Brannen i Kjemibygningen starta på eit kontor i austfløya

Det var 23 personar som måtte evakuerast etter at det braut ut brann på eit kontor i Kjemibygningen sundag ettermiddag. Det opplyser kontorsjef Line A. H. Valbø på Kjemisk institutt til Uniforum.

Ei brent gardin i eit kontorvindauge i Kjemibygningen på Blindern

BRENT GARDIN: Ei svartbrent gardin vitnar om brannen som starta på dette kontoret i Kjemibygningen på Blindern.

Foto: Ola Gamst Sæther

Sundag klokka 15:10 fekk Oslopolitiet melding frå Oslo brann- og redningsetat om at det brann i Kjemibygningen på Blindern. Alle dei 23 personane som var i bygningen blei straks evakuerte og fekk tilhald i ein nabobygning. Dei aller fleste av dei var stipendiatar, nokre få var masterstudenter og ein av dei var ein teknisk-administrativ tilsett.

– Alt står bra til med dei, seier kontorsjef Line A.H. Valbø på Kjemisk institutt til Uniforum.

• Les også i Uniforum: 22 evakuerte etter brann i Kjemibygningen på Blindern

Lukta brent i korridoren

Dagen etter brannen er kontoret der brannen braut ut stengt. Det er også heile etasjen der kontoret ligg.

– Grunnen er at kriminalvakta skal få tid til å etterforska nærare kva som var grunnen til brannen, fortel Line A. H.Valbø. 

Då Uniforum tok ein tur bort til det avstengde området, lukta det framleis brent i korridoren. 

– Ventilasjonsanlegget for komfortluft er stengt, og derfor må luftkvaliteten i korridoren også målas og godkjennast  før dei tilsette kan få koma tilbake til  kontora sine igjen, seier Valbø.  Kontoret der brannen tok til, ligg i austfløya av Kjemibygningen rett ovanfor Majorstien og NRK-bygningane.

STENGT: Kontoret der brannen tok til,ligg til venstre i denne korridoren. Heile etasjen er no stengt, slik at kriminalvakta kan få etterforska brannårsaka. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Kasta meg i bilen

Sjølv fekk Line A.H. Valbø melding om at det var brann i Kjemibygningen rundt ein halv time etter at politiet fekk meldinga.

– Då kasta eg meg i bilen og fekk sett kva som skjedde. Mange journalistar og fotografar var på plass, men dei hadde fått alle opplysningane dei trengte frå politiet og brannvesenet. Sidan eg er med i beredskapsteamet på instituttet, var det heilt naturleg å stilla  opp, fortel ho. 

Ingen store materielle skader

Samtidig er ho imponert over jobben til naudetatane i Oslo.

– Ja, både politiet og brannvesenet var på plass kort tid etter varselet. Og dei gjorde ein god og profesjonell jobb, synest kontorsjefen. Dei materielle skadene etter brannen har ikkje vore store.

– Det er litt tidleg å seia noko om omfanget av dei materielle skadene, men brannvesenet sin bruk av vatn var avgrensa. Ingen kjemikaliar stod heller i fare for å ta fyr, fortel ho.  Brannen har ikkje fått konsekvensar for undervisninga, som dermed går heilt som planlagt.

– Det viktigaste er at ingen blei skadde, seier Line A. H. Valbø til Uniforum.

Etterforskinga held fram

Etterforskinga av kva som var årsaka til brannen er framleis i gang. 

– No er etterforskinga flytta over til Majorstua politikammer, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Eirik Willmann i Oslo politidistrikt til Uniforum.

Emneord: Kjemi, beredskap Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2020 14:16 - Sist endra 20. jan. 2020 14:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere