Henrik Asheim (36) er ikkje heilt ukjent med å vera minister for forsking og høgare utdanning. Hausten 2017 var han i rundt to månader vikar for Torbjørn Røe Isaksen, som var ute i foreldrepermisjon. Då tok Henrik Asheim også ein tur til Universitetet i Oslo der han fekk omvising av mellom andre rektor Svein Stølen. No har regjeringa Erna Solberg kome ut på Slottsplassen etter statsråd og alle dei nye personane i ministerpostane er no stadfesta av regjeringa.
Frå januar 2018 har Asheim vore leiar av finanskomiteen på Stortinget. Han kjem frå Jong i Bærum kommune og var leiar for Unge Høgre frå 2008 til 2012. I stortingsperioden 2013-2017 var han medlem av Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.
Iselin Nybø har vore forskings- og høgare utdanningsminister sidan Venstre kom med i regjeringa i januar 2018. No blir ho ny næringsminister etter Torbjørn Røe Isaksen (H), som ho også etterfylgde som statsråd i Kunnskapsdepartementet. Røe Isaksen blir arbeids- og sosialminister etterr Anniken Hauglie (H).
Trine Skei Grande (V) overtar etter Jan Tore Sanner (H) som kunnskaps- og intergreringsminister i Kunnskapsdepartementet. Sanner overtar jobben som finansminister etter Siv Jensen (FrP), som har gått ut av regjeringa saman med dei andre seks statsrådane frå FrP. Stortingsrepresentant Abid Raja (V) som er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo, overtar etter Trine Skei Grande som kulturminister.
I justisministerstolen har Erna Solberg sett inn Monica Mæland (H), som fram til i no har vore kommunal- og moderniseringsminister. Digitaliseringsminister Nikolai Astrup blir ny kommunal- og moderniseringssminister, og får ansvaret for mellom andre Statsbygg. Stortingsrepresentant Tina Bru (H) vert olje- og energiminister, medan Ine Eriksen Søreide (H) held fram som utanriksminister. Akkurat som Abid Raja har ho jusutdanninga si frå Universitetet i Oslo. Og Sveinung Rotevatn (V) overtar jobben som klima- og miljøminister etter Ola Elvestuen (V). Dermed er det han som saman med riksantikvar Hanna Geiran skal bestemma om det skal bli full utgraving av skipsgrava på Gjellestad i Halden.
I rektorbloggen oppfordrar UiO-rektor Svein Stølen Henrik Asheim som ny forskings- og høgare utdanningsminister til å stå opp mot presset mot tilsett leiing, ekstern styreleiar og fleirtal av eksterne medlemmar i styret. Stølen fryktar at det er det som vil vera tilrådingane i forlaget til ny universitets- og høgskulelov som blir lagt fram i neste månad. "Vi må få beholde selvråderetten, og ikke plasseres under direktorater som drar oss mot en byråkratiserende detaljtankegang i en tid som mer enn noe krever store disruptive, kreative tanker og løsninger som bidrar til en bærekraftig verden" skriv Svein Stølen.
Leiaren for Norsk studentorgansiasjon Marte Øien helsar utnemninga av Henrik Asheim som ny forskings- og høgare utdanningsminister velkommen: "Vi forventer å se at studenter, høyere utdanning og forskning er et fortsatt prioritert område for denne regjeringen", står det i ei pressemelding frå Norsk studentorganisasjon.
Leiaren for Forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind ser også fram til å samarbeida med den nye forskings- og høgare utdanningsministeren: "-Den nye statsråden hopper på et tog i fart. Iselin Nybø har igangsatt flere viktige prosesser for norsk forskning og høyere utdanning, som Henrik Asheim nå får i fanget. Det er viktig at disse prosessene ikke stopper opp, men tas i mål på en god måte", seier Lind i pressemeldinga.
(Oppdatert med kommentarar klokka 12:09)
Logg inn for å kommentere