalt, må me også byggja opp institusjonar i låginntektsland,

Hovudbeskjeden er at det internasjonale forskingssamarbeidet ikkje må kjølast ned, understrekar UiO-rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka.

VIKTIG Å SAMARBEIDA: – Det går ikkje an å sjå ein annan veg og knebla det internasjonale samarbeidet, meiner Svein Stølen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

• Les meir i Uniforum: 

PST om samarbeid med Kina og Russland: – Me skal ikkje leggja band på akademisk fridom

NTNU-ansatt tiltalt: – En misforståelse

Riksrevisjonen: – PST prioriterer forebygging innenfor akademia for lavt

To forskere siktet av PST og suspendert fra NTNU for mulig Iran-informasjon

Fagfeltene som alarmerer PST
Iranske stipendiater kastes ut

Agder-forskere vant mot PST

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, sikkerhet Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2022 14:52 - Sist endra 23. feb. 2022 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere