Måndag møtte Nils Rune Langeland staten i retten

Nils Rune Langeland fekk i fjor haust sparken som professor ved Universitetet i Stavanger. No går han til sak mot Kunnskapsdepartementet for å få kjent oppseiinga ugyldig. Måndag møtte partane kvarandre i Oslo tingrett.

I RETTEN: Oppsagt professor Nils Rune Langeland møtte med advokaten sin Kjell M. Brygfjeld då rettssaka mot staten v/Kunnskapsdepartementet starta i formiddag. 

Foto: Helene Lindqvist

Det var opphavleg alkoholproblema til Nils Rune Langeland som var hovudårsaka til at han fekk sparken som professor ved Universitetet i Stavanger. Han braut reglane AKAN hadde sett fleire gonger ved å vera rusa både på jobb og på seminar med jobben.  Seinare kom også episodane der han hadde trakassert  fleire kvinner seksuelt, verbalt på Facebook.  

– Me må kunna seia at me står overfor ei rekkje relativt prosaiske forhold som nokon og einkvar kunne ha gjort seg skuldig i eit ordinært liv og eit ordinært arbeidsforhold. Forhold som ikkje ville vekt oppsikt dersom dei var gjorde av ein røyrleggjar frå Bodø eller kanskje heller ikkje ein advokat frå Stavanger, sa Stavanger-advokaten Kjell M. Brygfjeld, ifylgje Forskerforum og NRK.. 

Etter Brygfjelds oppfatning var det heller bagatellmessige ting som hadde gjort at Nils Rune Langeland hadde fått sparken frå stillinga som professor ved Universitetet i Stavanger.

– Det er ingen illojalitet mot arbeidsgjevar i denne saka. Det er ingen overgrep eller valdtekter. Heller ingen negativ oppførsel overfor Langelands studentar, sa han, i fylgje NRK. Og han skulda også nettavisa Khrono for å ha sett i gang ein kampanje mot Langeland, i fylgje Forskerforum.

Staten meiner krava til oppseiing er oppfylte.

– Avskilen er grungjeven i mange tilfelle  av uakseptabel åtferd gjennom ei årrekkje. Bevisførselen i retten vil underbyggja dette, sa regjeringsadvokat Hilde Lund, som representerer staten i saka der Nils Rune Langeland krev å få kjent oppseiinga ugyldig. Dessutan krev han erstatning for tapt lønn og for den børa saka har vore for han.

Rettssaka held fram til og med fredag denne veka.

 • Les meir: Derfor fikk Langeland sparken fra Universitetet i Stavanger

  • Les meir: – Eg sit på akademisk death row

  • Les meir: Kunnskapsdepartementet opprettholder avskjeden av Nils Rune Langeland

  • Les meir: Nils Rune Langeland får ikke dekket advokatutgifter av Forskerforbundet

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Etikk, trakassering Av Martin Toft
Publisert 10. des. 2018 13:43 - Sist endra 11. des. 2018 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere