Ho blir kommunikasjonsdirektør ved UiO: – Spennande jobb

– Eg er veldig glad og er sikker på at det blir ein spennande jobb og flotte folk å arbeida saman med. Det seier Berit Kolberg Rossiné som i dag blei tilsett som direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Universitetet i Oslo.

NY KOMMUNIKASJONSDIREKTØR: Berit Kolberg Rossiné blir direktør for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiO. – Eg veit at det er ei spennande avdeling med mange flotte folk. Det verkar motiverande på meg, seier ho.

Foto: Thomas Lien, Helsedirektoratet

Berit Kolberg Rossiné har også journalistisk erfaring frå Blindern.

– Ja, frå 1992 til 1995 var eg journalist og nyhendesjef i Universitas, samtidig som eg heldt på med  å bli ferdig med studiet i statsvitskap og jobba i Dagbladet, fortel Kolberg Rossiné til Uniforum. 

Seinare har ho arbeidd som journalist i Dagbladet, men dei siste åtte åra har ho vore tilsett som kommunikasjonsdirektør i Helsedirektoratet.  

–  Kommunikasjonsarbeidet må støtta måla som er å leggja forholda til rette for forskarar og studentar, fremja forskingsformidling – og få tatt kunnskap i bruk. I Helsedirektoratet har det vore viktig å arbeida kunnskapsbasert, og det blir no spennande å sjå korleis det blir å jobba og sjå situasjonen frå synsstaden til Universitetet i Oslo, seier ho. 

Kritisk tenking

Kolberg Rossiné synest også det er viktig å understreka målet til eit universitet. 

– Eit godt grep for oss er at me støttar opp om studentane slik at dei utviklar evna til kritisk tenking.  Samtidig skal me leggja forholda til rette for forskarane slik at dei også får gjort det dei er på universitetet for å gjera, understrekar ho.  

– No har det tatt nesten to år frå den førre faste kommunikasjondirektøren, Marina Tofting gjekk av, og til du er blitt tilsett som ny direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt. Kva synest du om at det har tatt så langt tid?

– Det har eg inga meining om, seier ho bestemt.  

Førebels er ho ikkje sikker på når ho kan begynna i den nye jobben.  – Det må eg diskutera med både dagens arbeidsgjevar og med UiO først, slår ho fast.

Berit Kolberg Rossiné var ein av dei fem søkjarane som bad om at namnet deira ikkje blei offentleggjort, då søkjarlista blei kunngjort den 4. september.

– Motiverande

No ser ho fram til å bli kjent med Universitetet i Oslo på nytt og med dei 34 medarbeidarane i den gjenoppretta Avdelinga for kommunikasjon og samfunnskontakt.

– Eg veit at det er ei spennande avdeling med mange flotte folk. Det verkar motiverande på meg, seier Berit Kolberg Rossiné.

 • Les også pressemeldinga frå Universitetet i Oslo. 

 • Les også i Uniforum: Disse vil bli UiOs nye kommunikasjonsdirektør

 

Emneord: kommunikasjon, Formidling, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 23. okt. 2018 15:06 - Sist endra 23. okt. 2018 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere