Arne Benjaminsen: – LOS skal få økonomien i balanse i 2023 utan oppseiingar

Desentralisering av lokale lønnsforhandlingar,  innføring av internfakturering på tenester og betre styring og kontroll. Det er mellom tiltaka som blir føreslått i ein rapport som har sett på korleis LOS kan få budsjettet i balanse i 2023.

IKKJE AKTUELT: – Oppseiingar er ikkje aktuelt, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.  Han har fått ein rapport på bordet om korleis økonomien til LOS kan vera i balanse igjen  i 2023.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er advokatbyrået BDO som kjem med desse tilrådingane i ein rapport som det har laga på oppdrag frå Universitetet i Oslo.

Tilrådingar i BDO-rapporten om innsparing i LOS:

- Betre styring og kontroll over økonomien

- Ansvaret for lønnsforhandlingar kan overførast til fakulteta

- Internfakturering på tenester

- Oppretting av juridisk kontor for alle juristane

- Gi ansvaret for ,m.a. doktorkreeringar til fakulteta

- Kutta i mellombelse tiltak

- Vriding mot digital kompetanse blant dei tilsette

- Meir av den operative mediehandteringa kan overlatast til fakulteta

(Kjelde: Prosjektrapport: LOS-strategi for Universitetet i Oslo, 6. januar 2020, BDO)

Bakgrunnen er at Leiinga og støtteeiningar (LOS), altså sentraladministrasjonen ved UiO har brukt for mykje pengar dei ikkje har, og risikerer å få eit underskot på nesten 146,4 millionar kroner i 2023. I rapporten foreslår BDO i tiltak som kan gjennomførast slik at økonomien til LOS kan vera i balanse i 2023.

Internfakturering og samling av juristar

Mellom tiltaka som blir føreslåtte er meir bruk av internfakturering på tenester som dei utfører for einingar utanfor sentraladministrasjonen. Det blir også føreslått å redusera ressursbruken og oppgåveporteføljen i Eining for HMS og beredskap (HMSB) . Andre tiltak er å å gi ansvaret for lønnsforhandlingane til fakulteta. Samling av alle juristane i LOS er eit anna tiltak rapporten kjem med. Endå eit forslag er at LOS ikkje lenger tar på seg ansvaret for å yta tenester til store arrangement som til dømes doktorkrereringar og heller overlet dei heilt til fakulteta. Av andre tiltak som det går an å spara inn på, er å takka nei til sekretariatsjobbar for store prosjekt utanfor sentraladministrasjonen, går det fram av rapporten.

Kan spara 10,8 millionar i 2020

Under arbeidet har dei vore i kontakt med nesten alle fagdirektørane og også fått innspel til korleis det er mogleg å spara inn på budsjetta til avdelingane til LOS. I fylgje rapporten har avdelingane i LOS funne fram til at dei kan kutta om lag 10,8 millionar kroner i 2020.

For universitetsdirektør Arne Benjaminsen er det viktigaste at dei no får kontroll og god budsjettstyring i alle avdelingane til LOS.

– LOS må gå i balanse elles må resten av universitetet betala for tenestene våre. Me må som alle andre einingar på UiO, halda oss til det budsjettet som universitetsstyret har løvvd til oss. Me har drive med eit stort underskot gjennom mange år, og dersom me ikkje tar grep, vil me få ei stor utfordring med omstilling på eit eller anna tidspunkt. Det er litt av bakgrunnen for at me har engasjert BDO for å hjelpa oss med å peika på ein del tiltak. Akkurat no er med i ferd med å gå gjennom ein del tilrådingar frå BDO, og ein del av dei held me på med å fylgja opp allereie. Styret har bede om at LOS blir fylgt spesielt godt opp på grunn av den økonomiske situasjonen me har, seier han.

 – Betre styring og kontroll er stikkorda

Arne Benjaminsen ser føre seg ei betre fordeling av dei ulike tenestene.

– Me ser på kva tenester me skal levera sentralt og kva som skal leverast på fakultetsnivå. Derfor går me gjennom oppgåveporteføljen for å finna ut om me kan levera tenestene på ein betre måte enn i dag. Me skal framleis levera gode tenester til studentar og forskarar på UiO, men spørsmålet er korleis me kan levera dette betre, understrekar han.

Dei skal også sjå på kva oppgåver som blir etterspurte og ikkje etterspurte på universitetet.

– Så får me også klare tilrådingar om økonomistyring og kontroll. Og me har hatt for svak økonomioppfylging av einingane i LOS, og der vil me setja i gang tiltak for å ha ei tettare og meir regelmesssig oppfylging av økonomien i kvar enkel eining. Betre styring og kontroll er stikkorda, slår Arne Benjaminsen fast.

Etter hans oppfatning gir rapporten han som leiar for LOS og universitetsdirektør eit klart råd om portefølje og prosjektstyring.

– Enkelt fortalt, så set me i gang for mange prosjekt, men det er uklart kva me vil med prosjekta. Det er uklart kva gevinstar me ser for oss at me vil få, og kva gevinstar me får. Me brukar mykje ressursar på prosjekt gjennom å frikjøpa folk frå ordinær og vanleg drift. Heretter skal me vurdera nøye kva prosjekt me set i gang, før me har ein klar plan for kva gevinstar me skal få ut av dette.

Internfakturering må til styret

– Eitt av tiltaka som blir føreslått er at de skal bruka internfakturering i større grad enn no. Kva vil det seia, reint konkret?

– Det har me ikkje tatt stilling til om me skal gjera enno, og om det er effektivt. Me har fått ein portefølje av råd frå BDO, og dei skal me gå gjennom. Om internfakturering er effektivt og formålstenleg, det må me vurdera vidare ut over det som me internfakturer i dag, som først og fremst gjeld husleige.

– Før desse tiltaka skal setjast i verk, må dei bli behandla av universitetsstyret?

– Ja, ein del av desse tiltaka ligg heilt tydeleg innanfor mandatet administrasjonen har og innanfor dei rammene som gjeld for dei løyvingane me har frå styret. Men dersom me skal ha eit prinsipp om internfakturering, vil det vera ei sak styret skal behandla, understrekar Arne Benjaminsen.

Han viser til at rapporten gir stor honnør til dei tilsette og understrekar at dei gjer ein veldig god jobb og at det er veldig høg kompetanse i LOS.

– Så handlar det om korleis me brukar den administrative ressursen og kompetansen betre. Måten me først og fremst vil merka det på, er at me vil arbeida litt annleis enn tidlegare. Me vil vurdera nøyare kva prosjekt me skal setja i gang, om folk skal inn i prosjekt. Me har allereie lengre periodar der stillingar står lenger ledige frå når nokon sluttar til stillinga blir besatt på nytt, slår han fast.

– Oppseiingar er ikkje aktuelt

 Arne Benjaminsen gjer det også klart at det ikkje blir tilsetjingsstopp i LOS:

– Nei, men me vil vurdera kvar tilsetjing mykje nøyare enn tidlegare før me tilset. Me vil vurdera om den som blir tilset, skal gjera nøyaktig dei same oppgåvene som den som slutta gjorde.

– Vert det tale om oppseiingar i LOS?

– Nei, når ei stilling blir ledig, så blir den vurdert. Oppseiingar er ikkje aktuelt, slår han fast.

– I staten blir det brukt store summar på konsulentar. Vil LOS skjera ned på bruken av konsulentar?

– Me held på med å gå gjennom prosjektporteføljen som ofte fører med seg ekstern hjelp og eksterne kostnader. Det vil me vurdera nøye, og det vil bli ei stramare prioritering. Det er færre ressursar til slike eksterne oppdrag, så det blir det mindre av.

– Hardare press på leiarane

Tidlegare universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe innførte prosjektet Internt handlingsrom. Då skulle det sparast inn 50 millionar kroner i Sentraladministrasjonen som skulle øyremerkast til forsking på fakulteta. Arne Benjaminsen avviser at dette blir ei liknande bør for dei tilsette som det Internt handlingsrom var.

– Dette er ingen reprise på Internt handlingsrom. Dette handlar om organisering, rapportering og stramare økonomistyring. Målsetjinga er at dei tilsette skal få oppleva ein positiv og god arbeidskvardag her. Leiarane vil få eit hardare press på å gjera prioriteringar i avdelingane sine. Me er i gang med verksemdsplanar for dei ulike avdelingane i LOS. Me vil kjøra stramare økonomistyring og betre rapportering, og då må me prioritera nøyare mellom kva me skal gjera og kva me ikkje skal gjera for å få samsvar mellom ressursane og oppgåveporteføljen.

I rapporten blir det også føreslått at LOS skal desentralisera lønnsforhandlingane til fakulteta. Også det sprørsmålet ynskjer Arne Benjaminsen blir vurdert nærmare for at det skal bli ei betre disponering av ressursar.

Rapporten slår dessutan fast at det er rom for innsparingar i ressursane til Eininga for HMS og beredskap (HMSB), sjølv om oppgåvene deira er lovpålagde. Arne Benjaminsen peikar på at det har dei til felles med andre gjeremål i LOS.

– Mange av dei oppgåvene me gjer, er lovpålagde. Spørsmålet er om me kan organisera oss betre for å få gjort dei oppgåvene me skal. Dei peikar på at me må ha betre kontroll og betre økonomistyring, og i samband med det peikar dei på at me må sjå ADS(Avdeling for administrativ støtte) og VØS (Gruppe for verksemd- og økonomistyring) i samanheng. Det arbeidet har me sett i gang allereie.

OVERSYN: Tabellen gir eit oversyn over moglege innsparingar i avdelingane i Leiinga og støtteeiningar (LOS)

– Skal koma i økonomisk balanse i 2023

– Denne rapporten rår også LOS til å overlata store arrangement og doktorkreeringar til fakulteta?

– Ja, det er også ting som det er viktig at me vurderer nøye. BDO har lagt fram ein ganske stor meny, og noko av det, er det heilt openbert at me vil gjennomføra, noko må me sjå på og noko vil ikkje bli fylgt opp. I sum skal me ved hjelp av BDO-rapporten og andre tiltak koma i økonomisk balanse i LOS.

– Er det aktuelt å samla alle juristane i LOS?

– Både økonomisk kompetanse og juridisk kompetanse, pedagogisk kompentanse og så vidare, er viktig i mange av dei funksjonane me utfører her. Men det kan henda at me må kopla juristane tettare, for sjølv om dei er organiserte i ulike avdelingar, så har dei behov for eit forum og eit fagmiljø der dei kan samarbeida.

I rapporten er det ein tabell over moglege innsparingar i dei ulike avdelingane. Der går det fram at eit anslag går ut på at det kan sparast opptil 4 millionar  frå 2019 til og med 2023 i til dømes Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, medan det berre er mogleg å spara inn 1 million kroner i Eigedomsavdelinga. Dei fleste av oss tenkjer at det er større potensial for å spara inn i Eigedomsavdelinga?

– Om ein les teksten før og etter tabellen nøye, så ser ein at det er ein ganske subjektiv vurdering av det moglege innsparingspotensialet ved ulike avdelingar. Den tabellen legg me ikkje for mykje vekt på. Det er forslaga og tiltaka me vil vurdera nøye, særleg det som handlar om organisering og prioritering, og det blir stram kontroll og økonomioppfylging.

– Kva skjer no når det gjeld den økonomiske situasjonen for LOS?

– Me skal rapportera til styret etter første tertial. Og så blir det ei nøye oppfylging av avdelingane i LOS om korleis den økonomiske statusen er. Me skal halda oss til dei budsjetta me er tildelte.

Benjaminsen er også opptatt av ei anna tilråding i rapporten.

– Kompetanseutvikling har rapporten peika på. Så om me skal få til ein meir robust organisasjon, så er kompetanseutvikling viktig, sjølv om me også har ein svært kompetent organisasjon.

Gir ABE-reforma og IHR skulda for underskotet

– Kan de skulda på ABE-reforma til regjeringa for at LOS går med eit underskot?

– Ja, litt kan skuldast på den. Den reforma er gjennomført for at den skal verka, og den merkast. Så har me framleis oppfylging etter Internt handlingsrom (IHR) der me flytta ressursar ut, men let oppgåver liggja igjen. Tilpassinga til IHR er ein del av bakgrunnen for dette, i tillegg til UIOs interne kutt, konstaterer Arne Benjaminsen.

Den økonomiske situasjonen til LOS skal det rapporterast om  til universitetsstyret kvart tertial. Det same pålegget har også Det odontologiske fakultetet  etter at det også har fått eit stort underskot. Sjølve rapporten frå advokatbyrået BDO skal ikkje handsamast av universitetsstyret.

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2020 04:30 - Sist endra 30. jan. 2020 09:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere