No investerer regjeringa millionar på programmering i skulen

Regjeringa vil setja av 90 millionar kroner årleg dei komande fem åra til den teknologiske skulesekken. 15 millionar av løyvinga er i år øyremerkt innkjøp av utstyr til skular over heile landet. Det opplyste kunnskapsminister Jan Tore Sanner på konferansen om programmering i skulen på UiO i formiddag.

NATURLEG DEL: – Programmering må inngå som ein heilt naturleg del av framtidas skule, meiner kunnskapsminister Jan Tore Sanner. I dag opna han konferansen om programmering i skulen på Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Det var ikkje den einaste pengelovnaden kunnskapsminister Jan Tore Sanner kom med. Regjeringa har også sett av 15 millionar kroner i år til innkjøp av verktøy for spesielt utpeika skular  i 45 kommunar, fem fylkeskommunar og fire friskular der dei kan utvikla nye digitale og innovative fagfornyingar.  Neste år vil denne posten vera på 48 millionar kroner, fortalde han.

Det er Universitetet i Oslo i samarbeid med OsloMet og forskingsinstituttet Simula som står bak konferansen om innføring av programmering som fag i skulen. Og Jan Tore Sanner var altså raus med å dela ut pengar til etableringa av dette faget. For av satsinga på 90 millionar kroner til den teknologiske skulesekken, vil 10 millionar årleg vera øyremerkte til Viten-sentra rundt omkring i heile landet, annonserte Sanner då han opna konferansen i Realfagsbiblioteket på Blindern.

Ynskjer at elevane utviklar digital dømmekraft og skaparkraft

Like etterpå utdjupa han overfor Uniforum kvifor  regjeringa meiner det er så viktig å få programmering inn som eit eige fag i skulen.

– Me er inne i ei tid der den digitale utviklinga går raskt og det er viktig at elevane utviklar digital dømmekraft slik at dei sjå kritisk på den digitale utviklinga, men også få inn digital skaparkraft. Den unge generasjonen skal jo også vera med på å utvikla digital teknologi, så derfor blir programmering ein viktig del av framtidas skule, synest Jan Tore Sanner. 

Programmering skal inn i matematikk, naurfag, musikk og samfunnsfag

– Det er ikkje så mange ekstra timar å ta av frå skuledagen. Korleis har det tenkt å innføra programmering reint praktisk som nytt fag i skulen?

– Programmering må inngå som ein heilt naturleg del av framtidas skule. Det vil seia at noko må ut for at noko skal inn. Me meiner at programmering vil vera ein naturleg del av matematikkfaget, naturfag skal få ein teknologidel, der programmering også kan vera aktuelt. Og musikk skal også leggja større vekt på digitalisering, så der vil også programmering vera aktuelt. Dessutan har me sagt at samfunnsfag skal ha eit heilt sentral ansvar for digitale grunnferdigheiter, seier Jan Tore Sanner til Uniforum.  Han er overtydd om at undervisning i programmering vil vera viktig for elevane i norsk skule. – Det vil setja dei i stand til å takla framtidas arbeidsliv og til å leia utviklinga i framtida.

Ber om at skuleeigarane samarbeider med universiteta og høgskulane

– Korleis vil du få Universitetet i Oslo og dei andre institusjonane til å bli med på dette?

– Eg reknar med at Universitetet i Oslo og dei andre universiteta sjølv tar ei aktiv rolle. Me har sett av ein god del midlar til etterutdanning av lærarar og for å digitalisera lærarutdanningane. Så er det viktig at skuleeigarane, altså kommunane og universiteta og høgskulane  samarbeider for at me skal kunna gå frå ein god læreplan til ein god praksis i klasserommet, oppfordrar kunnskapsminister Jan Tore Sanner.

– Må visa korleis det skal undervisast i programmering

Førsteamanuensis Øystein Gilje ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling ved UiO var opptatt av at programmering ikkje berre skulle bli eit fag som eldsjeler blant enkeltlærarar skulle få ansvaret for. – Då vil det ikkje bli ein del av heile skulen. Det viktigaste blir å få til gode løysingar for å få gode lærarar slik at det blir utvikla til god praksis, sa han.

Gilje peika også på at den tverrfakultære eininga som han leier; Forsking, innovasjon og kompetanseutvikling i skulen (FIKS) byggjer ein kunnskapsbase om djuplæring.  – Men det er ikkje nok å læra seg dette på nett. Me må også visa dei korleis dei skal undervisa i programmering, understreka han i innlegget sitt.

Må setjast i gang ei nasjonal satsing

Professor Anders Malthe Sørensen leier Senter for framifrå utdanning Computing in Science Education på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO. Han meinte det var viktig å få fram korleis programmering kan brukast til å gi studentar i matematikk, fysikk og biologi betre forståing av faga sine.

NASJONAL SATSING: – Det må setjast i gang ei nasjonal satsing for at me skal kunne lykkast med å få dette realisert, sa professor Anders Malthe Sørensen ved Senter for framifrå utanning, Computing in Science Education, på programmeringskonferansen ved UiO i formiddag. (Foto: Ola Sæther)

 – Det klarte me å få til i 2007, sjølv om me har hatt undervisning i programmering i over 20 år, trekte han fram. 

 – Universiteta og høgskulane som skal gi lærarutdanning og etterutdanning må ha forskingsbasert undervisning med grunnlag i forsking på tvers av tre ulike domene, konstaterte Anders Malthe Sørensen.  Likevel er det eit vilkår som han meinte må på plass før lærarutdanning og etterutdanning i programmering kan ta til for alvor og innanfor fristen som er i 2020.

– Det må setjast i gang ei nasjonal satsing for at me skal kunne lykkast med å få dette realisert, sa Anders Malthe Sørensen.

Les meir på Kunnskapsdepartementets nettsider

Emneord: Realfag, Naturfag, lærerutdanning, Lektorutdanning Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2018 12:58 - Sist endra 12. nov. 2018 12:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere