UiO vedtok å betala moms for Klimahuset

Staten får 18,1 millionar kroner inn i meirverdiavgift for Klimahuset ved Naturhistorisk museum Det er klart etter at Universitetsstyret i dag vedtok dette. 

Ein bygning i Botanisk hage

MOMS: UiO betalar no 18,1 millionar kroner i moms til staten for Klimahuset. Grunnen er at det skulle byggjast som utstllingslokale, men blir også brukt som seminarrom for Naturhistorisk museum. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetet i Oslo vil likevel  betala meirverdiavgift (mva) for Klimahuset. UiO fekk først momsfritak for bygginga av Klimahuset fordi det skulle vera eit utstillingslokale. No viser det seg at Klimahuset også kan gi Naturhistorisk museum sårt tiltrengde seminarrom.

– Kunne risikert straffeskatt

Men sidan det ikkje er momsfritak for å byggja eit bygg med det formålet, har UiO vald å betala inn til saman 18,1 millionar kroner i moms til staten.  

– Om me ikkje hadde gjort dette, kunne me risikert å få ein straffeskatt frå staten, forklarte universitetsdirektør Arne Benjaminsen på møtet i Universitetsstyret i dag.

Eigedomsdirektør John Skogen synest også det var greitt å gjera det på den måten. 

– I utgangspunktet visste me ikkje at det låg slike avgrensingar på bruken. Det er betre å gjera det på denne måten, slik at me slepp å måtta leggja inn seminarrom i dei snart ferdigrehabiliterte museumsbygningane, sa John Skogen. 

– Dette er heilt greitt og kurant, sa styremedlem Olav Gjelsvik. 

Gåver finansierer momsen

Meirverdigavgifta som skal inn i statskassa skal finansierast med 6,8 millionar kroner frå gåvene til Klimahuset, hovudsakleg frå Umoe AS og Jens Ulltveit-Moe. Dei midlane som er igjen på posten «Andre lokaler Tøyen» på 11,3 millionar bidrar med resten. Universitetsstyret vedtok forslaget frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen. 

Emneord: Klimahuset, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2020 16:03 - Sist endra 8. des. 2020 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere