UiO får kritikk for oppseiing av avtale om Universitetets aula

UiO har sendt ei melding med oppseiing av avtalen med samarbeidspartnarane sine om konsertar i Universitetets aula. Det får sentrale aktørar i norsk musikkliv til å reagera. – Me sende ut ein litt uklar epost. Det beklagar me, seier rektor Svein Stølen.

KRITIKK: Musikarar og komponistar får fortent hyllest etter framføringa av ny musikk til 100 år gamle Munch-måleri i Universitetets aula 19. september 2016. No kritiserer representantar for norsk musikkliv at UiO har sagt opp avtalen med samarbeidspartnarane sine om Aulaen. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Den 26. juni fekk fleire av brukarane av Universitetets aula ein epost frå Universitetet i Oslo om at samarbeidsavtalen med dei var gått ut, og at kvar samarbeidspartnar måtte inngå eigne avtalar med UiO vurdert etter kvaliteten på tilbodet dei kan koma med.

Eposten frå assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen:

“Vi har hatt en gjennomgang av rutiner i Aulaen, og det er gjort noen justeringer. For det først har vi justert prisene noe, de har vært uendret i flere år. Nye leiepriser legges ut i løpet av sommeren. Så har vi besluttet å avslutte avtalene vi har med samarbeidspartnerne, dvs dere. Vi vil fremover ikke ha slike avtaler, men aktører som holder et høyt kunstnerisk nivå og som passer med Aulaens profil vil kunne tilbys en noe redusert pris etter en vurdering”

 

Eposten var ført i pennen av assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, og den får no sentrale kulturaktørar til å kritisera UiOs behandling av fleire av dei som i dag er med på å fylla Universitetets aula med musikk, både gjennom faste konsertar og under festivalar. Saka blei først kjent gjennom Nyhendemorgon i NRK P2 i går.

I eit debattinnlegg har både festivalsjef for Oslo kammermusikkfestival, Kristin Slørdal, direktør for Det Norske Kammerorkester, Per Erik Kise Larsen, direktør Ingrid Røynesdal i Oslofilharmonien og festivalsjef Øyvind S. Larsen i Oslo jazzfestival gått hardt ut i kritikken mot UiOs behandling av samarbeidspartnarane sine.

I innlegget går det fram at mykje står på spel både for musikklivet og for UiO om dei ikkje får halda fram med konsertar i Aulaen slik dei har gjort fram til no.

“UiO er en vesentlig samfunnsaktør og bærebjelke der vektleggingen av de humanistiske fag danner grunnlag for balansen mellom børs og katedral. I dette bildet er musikken, og med det konsertene i Aulaen, en liten, men like fullt viktig brikke i det vi oppfatter som selve samfunnsoppdraget til Universitetet. Fjernes vår virksomhet, fjerner UiO samtidig en liten del av begrunnelsen for sin egen eksistens”, heiter det i lesarbrevet som er publisert i Dagsavisen.

– Dropen som får begeret til å renna over

Ei av dei som reagerer er tidlegare kulturrådgjevar ved UiO, Gjøril Songvoll. Ho er også leiar for Oslo operavestival og har også skrive under på debattinnlegget.

– Dette er den berømte dropen som får begeret til å renna over. Eg gjorde desse avtalane då eg var kulturrådgjevar ved UiO. Grunnen til at samarbeidspartnarane reagerer denne gongen er at dei blir behandla på ein dårleg måte. Dei betalar dyrt for desse lokala.. Då reknar ein med å få ein del service. Eposten frå assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen set ikkje berre punktum for avtalen. Den er formulert på ein respektlaus måte, tykkjer ho.

Det fekk ein av dei som fekk eposten til å kasta seg rundt.

– Ja, Per Erik Kise Larsen, leiar for Det Norske Kammerorkester reagerte og tok kontakt med alle dei andre som hadde fått eposten. Han skreiv straks eit debattinnlegg, og det er berre representantar for Kringkastingsorkesteret og Sølvguttene som ikkje har skrive under, seier ho.

Ei kvinne står utanfor Universitetets aula og syng
KRITISERER OPPSEIING AV AVTALE: – Leiinga ved UiO må finna nokon som kan drifta ein kulturarena som Universitetets aula, meiner tidlegare kulturrådgjevar ved UiO, Gjøril Songvoll.  Som leiar for Oslo operafestival har ho skrive under på eit brev der sentrale kulturaktørar i Oslo kritiserer at UiO har sagt opp ein avtale med samarbeidspartnarane sine om Aulaen. (Arkivfoto: Ola Sæther) 

– Burde gått i dialog

 Gjøril Songvoll har ingenting imot å få til ein samtale med UiO om dette.

– Me burde absolutt gått i dialog. Det har me gjort sidan 2011. Ole Petter Ottersen ville ha eit eige programråd for Aulaen. Dei klarte å tilsetja aulavertar, men dei jobbar mest som vakter , og dei fleste har slutta igjen. Dei som jobbar i Aulaen til dagleg, gjer ein veldig bra jobb.  Og tidlegare rektor Ole Petter Ottersen var svært positiv til Ung i Aulaen. Eg trur dagens rektor Svein Stølen også er positiv. Etter mi meining bør ansvaret for Aulaen leggjast til rektoratet og ikkje til den administrative leiinga.

– Som lyn frå klar himmel

– Har de høyrt noko meir frå UiO?

– Nei, det har me ikkje. Eposten kom som lyn frå klar himmel.Varselet i desember 2019 sa ingenting om at avtalen ikkje blir fornya, understrekar ho.

Den tidlegare kulturrådgjevaren ved UiO lurer også på om Universitetsstyret er klar over at ho og hennar medarbeidarar heilt sidan 2011 har prøvd å få til noko ordentleg organisering av konsertane i Aulaen.

– Leiinga ved UiO må finna nokon som kan drifta ein kulturarena som Universitetets aula. Tre forskjellige direktørar i Eigedomsdavdelinga har vore med på dette. Skal dette vera ein lokal konsertarena for UiO eller ein offisiell nasjonal kulturarena? For oss er det vanskeleg å skjøna at den berre er open to gonger i veka, også med tanke på at Aulaen husar ei av Noregs største samlingar av Munch-måleri, konstaterer ho.

Meiner UiO tener pengar på utleige

Gjøril Songvoll forstår heller ikkje korleis det er mogleg ikkje å tena pengar på konsertverksemda i Aulaen.

– Aulaen må vedlikehaldast uansett om det er konsertar der eller ikkje. Meirdrifta som er konsertar er jo lønnsam. Dei leiger ut til samarbeidspartnarane. Og det tener UiO på. Det som kostar er vakt og reinhald, noko som utgjer mellom 9000 og 12 000 kroner, i fylgje Eigedomsavdelinga sjølv. Leigetakarane betalar frå 18 000 og oppover. Det kan vera at eg ikkje skjønar det. For meg er dei ei inntekt på 8000 kroner, slår ho fast.

– Har de ikkje forståing for at UiO sjølv vil vurdera kven som kan ha konsertar i Aulaen?

– Jau, men det var en av grunnane til at me knytte til oss nokre av dei beste aktørane innan kulturlivet i Oslo. Nettopp fordi me ynskte å vera sikre på at konsertar som vert haldne i Aulaen held høg kvalitet. Kven som skal vurdera kvaliteten på konsertar i administrasjonen ved UiO no, veit ikkje eg.

– Problemet er den administrative leiinga

I forfjor slutta ho som kulturrådgjevar ved UiO. Og ho legg ikkje skjul på kvifor ho gjorde det.

– Den dårlege organiseringa av konsertverksemda i Aulaen, var ein av grunnane til at eg slutta på UiO. Problemet er den administrative leiinga ved UiO, ikkje rektoratet og ikkje dei som arbeider i Aulaen, understrekar ho.

Stølen beklagar uklar epost

Rektor Svein Stølen seier seg lei for at ein uklar bodskap i ein epost har fått eit svar gjennom store overskrifter i media. Dermed måtte han delta i debatt i Dagsnytt Atten og svara på oppslag i Aftenposten.

– Eg trur det klokaste er å sjå framover. Me sende ut ein litt uklar epost. Det beklagar me. Svaret kom med store overskrifter i NRK og Aftenposten. Det tar me til vitande. Her er det mykje å læra om godt samspel, konstaterer han i ein epost som han har sendt til Uniforum frå ferieopphaldet i Jostedalen i Sogn.

– Lat det ikkje vera noko tvil. Kultur er viktig for UiO. Me er ein av Noregs viktigaste kulturformidlarar med sterke museum som Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum, Baroniet Rosendal og dei fantastiske bygningane våre.Me har sjølve vårt eige symfoniorkester, me har verdas beste kvinnekor; Kvindelige studenters Sangforening, og Den Norske Studentersangforening for å nemna to av flerie sterke kor, understrekar han overfor Uniforum. 

Rektor Svein Stølen i Universitetets aula med prorektor Gro Bjørnerud Mo delvis skjult
LÆRDOM: – Me tar lærdom av denne erfaringa og vil jobba vidare med våre gode samarbeidspartnarar for å finna løysingar basert på gjensidig forståing og respekt, seier rektor Svein Stølen. Fleire aktørar i norsk musikkliv kritiserer UiO for å ha sagt opp avtalen med samarbeidpartnarane sine om Universitets aula.  På biletet deltar Svein Stølen på sin første årsfest som rektor. Delvis skjult står prorektor Gro Bjørnerud Mo. (Arkivfoto: Ola Sæther) 

– Me kan forsikra alle om at inngåtte avtalar er gyldige

No tar han på vegner av UiO altså sjølvkritikk på kommunikasjonen med dei kulturelle samarbeidspartnarane om Aulaen.

– Universitetets aula skal framleis vera ein viktig arena for konsertar og kultur. Me ser me kunne ha vore endå tydelegare i kommunikasjonen vår, men koronoasituasjonen har gjort planlegging utfordrande for både arrangør og leigetakar. Me kan forsikra alle om at allereie inngåtte avtalar er gyldige, samtidig som me respekterer at smittevernreglane gjer at nokre har sett seg nøyde til å velja andre lokale. Me tar lærdom av denne erfaringa og vil jobba vidare med våre gode samarbeidspartnarar for å finna løysingar basert på gjensidig forståing og respekt. Her er ei rimeleg likebehandling av dei ulike kulturaktørane sjølvsagt viktig, understrekar Svein Stølen.

Han peikar på at Aulaen er UiOs storstove med fleire opne arrangement, som til dømes Nobel Peace Prize Forum, i tillegg til mange andre opne foredrag, seremoniar, prisutdelingar og diskusjonsmøte, noko som er heilt i samsvar med det regjeringa meinte den skulle brukast til då den finansierte den til UiOs 100-årsjubileum i 1911.

Aulaen er heilt vesentleg for UiO

– Aulaen er heilt vesentleg for Noregs eldste og fremste universitet. Men me vil gjerne at den også vert brukt av eksterne aktørar innan kultur og musikk. Gjerne i større grad, men basert på sunne økonomiske modellar, synest Svein Stølen.

No ser han og heile universitetssamfunnet fram til nye og flotte konsertar i Aulaen komande haust og i åra som kjem.

– Det er førebels eit program med 20 konsertar komande haust. 15 er avlyste då smitteomsyn gir færre tilhøyrarar enn våre eksterne samarbeidspartnarar finn akseptabelt, konstaterer han.

Emneord: Universitetets Aula, Kultur., konsert Av Martin Toft
Publisert 30. juli 2020 00:25 - Sist endra 30. juli 2020 00:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere