Alle naudetatane rykka ut då det kom melding om at det brann frå taket i Kjemibygningen i Sem Sælands vei på Blindern. Akkurat no er politiet der og driv etterforsking av brannen. Kjelda til brannen er funnen, men brannårsaka er ikkje kjent, melder NRK. På grunn av faren for at brannen skulle spreia seg til kjemikaliar, blei området rundt bygningen sperra av, får NRK opplyst.
22 personar blei evakuerte og dei er no i ein annan bygning i nærleiken.
- På eit tidspunkt steig det røyk opp frå taket, fortel politiets sin operasjonsleiar Christian Krohn Engeseth til Dagbladet. Oslopolitiet fekk melding om brannen frå Oslo brann- og redningsetat klokka 15.10 i ettermiddag. Brannen var sløkt ein halv time etter at brannen blei meldt.
- Det er ingen som er skadd og det er trygt å koma på jobb, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ei melding på UiOs nettsider. Til NRK opplyser han at brannen tok til i ventilasjonsanlegget.
(Oppdatert kl 17:09)
Logg inn for å kommentere