Studiebarometeret 2019: Studentane er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma

Studentar ved norske universitet og høgskular er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei går på. Dei er minst nøgde med tilbakemeldingane og rettleiinga dei får frå førelesarane sine.

Mange unge folk står framfor søylene i Domus Media på Universitetsplassen

GODT NØGDE: Studentane i Noreg er godt nøgde med studieprogramma dei tar. Det viser Studiebarometeret 2019. Biletet er frå IFI-dagen på UiO i 2015. 

 

Foto: Ola Sæther

Det viser Studiebarometeret  2019 som Nokut  (Nasjonal organ for kvalitet i utdanning) har laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. 

Til saman har 32 000 studentar svart på undersøkinga. Det gir ein svarprosent på 49. Over 1800 studieprogram er inkluderte frå nesten alle norske universitet og høgskular. Undersøkinga blei gjennomført hausten 2019. Stort set skil denne undersøkinga seg lite frå dei seks føregåande åra undersøkinga har vore gjennomført.

Mest tilfredse med praksisplassen

Dei fleste studentane som har vore i praksis er mest tilfreds med tinga på praksisplassen, medan dei ikkje er så tilfredse med den delen som instiusjonen har ansvaret for. Dei er også stort sett nøgde med måten praksisen blir tatt inn i undervisninga på.

Mange av studentane opplever at dei får god informasjon om korleis utdanninga deira kan brukast i arbeidslivet og kva yrke som kan vera relevante for dei. Nokre av dei får også høve til å treffa moglege arbeidsgjevarar gjennom karrieredagar, bedriftsbesøk og praksis, noko desse studentane er godt nøgde med. Derimot opplever studentane i mindre grad å få innføring i korleis dei kan formidla sin eigen kompetanse til moglege arbeidsgjevarar og at det er høve til å arbeida med prosjekt i samarbeid med arbeidslivet, går det fram av samandraget av funna i Studiebarometeret 2019. 

Positive til vurdering og eksamen

 Når det gjeld vurdering og eksamen vurderer studentane det stort sett positivt.  Dei meiner at vurdering og eksamen har handla om sentrale delar av pensum, og det har gjort det mogleg å bruka det som dei har lært i studia sine. Men mange av dei tykkjer det har vore mangel på tydelige kriterium for vurdering.

Minst tilfredse med  tilbakemeldingar og rettleiing

Det studentane ser ut til å vera minst nøgde med i denne undersøkinga er tilbakemeldingar og rettleiing. Det gjeld både talet på tilbakemeldingar og innhaldet i tilbakemeldingane. Berre om lag halvparten av studentane seier seg tilfredse med evna dei faglege tilsette har til å gi konstruktive tilbakemeldingar på eige arbeid og kor nøgde dei er med fagleg diskusjonar og rettleiing med fagleg tilsette. Studentane føler også at dei har lita høve til medverknad. Først og fremst gjeld det korleis studentane vert fylgd opp av universitetet eller høgskulen og får høve til å gi innspel på innhald og opplegg i studieprogrammet, går det fram av Studiebarometeret.

Brukar 34 timar i veka på studia

Studentane gir opp at dei i stor grad er godt motiverte for studia, men dei er også opne på at dei ikkje alltid er godt nok førebudde til undervisninga, sjølv om dei vurderer sin eigen studieinnsats som høg. Dei norske heiltidsstudentane gir opp at dei brukar 34 timar i veka på studia sine.  Det talet har vore stabilt over tid og varierer lite på ulike utdanningar.

Nøgde med undervisninga

Studentane er likevel godt nøgde med undervisninga. Dei omtaler det som at undervisninga både er engasjerande og at lærestoffet vert formidla på ein forståeleg måte.  Berre halvparten av studentane meiner at undervisninga legg opp til at studentane skal delta aktivt.

Rundt halvparten av studentane opplever at digitale verktøy blir brukt slik at studentane blir tatt aktivt med i undervisninga. Litt over halvparten av dei spurte er tilfredse med organiseringa av studieprogrammet. 

Mest tilfredse med bibliotek og bibliotektenester

Når det gjeld studie- og læringsmiljøet, er studentane stort sett tilfredse, og aller mest tilfredse er dei med bibliotek og bibliotektenester. Fleirtalet av studentane er også godt nøgde med sosialt og fagleg miljø blant studentane på programmet. Dei er ikkje like nøgde med miljøet mellom faglege tilsette og studentar. Det som dei er aller minst nøgde med er lokale for undervisning og anna studiearbeid. 

Studiebarometeret 2019 blir lansert på NOKUT-konferansen i Oslo  klokka 08.00 i dag.

Les heile Studiebarometeret 2019

Sjå heile NOKUT-konferansen på direkten

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 29. jan. 2020 07:00 - Sist endra 30. jan. 2020 09:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere