Dag Rune Olsen vil bli ny administrerande direktør for Forskingsrådet

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen siktar seg inn mot å bli ny administrerande direktør for Noregs forskingsråd.  Han er ein av dei 16 som hadde søkt jobben då fristen gjekk ut den 23. november. 

Ein mann med dress og slips og briller i Stortinget

HAR SØKT NY JOBB: UiB-rektor Dag Rune Olsen er blant søkjarane til den ledige jobben som administrerande direktør for Noregs forskingsråd

Foto: Martin Toft

Tidlegare i haust blei det klart at John-Arne Røttingen ville gå av som administrerande direktør for Forskingsrådet etter at regjeringa hadde tilsett han i ein jobb som ambassadør for global helse.  Den ledige stillinga blei lyst ut kort tid seinare med søknadsfrist 23. november.

No er søkjarlista klar, og den viser altså at dagens rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen er blant  dei 16 søkjarane. Det er også prorektor for forsking og utvikling ved Universitetet i Tromsø, Kenneth Ruud.  Han har tidlegare også gjort det klart at han ville søkja. Så det er ikkje overraskande at han er blant søkjarane. 

Dag Rune Olsen som går av som rektor på Universitetet i Bergen neste år etter to valperiodar, har tidlegare søkt stillinga som rektor ved NTNU. Då måtte han gi tapt overfor fungerande rektor Anne Borg, som til slutt blei tilsett i stillinga.

Og det er nettopp jakta på ny jobb som er ein viktig motivasjon for at Dag Rune Olsen søkjer. 

– Bakgrunnen for at eg søkjer, er at min andre og siste åremålsstilling som rektor ved UiB går mot slutten. Eg ser meg derfor om etter neste fase av mitt yrkesliv, gir Dag Rune Olsen uttrykk for i ein epost til Uniforum. 

– Spennande organisasjon

Samtidig peikar han på at Forskingsrådet er ein arbeidsplass som har store og viktige samfunnsoppgåver. 

– Forskingsrådet er ein svært spennande organisasjon, med dyktige medarbeidarar og med eit stadig viktigare samfunnsmandat. Ny strategi skal ivareta samfunnet sitt behov for grunnleggjande, langsiktig forsking, forsking for dei store og samansette samfunnsutfordringane, radikal og disruptiv (banebrytande/red.merknad) innovasjon, skal sikra framtidig verdiskaping og dermed velferd og bidra til berekraftige løysingar. Dette er oppgåver og mål som ein som ny leiar for Forskingsrådet vil gå til med audmjukne, entusiasme og respekt, understrekar han overfor Uniforum. 

– Stusseleg

Men om han får jobben, tykkjer han det vil vera trist å dra frå Bergen. 

– Og naturlegvis blir det stusseleg å forlata Bergen dersom neste arbeidsplass viser seg å bli ein heilt annan stad! slår han fast. 

– Unik og motiverande oppgåve

Prorektor Kenneth Ruud er ein av favorittane til å bli den første tilsette rektoren ved Universitetet i Tromsø.  

 Ruud er full av lovord om Forskingsrådet som han også sjølv har nytt godt av.

– Eg meiner Forskingsrådet er ei svært spennande og viktig organisasjon som spelar ei heilt sentral rolle i det norske forskingslandskapet. Eg har sjølv nytt stor glede av Forskingsrådets verkemiddel for å utvikla eigen forskingskarriere, og det å skulle få lov til å bidra til at andre norske forskarar får gode moglegheiter til å utvikla forskinga si og til å utvikla norsk forsking både innanfor UH-, institutt- og næringslivssektoren, ser eg på som ei unik og motiverande oppgåve, uttrykkjer han overfor Uniforum i ein epost.

VIL BLI SJEF FOR FORSKINGSRÅDET: Prorektor Kenneth Ruud har søkt stillinga som administrerande direktør for Forskingsrådet.  – Eg har sjølv nytt stor glede av Forskingsrådets verkemiddel for å utvikla eigen forskingskarriere, seier han. (Foto: Universitetet i Tromsø)

– Kjenner relativt godt til organisasjonen

Sjølv er Kenneth Ruud overtydd om at bakgrunnen hans vil vera svært relevant i ei stilling som administrerande direktør for Forskingsrådet.

– Eg meiner at mi lange erfaring med å kombinera ein aktiv forskingskarriere i den internasjonale forskingsfronten i kombinasjon med lang erfaring i forskingsleiing og forskingspolitiske spørsmål, både nasjonalt og internasjonalt, vil vera ein relevant bakgrunn. Gjennom arbeidet som prorektor og i rolla som leiar av UHR Forsking har eg også opparbeidd ein god oversikt over både instituttsektoren og forskingsbasert innovasjon, og gjennom mange roller i styresystemet i Forskingsrådet på ulike nivå, så kjenner eg relativt godt til organisasjonen og oppgåvene den har, tykkjer han.  

– Trist

Kenneth Ruud legg heller ikkje skjul på at han vil bli lei seg for å måtta dra frå Universitetet i Tromsø, om han skulle få jobben.

– Det vil sjølvsagt vera trist å forlata UiT, skulle eg få jobben. Ikkje minst vil det bli litt vemodig å forlata den aktive forskinga, eg har fortsatt mange forskingsspørsmål eg gjerne skulle sett nærmare på. Samtidig har eg gjennom 8 år som prorektor kome lenger frå den aktive forskinga, slik at overgangen nok ikkje blir så veldig brå, trur han.

Av dei 16 søkjarane, har ein søkjar trekt seg, medan det er fem søkjarar som ikkje  vil ha namnet sitt offentleggjort. Blant dei er det to kvinner.  Dei er også dei einaste kvinnene som har søkt den ledige stillinga som administrerande direktør for Forskingsrådet. 

(Saka er oppdatert med kommentar frå UiB-rektor Dag Rune Olsen, kl 14:38 og frå prorektor ved UiT Kenneth Ruud kl. 16:40)

Dette er heile søkarlista: 

 

Emneord: Forskningspolitikk, forskningsrådet Av Martin Toft
Publisert 27. nov. 2020 10:04 - Sist endra 27. nov. 2020 16:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere