Politiet har ikkje funne årsaka til brannen i Kjemibygningen

Politiet kan ikkje seia noko sikkert om kvar brannen i Kjemibygningen sundag 19. januar begynte. Det ligg ikkje noko kriminelt bak brannen, slår politiet fast.

Ei utbrent gardin heng i vindauget på eit kontor i Kjemibygningen

UTBRENT: På eit kontor i austfløya i Kjemibygningen blei ei gardin heilt utbrent etter brannen sundag 19. januar.

Foto: Ola Gamst Sæther

Etterforskinga av brannen i Kjemibygningen vert no avslutta, etter at politiet har konkludert med at det ikkje låg noko kriminelt bak brannen. Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar Astrid Snijder Gjøsund i Oslo politidistrikt til Uniforum.

Dei brannskadde veggane er av asbest, og på grunn av helsefaren for etterforskarane har dei valt ikkje å driva vidare undersøking av skadene i  desse veggane. Bortsett frå at dei kan slå fast at det ikkje ligg noko kriminelt bak brannen, kan ikkje politiet seia noko meir om brannårsaka.  

– Dessverre har ikkje etterforskninga gitt noko klart svar på kvar brannen starta, seier Astrid Snijder Gjøsund.

• Les også  i Uniforum: Brannen i Kjemibygningen starta på eit kontor i austfløya

– Glade for at det ikkje er skjedd noko kriminelt

Eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo tykkjer det er bra at politiet har gjort det klart at det ikkje har skjedd noko kriminelt.

– Me er glade for at det ikkje ser ut til å vera noko kriminelt som ligg  bak, og for at det ikkje blei personskader ved denne hendinga. Me må forhalda oss til at politiets etterforsking ikkje alltid kan konkludera om årsak eller arnestad, seier han i ein kommentar til Uniforum  via epost. 

John Skogen lovar at UiO skal halda fram med førebyggjande arbeid og ha gode alarmsystem.

– Me held fram  med å leggja vekt på  førebyggjande arbeid; ha rutinar på plass, gi opplæring, ha gode alarmsystem og evaluera når det har vore hendingar. Asbest var tillate som byggjemateriale fram til 1985. Den er kapsla inn og ufarleg, men kan utgjera ein helserisiko dersom den blir broten og støvar.  I våre meir moderne bygg er det ikkje asbest, understrekar eigedomsdirektør John Skogen. 

23 personar evakuerte

Det var om ettermiddagen sundag 19. januar politiet fekk melding om brann i Kjemibygningen på Blindern. Både politiet og Oslo brann- og redningsetat rykte ut, og då dei kom fram, brant det på eit kontor i austfløyen i Kjemibygningen i Sem Sælands vei. 23 personar måtte evakuerast og blei geleida over til ein nabobygning.  Ingen kom til skade, og brannen blei heilt sløkt rundt ein time etter at politiet først fekk varselet.

• Les også i Uniforum: 22 evakuerte etter brann i Kjemibygningen på Blindern

No to veker seinare har politiet valt å avslutta etterforskinga og leggja saka til side. Den viktigaste konklusjonen politiet kjem med, er at brannen ikkje var eit resultat av ei kriminell handling. Politiet kan heller ikkje seia noko sikkert om kvar brannen begynte.

 

Emneord: beredskap, sikkerhet, Kjemi Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2020 16:31 - Sist endra 10. feb. 2020 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere