Dekankandidatane på HF: – Økonomistyring blir viktig

Det er viktig å finna ut kvifor økonomien ved Institutt for filosofi, -idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) kom ut av kontroll, slik at det ikkje skjer igjen. Det var dei to dekankandidatane på HF, Arne Bugge Amundsen og Frode Helland einige om i valdebatten torsdag ettermiddag.

DEBATTERTE HFs FRAMTID: Dekankandidat Frode Helland, Hellands prodekankandidat Mathilde Skoie, sitjande dekan og dekankandidat Arne Bugge Amundsen og Amundsens prodekan for internasjonalisering og samfunnskontakt, Ragnhild Zorgati debatterte HFs framtid og lagnad på valdebatten torsdag ettermiddag. 

Foto: Ola Sæther

Mellom 130 og 150 personar kom til Auditorum 7 i Eilert Sundts hus for å få med seg den offisielle valdebatten mellom dekankandidatane Arne Bugge Amundsen og Frode Helland på Det humanistiske fakultetet ved UiO. Valet begynner den 28. oktober og held fram til og med den 2. november.

– Eit betimeleg spørsmål

Det var i spørjerunden etter den første innleiinga til dekankandidatane, instituttleiar Bjørn Olav Utvik ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk, ville vita kva kandidatane ville gjera med økonomistyringa på institutta. Han viste til Uniforums oppslag om underskotet på IFIKK, som dekan Arne Bugge Amundsen har føreslått skal dekkjast av eit tilskott frå fakultetet.

– Det er eit betimeleg spørsmål, svarte Arne Bugge Amundsen.

– Me har no sett ned ein ekstern komité som skal sjå på forholdet mellom institutt og fakultet. Det har skjedd store endringar dei siste åra. 60 millionar kroner blei borte over natta. HF har hatt styringsdialog med institutta og me må ta ut læringspotensialet i dette. Dessutan vil det også bli tatt opp i samtalar mellom universitetsleiinga og fakulteta. Då vil det vera aktuelt å finna ut om det har skjedd ei forskuving av finansiering frå dei «tørre» til dei «våte» fakulteta over tid, sa Arne Bugge Amundsen.

 – Systemisk gale

Motkandidaten hans, Frode Helland var einig i det som den sitjande dekanen, Arne Bugge Amundsen la fram.

– Openbert kompleks historie og situasjon. Det som har skjedd med IFIKKs økonomi er noko systemisk gale. Me må finna ut kva som har hendt. Det me veit er at det var det første instituttet som fekk eit senter for framifrå forsking. Sidan den gongen har me fått to til. Derfor må me finna tiltak for å hindra at dette hender på nytt. Det kan hende at det går betre raskare enn me trur, eller omvendt. Ingen av oss går til val med omkamp som motiv. Økonomistyring blir uansett ei av dei viktigaste sakene, slo Frode Helland fast.

– Skal merka at dei blir lytta til

Han fekk også spørsmål om kva han vil endra, dersom han blir valt til dekan. – Me skal ikkje revolusjonera og snu alt opp ned på fakultetet. Folk vil derimot merka ein annan leiarstil. Alle skal merka at dei blir lytta til. Dessutan skal me brukte digitale verktøy for å kommunisera med folk. Men me skal også dra for å snakka med folk om betente saker, lova han.

Valdebatten blei delt inn i tre bolkar der dekankandidatane og prodekankandidatane deira skulle fortelja om kva dei ville gjera for å losa Det humanistiske fakultetet inn i framtida og kva visjonar dei hadde for studia og forskinga på HF.

– Spørjeteiknet er avskaffa

Sitjande dekan Arne Bugge Amundsen var godt nøgd med det dekanatet hans hadde fått til i dei snart fire åra dei har styrt HF-fakultetet. Han peika på utviklinga etter at regjeringa la fram Humaniora-meldinga i fjor.

BREI DUGNAD: – Difor inviterer me til ein brei dugnad på fakultetet om kva framtida vil bringa og kva trendar som vil koma i forsking og utdanning, sa Arne Bugge Amundsen. (Foto: Ola Sæther)

– Me er inne i ei avgjerande tid. Før stilte makthavarane spørsmålet kvar går humaniora? No er dette spørjeteiknet avskaffa. Me har kome i ein ny situasjon. Det kjem nye forventingar til oss både frå Kunnskapsdepartementet, politikarane og frå Forskingsrådet. I tillegg har me gjort ein analyse av forventingane folk har til oss. Difor inviterer me til ein brei dugnad på fakultetet om kva framtida vil bringa og kva trendar som vil koma i forsking og utdanning, sa Arne Bugge Amundsen.

– No er faktisk også naturvitskap og medisin blitt interesserte i det som humaniora held på med rundt klassisk kunnskap og danning, Dei som stemmer på oss vil få meir kontinuitet gjennom meg sjølv og studiedekan Eirik Welo og fornying gjennom prodekankandidat Christine Meklenborg Salvesen og prodekankandidat Ragnhild Zorgati, la han til.

Lova eitt allmøte kvart semester

Så delegerte han tll prodekankandidat Ragnhild Zorgati å fortelja meir om visjonane dei har for HF dei neste fire åra.

–  Alle nye idear og tiltak må presenterast for dei tilsette så tidleg som mogleg. Derfor vil me ha eitt allmøte kvart semester om dette. HF har så høg kompetanse på så mange område at me må klara å jobba saman. Me inviterer også alle intereresserte til dekanatets hjørne ein gong i månaden, var lovnaden frå ein av dei to nye i team Amundsen. Ho kom også med ei oppfordring til studentane. ­–  Alle våre studentar skal ut, og samtidig skal internasjonale studentar inn, sa ho før ho også kom med ein appell til alle forskarane. ­– Aktivitetane må koma ut av engasjement frå fagmiljøa, understreka Ragnhild Zorgati.

– Skal kunna endra meining

Motkandidaten Frode Helland garanterte først og fremst ein heilt annan stil, om han blir valt til ny dekan på HF.

SKAL LYTTA TIL KRITIKK: – Me skal lytta til kritikk, og det skal samtidig vera heilt klart kva me meiner, sa dekankandidat Frode Helland på debattmøtet. (Foto: Ola Sæther)

– Open,inkluderadne og transparent leiarstil kjem me til å stå for. Me skal lytta til kritikk, og det skal samtidig vera heilt klart kva me meiner. Og me skal kunna endra meining i ein prosess dersom gode argument får oss til å gjera det, og det vil me gjera utan å tapa ansikt, understreka Frode Helland.

Så tok han tak i dagens røyndom der det ikkje blei føreslått ei løyving til fireårige bachelorstudium i særleg vanskelege framandspråk som kinesisk, japansk, arabisk og russisk.

– Om eg hadde vore dekan, ville eg ha sete meg ned saman med fagmiljøet og skrive ein kronikk der me saman hadde understreka kor viktige desse språkfaga er og at dei ikkje blir mindre viktige i framtida. Om ein slik kronikk hadde blitt skrive, kunne det ha vore svært viktig for fagmiljøet, meinte Frode Helland.

Han trekte også fram prodekankandidat for forsking, Mathilde Skoie og prodekankandidat for studium, Gunn Enli. Saman representerer me ytterpunkta på HF, alt frå klassiske fag og litteratur til media og kommunikasjon, sa han.

– Relevante fag for fleirkulturelt samfunn

Etter hans meining er enno ikkje HF rigga godt nok for dagens fleirtkulturelle samfunn.

– Rundt 30 prosent av dei potensielle studentane til HF har fleirkulturell bakgrunn. Då kan me tilby dei relevante fag som mellom anna framandspråk, retorikk, media, religionshistorie og kulturstudium. Dette er relevante fag om Noreg skal lykkast med å vera eit multikulturelt samfunn i framtida. I humaniora blir det no opna tverrfaglege forskingsprogram for oss. Der vil HF ved UiO vera det fremste i landet, trudde Helland.

Nokre tiltak som allereie eksisterer på HF, vil han gjerne utvikla vidare.

– Det er viktig å oppfordra alle forskingsområda våre til å tilby undervisning. Humaniora-labben er ein fin stad der forskarar og studentar kan koma saman for å diskutera forsking, syntest Helland.

– Partnarskap om tyskfaget

Studiedekan Eirik Welo fekk oppgåva med å presentera team Amundsens visjonar for studia på HF. Han var mellom anna opptatt av å visa kva dekanatet hadde fått til for å skapa meir merksemd rundt tyskfaget.

- Me har hatt eit partnarskap om tyskfaget med Den tyske skolen og Noregs eksportråd. Det har gitt oss ein betre samanheng og progresjon. Denne metoden ser me for oss at me også kan bruka for andre framandspråk. Studentane skal lykkast i livet, setja seg inn i forsking og gi sine bidrag for at verda skal bli betre, håpa han.

Eirik Welo var sikker på at kandidatane på HF måtte bli betre på eit viktig område.

– Dei må bli flinkare til å seia kva dei kan. Den faglege porteføljen på fakultetet er arbeidsrelevant anten du er filosof, historikar eller noko anna. Eg er dessutan viss på at me kan læra masse om digital kunnskap frå Det matematisk-naturvitkaplege fakultetet, poengterte han.

– Ikkje nok med eldsjeler

Dekankandidat Frode Helland vil utnemna professor Gunn Enli ved Institutt for media og kommunikasjon til studiedekan om han vinn dekanvalet. På debattmøtet overlet han til henne å fortelja meir om kva dei vil få til på studieområdet.

– Statsråd Iselin Nybø vil heller me skal kalla undervisningsplikt for undervisningsgøy. Derfor må me gjera det meir attraktivt å jobba med studiekvalitet. Når det gjeld arbeidsrelevans så reflekterer ikkje studia våre dagens situasjon i Oslo. Me må derfor få til innovasjon og nyskaping i undervisning og læring, tykte ho. – Det er ikkje nok med eldsjeler. For å finna fram til best moglege løysingar må undervisarar og studieadministrasjonen samarbeida. Eit tiltak kan vera å få ein meir fleksibel timerekneskap. Andre tiltak kan vera å skapa endå betre studiemiljø. Det er ein av grunnane til at eg alltid tar med meg studentane på ein tur til Det norske instituttet i Roma, sa Gunn Enli.

– Utlysingane må bli meir føreseielege og opne

Professor Mathilde Skoie er Frode Hellands prodekankandidat for forsking. Det var ho som fekk oppgåva med å presentera Team Hellands visjonar for forskinga ved HF.

– Forskarutdanning er ikkje nemnt i HFs langtidsplan. No er det viktigare enn nokon gong før, sidan NOKUT har kome med nye retningslinjer på området. Kandidatane våre skal ut i ein tøff  jobbmarknad anten utanfor eller innanfor akademia. Derfor er det viktig å styrkja CV-en deira undervegs. Det er veldig bra at HF har fått to nye senter for framifrå forskig og to ERC-stipendiatar, men det er også viktig at me tar ansvar for humanistisk grunnforsking. Stipendiatstillingane på HF er ein viktig ressurs for oss. Her må utlysingane bli meir føreseielege og opne, gjerne med ein fast dato. Det er viktig at dei blir avgjorde gjennom ein prinsipiell diskusjon i demokratiske organ., meinte Mathilde Skoie.

– Rett å lønna gode fagmiljø

Team Amundsens prodekan for forsking Christine Meklenborg Salvesen var med på Skype frå London. Etter å ha vore i tenkeboksen ei stund hadde ho kome fram til fylgjande konklusjon: – Det er rett å lønna gode fagmiljø. Men kva fagmiljø vil vera stjerne om fem eller ti år? Det veit me ikkje. Me vil difor ha eit eige karriereprogram for forskingsmiljø med stort potensial. Dei kan få opplæring i korleis dei kan henta inn eksterne midlar, sa ho.

Debatten blei avslutta med eit sluttinnlegg frå kvar av dei to dekankandidatane. Frode Helland var først i elden:

– Då me var studentar snakka med om humaniorakrisa. Det er ikkje lenger slik i dag. Alle forstår at me har blitt viktigare enn nokon gong. Som organisasjon gjer me det godt, og studentane er godt nøgde. Det kjem fram i evalueringane. HF vil gjera det sterkt i ei utlysing av senter for framifrå utdanning. Teamet vårt dekkjer heile HF. Me har ei god felles erfaring og kan jobba tett som team. Me lovar å gå rundt og snakka med folk. Nettopp derfor vil me vera teamet med tæl, sa Frode Helland i sin sluttappell.

Dermed fekk dekankandidat Arne Bugge Amundsen siste ordet.

– Teamet vårt skal vera lyttande. Det er eit stort spenn av fagleg ekspertise i teamet. Me vil ha ein idédugnad for dei neste fire åra blir ei lagnadstid for HF. Programmet vårt er handlingsorientert og ikkje berre resonnerande. Målet vårt er å gjennomføra dei sju nye prosjekta våre. Derfor må det stemma på Team Amundsen under dekanvalet, sa sitjande dekan Arne Bugge Amundsen, som no altså ynskjer attval.

 

Dette er Arne Bugge Amundsen:

– fødd i 1955

 – dekan ved HF frå 2015-2018

– førstekonservator og leiar for arkiv- og historieavdelinga ved Borgaryssel Museum, Sarpsborg, 1987-1994. Førsteamanuensis i folkloristikk, Universitetet i Oslo, 1995. Professor i folkloristikk, Universitetet i Oslo, 1996. Professor i kulturhistorie, Universitetet i Oslo, 2003.

– instituttleiar for Institutt for kulturstudium og orientalske områdestudium 2007-2014.

Om han blir attvald, vil Christine Meklenborg Salvesen bli prodekan for forsking og forskarutdanning, førstelektor Eirik Welo blir prodekan for studium og utdanning, og førsteamanuensis Ragnhild Johnsrud Zorgati blir prodekan for internasjonalisering og samfunnskontakt.

– Dette er valprogrammet til Arne Bugge Amundsen.

 

Dette er Frode Helland:

– fødd i 1964

– førsteamanuensis og seinare professor (frå 2001) i nordisk litteraturvitskap ved NTNU 1997-2004. Professor II, NTNU 2004-2007. Professor i nordisk litteraturvitskap, UiO sidan 2004.

– Leiar for Ibsensenteret ved Det humanistiske fakultet 2005-2010 og 2012-dd. 

Om han blir valt, blir professor Mathilde Skoie prodekan for forsking og forskarutdanning og professor Gunn Enli blir prodekan for studium og utdanning.

– Dette er valprogrammet til Frode Helland

150 MØTTE: Rundt 150 personar møtte då HF skipa til dekanvaldebatt i Auditorium 7 i Eilert Sundts hus torsdag 18. oktober.Her stiller instituttleiar Bjørn Olav Utvik ved IKOS spørsmål til dekankandidatane om kva dei vil gjera med økonomistyringa på HF. (Foto. Ola Sæther)

 

 

 

 

 

Emneord: Dekanvalg, HF, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2018 01:07 - Sist endra 19. okt. 2018 10:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere