UiO og musikarane er i dialog om bruken av Aulaen

Det vert jobba med å få til ei løysing mellom musikarar som brukar Aulaen og UiO. – Me er i god dialog med rektoratet, seier direktør Per Erik Kise Larsen i Det Norske Kammerorkester.

Eit kor står på ei scene i Aulaen

NYE MODELLAR: Musikarorganisasjonane er blitt bedne av UiO om å leggja fram nye modellar for korleis Aulaen skal driftast som konsert- og kulturarena.  På dette biletet syng UiOs blandakor Akademisk korforening, som er eit av dei faste kora som syng på faste arrangement i Aulaen, (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Det var den 30. juli Uniforum skreiv at det var full krise i forholdet mellom musikarane som brukar Aulaen og Universitetet i Oslo. Grunnen var at dei alle hadde fått beskjed på epost frå UiO om at den avtalen dei hadde om bruk av Aulaen ville gå ut i løpet av 2020. 

Eposten var ført i pennen av assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, og den fekk sentrale kulturaktørar til å kritisera UiOs behandling av fleire av dei som i dag er med på å fylla Universitetets aula med musikk, både gjennom faste konsertar og under festivalar. Dei sørga for at saka først blei kjent gjennom  Nyhendemorgon i NRK P2 dagen før oppslaget i Uniforum. 

– Vanskeleg å skjøna

Ein av dei som gjekk hardast ut var den tidlegare kulturrådgjevaren ved UiO, Gjøril Songvoll, som også er leiar for Oslo operafestival.

– Leiinga ved UiO må finna nokon som kan drifta ein kulturarena som Universitetets aula. Tre forskjellige direktørar i Eigedomsdavdelinga har vore med på dette. Skal dette vera ein lokal konsertarena for UiO eller ein offisiell nasjonal kulturarena? For oss er det vanskeleg å skjøna at den berre er open to gonger i veka, også med tanke på at Aulaen husar ei av Noregs største samlingar av Munch-måleri, konstaterte ho overfor Uniforum.

I eit debattinnlegg som først blei publisert i Dagsavisen gjekk både festivalsjef for Oslo kammermusikkfestival, Kristin Slørdal, direktør for Det Norske Kammerorkester, Per Erik Kise Larsen, direktør Ingrid Røynesdal i Oslofilharmonien og festivalsjef Øyvind S. Larsen i Oslo jazzfestival hardt ut i kritikken mot UiOs behandling av samarbeidspartnarane sine. UiO-rektor Svein Stølen gav dei medhald i at eposten fekk ein litt uheldig ordlyd. – Det beklagar me, sa han til Uniforum.

– Har lagt fram forslag til nye modellar

Bodskapen i eposten er likevel ikkje blitt endra. Den gjeldande avtalen om bruk av Aulaen går ut til nyttår.

Derfor har musikkorganisasjonane og UiO hatt fleire møte for å finna fram til ein ny avtale om bruk av Aulaen.

Direktør Per Erik Kise Larsen gjekk hardt ut UiO etter at eposten med oppseiinga kom like før sommarferien. No har han vore i fleire møte med mellom andre rektor Svein Stølen.

– Me har vore i god dialog med rektoratet. Og me har lagt fram forslag til nye modellar etter at Svein Stølen gjorde det klart for oss at UiO ikkje skal drifta Aulaen som konsertsal, fortel han.

– Er løysingsorienterte

Ein av modellane går ut på at alle dei eksterne brukarane av Aulaen går saman for å stifta ei felles juridisk eining som kan forhandla med UiO.

– Då kan me i fellesskap få til ein ny driftsmodell for Aulaen, seier Per Erik Kise Larsen til Uniforum. Det viktigaste punktet dei må forhandla om er økonomien.

No har han likevel tru på at det vil vera mogleg å koma fram til ein endeleg avtale med UiO.

– Mitt inntrykk er at rektoratet og Svein Stølen er løysingsorienterte og at me vil koma i mål,

– Har utfordra dei til å koma med idear

Rektor Svein Stølen stadfestar overfor Uniforum at rektoratet har vore i møte med dei som har konsertar og muskkøvingar i Aulaen.

– Dei var ikkje heilt nøgde med det me kunne tilby dei. For UiO har- ikkje konsertdrift som hovudaktivitet. Derfor har eg utfordra dei til å koma med idear til korleis me kan gjera det. Det må vera profesjonelt, seier Svein Stølen.

– Ein del av ein større heilskap

Han stadfestar opplysninga frå Per Erik Kise Larsen om at han bad dei om å leggja fleire moglege modellar på bordet.

– Me har også gitt dei ein del ekstra tid. Eg er opptatt av at me står saman som aktørar, understrekar han.

– Me er opptatt av at dette er ein del av ein større heilskap i Aulaen og for UiO i sentrum, og at me sjølvsagt skal sikra interessene våre i og for denne heilskapen, godt, legg UiO-rektoren til.

Og Svein Stølen vil gjerne koma i mål med ein avtale med desse musikkorganisasjonane.

– Det som er viktig er å få eit opplegg som sikrar Aulaen som god konsertarena både for musikarar, for UiO og for samfunnet, er ynsket frå Svein Stølen.

 

 

Emneord: Universitetets Aula, Kultur, Musikk Av Martin Toft
Publisert 11. nov. 2020 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere