– Kjærleiken førte meg til Noreg etter at eg blei oppdaga på ein fransk vingard

Elizabeth Lanza (70) vart fødd inn i ein tospråkleg familie i USA, gifta seg med ein nordmann, fekk tospråklege barn, og blei sjølv professor i fleirspråklegheit på Universitetet i Oslo. Ved årsskiftet gjekk ho av som senterleiar for MultiLing.

Portrett av ei kvinne bak eit bord

TVERRFAGLEG TILNÆRMING: – MultiLing prøvar å dyrka ei tverrfagleg tilnærming til studiet av fleirspråklegheit. Det er interessant at me har bidratt til ei internasjonal tilnærming til forsking på fleirspråklegheit i Noreg, seier Elizabeth Lanza som nyleg gjekk som senterleiar etter åtte i stillinga. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Elizabeth Lanza er fødd i New Orleans, budde  i Marokko og i India som barn, og møtte den norske mannen sin i Frankrike der dei begge var studentar. No har ho budd i Noreg sidan 1976.

– Ja, det var kjærleiken til mannen min Bård som førte meg til Noreg. Han fortalde at han oppdaga meg under ein togtur i fjellgangane («les caves») på ein vingard i Champagne-distriktet i Frankrike på ei samling av Rotary-stipendiatar.  Der var det hundretusenar av flasker med champagne, men han hadde berre auga festa på Lanza, fortalde han under 70-årsmarkeringa mi i Vitskapsakademiet, gjenfortel ei lattermild Elizabeth Lanza.  

Elizabeth Lanza:

- fødd i 1951 i New Orleans, Lousiana i USA

- sidan 1980-talet har ho jobba som stipendiat, forskar og professor på UiO

- blei leiar for Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) på HF i 2013. 

Aktuelt: Gjekk av som senterleiar 31. desember for å bli professor emerita på senteret.

(Kjelder: Elizabeth Lanza og UiO) 

På den måten kan dei takka det franske vindistriktet Champagne for at dei blei eit ektepar.  Medan han som var statsvitar jobba i fleire tiår i Forsvarsdepartementet, blei lingvisten Elizabeth Lanza stipendiat, forskar og professor på Universitetet i Oslo.  – Og champagnen har enno ikkje slutte å sprudla mellom oss, smiler ho.

Elizabeth Lanza avsluttar ein åtte år lang periode som leiar for MultiLing, (Senter for fleirspråklegheit), eit senter for framifrå forsking på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Frå i år overlet ho stafettpinnen som senterdirektør til professor Unn Røyneland. Då skal ho sjølv halda fram som professor emerita til og med 2023.

Livet til Elizabeth Lanza tok til i 1951, då ho blei fødd i New Orleans i Louisiana med fransk mor og amerikansk far. Heilt frå starten av livet har ho dermed vore tospråkleg. Like etter at ho kom til verda, flytta familien til Marokko der familien til mora budde og blei der eit par år før familien flytta vidare til India.

Me møter henne rett før juleferien på eit ganske ryddig senterleiarkontor i Henrik Wergelands hus på Blindern.

­– Eg har enno ikkje fått rydda ut av kontoret, men planen er å gjera det i romjula, varslar ho.  

– Du har jo også budd i India. Korleis hamna du der?

– Det var på grunn av faren min som arbeidde på ei stor vasskraftutbygging. Seinare vende familien tilbake til USA, der ho begynte på fransk på universitetet i New Orleans.  

Forska på norsk-engelskspråklege småbarn i Oslo

Etter møtet med den komande ektemannen Bård i Frankrike, gjekk vegen til San Francisco der ho jobba i turistforeininga, men Bård klarte å overtala henne til å koma til Oslo i 1976. Etter fire år reiste dei til Washington DC der ho blei stipendiat på Georgetown University og tok PhD-utdanninga si. Seinare, i moden alder og to barn rikare, blei ho stipendiat i Norge i 1987, finansiert av Noregs allmenvitskaplege forskingsråd (NAVF), og skreiv ei doktoravhandling om tidleg tospråklegheit hos norsk-engelskspråklege småbarn i Oslo. Doktorgraden fekk ho i 1990 frå USA og Elizabeth Lanza fekk fast stilling på dåverande Lingvistisk institutt i 1995.  

– Det tok åtte år før eg blei tilsett i fast vitskapleg stilling på UiO, men eg klagar ikkje for det har tatt mykje lenger tid for mange andre, seier ho. 

– Eg var heldig

På midten av 1970-talet og 1980-talet var det heller få vitskaplege tilsette med internasjonal bakgrunn på UiO.

– Det var få ledige stillingar på den tida, og der kom eg som ein utanlandsk konkurrent. Men eg var heldig for eg kom til eit fantastisk miljø på lingvistikk med Even Hovdhaugen i spissen. Eg følte han tok meg under vengene sine saman med Inger Moen, som var med på å byggja opp den første organiserte forskarutdanninga i lingvistikk ved UiO på slutten av 1980-tallet. Samtidig fekk eg godt rom til å utvikla meg, synest ho.

Det faktum at ho begynte å forska på fleirspråklegheit, var nok til stor hjelp er Lanza overtydd om.

– For fram til då var det stort sett norsk som andrespråk det var blitt forska på. Då eg begynte med det i Noreg var det heller lite migrasjon samanlikna med i dag. Og dei gongene eg var på konferansar var alltid fleirspråklegheit sett opp på slutten av programmet. No er derimot fleirspråklegheit i sentrum på mange fagfelt, og eg synest det har vore fantastisk å vera med på denne reisa og byggja opp dette senteret saman med eit fantastisk team. MultiLing har faktisk blitt ei merkevare som er blitt synleg i internasjonal forsking, høyrer eg stadig frå mine fagfeller i utlandet. Så det er svært inspirerande å høyra at me har hatt “impact” (påverknad) på konferansar og har bidratt i den internasjonale forskingsfronten, seier ho svært stolt. 

– Me har sett Noreg på kartet

 Elizabeth Lanza blir aldri trøytt av å snakka om senteret.

– Det som er unikt med MultiLing er at me har bringa saman forskarar frå forskjellige fagfelt med ulike tilnærmingar, frå språkpsykologiske til språksosiologiske. Det er folk som vanlegvis ikkje jobbar så veldig tett saman. MultiLing prøvar å dyrka ei tverrfagleg tilnærming til studiet av fleirspråklegheit. Det er interessant at me har bidratt til ei internasjonal tilnærming til forsking på fleirspråklegheit i Noreg. Samstundes trur eg trur at eg trygt kan seia at me har sett Noreg på kartet i den internasjonale forskingsfronten når det gjeld studiet av fleirspråklegheit, understrekar ho.  

Elizabeth Lanza trekkjer fram INTPART-samarbeidet med fire toppuniversitet i Sør Afrika (University of Cape Town, Stellenbosch University, University of the Western Cape, University of the Witwatersrand) og Georgetown University i USA som ein faktor som har bidratt til å forsterka den internasjonale profilen til senteret.

– Har klart å etablera fleirspråklegheit som eigen disiplin

Elizabeth Lanza hadde ikkje trudd at eit senter som begynte med 17 medarbeidarar for åtte år sidan, skulle ha enda opp i rundt 50 tilsette i dag. 

 – Det er hyggeleg for det er også mange stipendiatar blant dei. Dermed har me ikkje berre hjelpt til med å setja dagsordenen på den internasjonale forskingsfronten, men også sørgja for forskarutdanning og vidareutdanning av den neste generasjonen forskarar, understrekar ho. 

– Og eg kan stolt seia at me har klart å få etablert fleirspråklegheit som ein eigen disiplin på instituttet. Kravet er at det må vera fire fast tilsette forskarar, og det har me no, legg Elizabeth Lanza til.  

For to år sidan var ho fortvila fordi då måtte desse planane leggjast på is, men til slutt kom finansieringa på plass, og dermed har dei fått den stillinga senteret mangla for å kunna få etablert fleirspråklegheit som eit eige fag på instituttet. Og hausten 2022 skal dei også lansera det internasjonale masterprogrammet i fleirspråklegheit.

– Det er gøy, utbryt ho.

 – Du har vore senterleiar i åtte år. Og kva er det mest banebrytande forskingsfunnet de har gjort på denne tida?

 – Det er vanskeleg å samanlikna med medisin og andre fagfelt der det er enklare å seia at me har laga den vaksinen eller oppdaga det genet, men me har bidratt til ei langt betre forståing av kva det å vera fleirspråkleg betyr for individet og samfunnet – både når det gjeld moglegheiter og utfordringar. Eit godt døme er frå det fullførte NFR-prosjektet Flerspråklig demens som tok den tverrfaglige tilnærminga eg snakka om – eit samarbeid mellom språkforskarar, medisinarar, psykologar og hjerneforskarar – for å søkja å forstå dei språklege, kognitive og sosiale effektane av demens hos fleirspråklege eldre i Noreg. Resultata viste at det ikkje nødvendigvis er ein samanheng mellom kor godt personane gjer det i testane og kor flinke dei er til å kommunisera. I samtalar kan dei eldre dra nytte av sin fleirspråklege kompetanse ved å bruka ord frå fleire språk for å kommunisera. Dette er viktige resultat også med tanke på diagnostikk og behandling, synest Lanza.

– Me har også skaffa meir kunnskap om den fleirspråklege dynamikken på arbeidsplassen.  Det er fleire forskarar som no har bidratt med eit prosjekt om polakkar som arbeider i Noreg. I tillegg har me også kome med bidrag om språkpolitikk og om korleis ideologiar kan påverka språkbruken hos individet og i samfunnet, listar ho opp.

GØY: – Det er gøy, seier Elisabeth Lanza om at MultiLing har fått etablert fleirspråklegheit som ein eigen disiplin på instituttet, samtidig som det skal etablerast eit eige internasjonalt masterprogram i fleirspråklegheit. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Har forska på språkbruk i familien

Sjølv har Elizabeth Lanza sett på språk i nære relasjonar. 

– Ja, eg har forska på språkbruk i familien. Eg har sett på kva faktorar i familien som gjer at barnet lærar heimespråket, samtidig som dei lærer norsk. Det har ikkje berre noko å gjera med barnet og individuelle aspekt, men også med korleis foreldre eller dei som bur i den same heimen som barnet interagerer med barnet, korleis dei brukar det eine eller det andre språket og den overordna verdien språket elles har i samfunnet. Det finst nokre heimar der det er forbode å snakka eit bestemt språk som kanskje er forbunde med noko negativt i deira liv eller som mange oppfattar som negativt i storsamfunnet. Eit anna interessant område er korleis diskursen i samfunnet påverkar bruken av ulike språk i heimen. I 2015 begynte politikarar å snakka om at ein ikkje burde snakka heimespråket eller innvandrarspråket i heimen. Alle burde snakka norsk heime, var det synet som vart fremja av fleire politikarar.

– I dag er det mange heimar der foreldrepar anten har norsk eller eit anna språk som morsmål. Bør foreldra då snakka til barna på sitt eige morsmål?

– Eg vil ikkje gi noko generelt råd, men å snakka to språk eller fleire i heimen, er ikkje eit problem i seg sjølv. Sjølv kjenner eg til tilfelle, der det blir snakka opp til fire språk i ein familie.

– Snakka berre fransk til eg var fire

– Sjølv vaks du opp i New Orleans med fransk mor og amerikansk far. Kva språk snakka dei heime hos dykk?

– Me flytta altså då eg var liten til Marokko, og familien har fortalt meg at eg berre snakka fransk til eg var fire år. Men eg kunne forstå engelsk, sidan faren min ikkje var særleg stiv i fransk. Då me flytta tilbake til USA, gjekk fransk etter kort tid i gløymeboka. Samfunnet forventa at alle skulle snakka engelsk i USA. Så i byrjinga brukte eg storebroren min som tolk. Det er slikt som ofte skjer, og eg gløymde raskt fransken. Men då eg begynte på universitetet, blei eg interessert i fransk, og eg hadde ein fransk lærar, som tok seg spesielt godt av meg for han meinte at eg hadde ein god aksent, som ikkje var så veldig alminneleg for amerikanske studentar. Så fekk eg stipend for å studera i Frankrike. Og der møtte eg også min norske mann, ler ho.

– Etiopia har fått ein spesiell plass i hjartet mitt

Som språkforskar har Elizabeth Lanza også reist mykje til Etiopia, eit land med over 80 ulike språk. 

– Ja, det skjedde litt tilfeldig, kanskje først og fremst takka vera Kjell Magne Yri, ein tidlegare kollega på instituttet. Han hadde søkt om pengar frå NORAD til eit prosjekt i Etiopia. Han var tidlegare misjonær som hadde drive med bibelomsetjing i landet. Derfor kjente han etiopiske språk svært godt. Og på grunn av den nye politikken med etnisk føderalisme skulle kvar region få dyrka sitt språk og sin kultur også i skulen. Dermed var det behov for å utvikla grammatikkar for kvart av språka. Slik sett var det også behov for å ha ein sosiolingvist som kunne driva med intervju og kartlegging av sosiale forhold i samanheng med språkbruken, hugsar ho.  

– Då blei eg invitert til å bli med. Det var for 20 år sidan. Det var kjærleik ved første blikk, avslører ho. 

– Det var fantastisk og Etiopia har fått ein spesiell plass i hjartet mitt, seier ho med innleving.

I ein lang periode drog ho dit opptil fire gonger i året. 

Ein gong var eg på universitetet der, og då var det ein demonstrasjon der folk gjekk med plakatar som sa at å velja alfabet er ein menneskerett. Slik ser ein korleis sosiale forhold påverkar språkbruken, konstaterer ho. 

MINISTER: – Sist gong me var i Etiopia, Unn og eg, blei me tatt imot i audiens av Hirut (Woldemariam) i Addis Abeba. Då var ho nemleg blitt forskings- og høgare utdanningsminister, fortel Elizabeth Lanza. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Venninna blei minister

Elizabeth Lanza blei også kjent med ein person som ho framleis har eit godt vennskap med.

 – Ja, eg møtte språkforskaren Hirut Woldemariam for første gong rett etter at ho kom tilbake etter avlagt doktorgrad i Köln i Tyskland. Og grunnen til at me fekk til eit godt samarbeid, var at me begge var opptekne av at desse regionspråka fekk skriftformer, noko dei ikkje hadde hatt før. I kva grad andre språk enn hovudspråket amharisk var synlege i det offentlege rommet, var også viktig. Spørsmålet om kva alfabet ein skulle bruka var eit betent tema. Du har dei regionane som brukar amharisk og dei semittiske språka som brukar skriftspråket fidel, samtidig som den største regionen Oromo valde å bruka det latinske alfabetet, også fordi dei ynskte å ha avstand til alt som er amharisk. Ein gong var eg på universitetet der, og då var det ein demonstrasjon der folk gjekk med plakatar som sa at å velja alfabet er ein menneskerett. Slik ser ein korleis sosiale forhold påverkar språkbruken, konstaterer ho. 

– På den tida og åra etterpå skreiv Hirut og eg fleire vitskaplege artiklar saman om språksosiologiske forhold i landet saman. Det blei etablert eit veldig godt språkforskingsmiljø i Etiopia. Seinare skaffa også vår kjære, no avdøde Janne Bondi Johannessen pengar til eit forskingsprosjekt vigd til lingvistisk kapasitetsbygging i Etopia. Også då fekk eg dra til landet saman med Unn Røyneland og Jan Svennevig. Sist gong me var i Etiopia, Unn og eg, blei me tatt imot i audiens av Hirut (Woldemariam) i Addis Abeba. Då var ho nemleg blitt forskings- og høgare utdanningsminister, fortel ho. 

 I 2019 blei Hirut Woldemariam også utnemnt til æresdoktor ved UiO.  Og etter at krigshandlingane blussa opp i Etiopia hausten 2020, har ho vald å trekkja seg ut av regjeringa og gått tilbake til akademia.

  – Det er eg glad for, seier Elizabeth Lanza.

Snakkar norsk og engelsk i familien

Lingvisten Elizabeth Lanza er gift med ein norsk mann og har to felles barn i Oslo. Det ber også samtalen i familien preg av.

MÅ VENTA: – Mannen min som spurde om eg ville bli pensjonist då eg blei 67, må nok venta nokre år til, konstaterer Elizabeth Lanza. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Eg snakkar engelsk med barna mine og mannen min, medan mannen min snakkar norsk med dei. Den eldste sonen vår var tre år då me drog på eit forskingsopphald til USA. Då me kom tilbake tre år seinare, forstod han norsk i universitetsbarnehagen, men han klarte ikkje å snakka det. Men seks veker etter tilbakekomsten snakka han flytande norsk. Då me var på Kennedyflyplassen i New York rett før avreise heim til Oslo, høyrde han mange personar som snakka norsk. Då sa han til meg at han forstod alt som blei sagt, men munnen hans klarte ikkje å laga dei lydane.  Var ikkje det morosamt sagt? Dottera mi gjekk på ein engelskspråkleg skule i Brussel, før ho fekk stipend som student –  først på University of Cape Town og så på London School of Economics.  Ho skriv nok aller best på engelsk. 

– Ingen av barna dykkar har blitt lingvistar?

– Nei, dei er ikkje frista av lønna i det offentlege, seier dei. Derfor har dei arbeidd i privat sektor, men dei brukar båe norsk og engelsk i det daglege.

 Elizabeth Lanza vil som syttiåring halda fram med å jobba på UiO som professor emerita.

– Ja, eg skal via meg heilt til forskinga. Det er fleire ting eg skal jobba med, mellom anna eit par bokprosjekt.  Eg har hatt det kjempefint som senterleiar, men no vert det færre møte, og dermed meir tid til andre ting.  Det gler eg meg til, saman med at eg får vera meir saman med barnebarna, seier Elizabeth Lanza.  

– Mannen min som spurde om eg ville bli pensjonist då eg blei 67, må nok venta nokre år til, slår ho fast med ein klingande latter.

Emneord: Lingvistikk, Språk, HF Av Martin Toft
Publisert 6. jan. 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere