Sperra av Blindern etter funn av bombeliknande gjenstand

Politiet har sperra av området rundt Fysikkbygningen  og Blindern T-banestasjon etter at det er funne ein bombeliknande gjenstand. I natt blei ein vektar lettare skadd etter å ha blitt skoten på.

SPERRA AV BLINDERN: Politiet sperra av heile Nedre Blindern og Blindern T-banestasjon etter funn av bombeliknande gjenstand i dag tidleg. To menn er etterlyste etter at dei skaut og skada ein vektar på Blindern i natt.

Foto: Ola Sæther

Politiet jaktar på to menn etter at ein vektar frå Nokas blei skoten på Blindern klokka tre i natt.  Seinare fann politiet ein bombeliknande gjenstand like ved Fysikkbygningen, melder UiO, NRK og andre media. Både området rundt Fysikkbygningen, Kjemibygningen,Institutt for teoretisk astrofysikk og Helga Engs hus er no sperra av politiet Det er også Blindern T-banestasjon etter funn av ei jakke, som kan tilhøyra ein av mennene som skaut på vektaren, ifylgje politiet, .

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe seier at  ho er glad for at UiO så langt har fått opplyst at vektaren ikkje er alvorleg skadd.. - Me har innkalla beredskapsleiinga, og for øvrig ventar me på politietterforskinga, seier Bjørneboe i ei pressemelding frå UiO.

Tilsette som skal på jobb i dei avsperra bygningane; fysikk, kjemi og astrofysikk, blir bedne om å ikkje møta på jobb i dag, då bygningane er sperra.. Dei som har møtt på jobb i dei avsperra bygningane er bedne om å dra heim igjen. Andre tilsette og studentar kan koma til Blindern for å arbeida eller studera som vanleg. Dei kan også fylgja med på  nettsidene til UiO for å  få oppdatert informasjon, opplyser universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i pressemeldinga frå UiO.

Politiet vil halda ein pressekonferanse om funnet av den bombeliknande gjenstanden på Grønland politistasjon klokka 12.30. i dag.  Uniforum vil koma med nye opplysningar, så snart som mogleg.

(Oppdatert kl. 12.07)

 

Av Martin Toft
Publisert 5. aug. 2015 10:26 - Sist endra 5. aug. 2015 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere