Nyvald HF-dekan Frode Helland: - Ekstremt hyggeleg med så stort fleirtal

– Det er sjølvsagt ekstremt hyggeleg at me har eit så stort fleirtal bak oss. Det seier Frode Helland etter at det i går blei klart at han hadde vunne dekanvalet  på HF med 66,75 prosent av stemmene.

GLAD: Nyvald HF-dekan  Frode Helland er godt nøgd med at han vann dekanvalet med 66,75 prosent av stemmene. 

Foto: Ola Sæther

Det var rundt klokka 15.30 i går leiar for valstyret ved HF, Toril Opsahl kunne kunngjera at Frode Helland hadde vorte vald som dekan ved Det humanistiske fakultetet på Univeristetet i Oslo. Han fekk heile 66,75  prosent av stemmene, medan den sitjande dekanen Arne Bugge Amundsen fekk ein oppslutnad på 33,25 prosent av stemmene. Det blei til saman avlagt 1324 vekta stemmer.  Då Uniforum er i kontakt med Frode Helland nokre timar etter at valresultatet er klart, er han nøgd med å ha vunne ein så klar siger. 

– Det er sjøvsagtt ekstremt hyggeleg og betryggande at me har fått eit så solid fleirtal bak oss.

– Hadde du rekna med å vinna med ein så klar margin?

– Dette er jo eit val utan meiningsmålingar, så det var vanskeleg å føresjå, men me hadde ei god kjensle heile tida.

– Kva trur du er grunnen til den store oppslutnaden blant alle grupper, bortsett frå at det likt hos dei teknisk-administrative tilsette?

– Me er glade for å ha så brei støtte i organisasjonen, også blant dei teknisk-administrativt tilsette.

– Korleis vil fakultetet merka at dei har fått eit nytt dekanat etter nyttår?
– Me vil vera aktive og til stades frå første stund, og håpar å kunna bidra positivt på heile HF.

I går kveld var Frode Helland klar for å markera valsigeren saman med dei som har stått bak kandidaturet hans. 

– Me har samla forslagsstillarar og støttespelarar til valvake og feirar ut over kvelden, fortalde Frode Helland til Uniforum. 

Større valoppslutnad enn i 2014

Det blei til saman gitt 901 stemmer, av desse var 22 blanke. Dette er ein auke frå 2014, då 737 stemmer blei gjevne. Oppslutnaden om Helland er klar blant både vitskaplege og studentar, medan stemmene frå dei teknisk/administrativt tilsette er likt fordelte mellom dei to kandidatane.

62,38 % av dei vitskaplege tilsette stemte, 73,68 % av dei teknisk-administrativt tilsette og 5,59 % av studentane.

Den nye dekanperioden tar til 1. januar og vil vara fram  til og med 2022.  

Emneord: Dekanvalg, HF Av Martin Toft
Publisert 3. nov. 2018 12:18 - Sist endra 22. des. 2018 00:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere