Studentleiar om Strategi 2030: –Flott at klima og berekraft er på plass

– Eg gir honnør til universitetsleiinga for at dei har fått med klima og berekraft i Strategi 2030. Det seier leiar for Studentparlamentet, Christen Andreas Orvin Wroldsen.

Ein mann står ute med eit tre med grøne blader i bakgrunnen

NØGD MED STRATEGI 2030: – Eg er godt nøgd. Det er naturleg at det også vil koma kritikk, seier leiar for Studentparlamentet, Christen Andreas Orvin Wroldsen.

Foto: Ola Sæther

Fredag ettermiddag vedtok universitetsstyret samrøystes forslaget til Strategi 2030.  Overskrifta blir Kunnskap-ansvar-engasjement. For ei berekraftig verd. 

Dette er dei fire ambisjonane i  forslaget til Strategi 2030:

UiO skal:

- fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking

- utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd

- styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap vert tatt i bruk

- vera ein nyskapande organisasjon og ein attraktiv arbeids- og studiestad

 

Strategien har fire ambisjonar som handlar om forsking, utdanning, omverda utanfor UiO og å ta kunnskap i bruk og om UiO som ein attraktiv arbeids- og studiestad.

• Les i Uniforum: 

Applaus då Strategi 2030 blei vedtatt med overskrift

– God nøgd

Ein av dei som er glad for resultatet, er leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, Christen Andreas Orvin Wroldsen.

– Eg er godt nøgd. Det er naturleg at det også vil koma kritikk. Om det ikkje gjer det, vil det vera dårleg, tykkjer han.  Wroldsen synest at strategidokumentet oppfyller lovnaden om å få til forandring.

 – Målet var å få til ei endring. Det føler eg me har fått gjort. Men eg må vedgå at eg blei litt usikker då eg såg det siste utkastet før jul, spesielt om det som handla om berekraft og klima. No er det inne, og det har fått ein god plass, synest han. 

– Våga å ta i bruk ordet klimakrise

Etter hans meining er det ikkje nokon veg utanom, dersom Universitetet i Oslo skal ha appell hos dagens ungdom.

– Når me skal ut for å rekruttera nye studentar, må dette vera på plass. No er berekraft med frå første til siste setning i strategien. Og desssutan har dei våga å ta i bruk ordet klimakrise, understrekar han.

Leiaren for Studentparlamentet føler at dette er ein viktig strategi, også for studentane.

– Strategien tar både utdanning og studentane på alvor. Den er også tydeleg på studentoppleving og korleis studentane kan inkluderast på UiO, trekkjer han fram.

Christen Andreas Orvin Wroldsen håpar no at  strategien blir tatt i bruk.

– Strategien er kjempepositiv for oss. No er det viktig at den ikkje berre blir putta i ei skuff.

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2020 17:23 - Sist endra 14. feb. 2020 17:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere