Kamp om dekanvervet på HF: Frode Helland utfordrar Arne Bugge Amundsen

Frode Helland stiller  som motkandidat til HF-dekan Arne Bugge Amundsen under dekanvalet seinare i haust. Helland er leiar for Ibsensenteret, men avviser at dramaet rundt senteret er grunnen til at han utfordar den sitjande dekanen.

DEKANKANDIDAT. Frode Helland (t.h.) stiller som motkandidat til sitjande dekan Arne Bugge Amundsen (t.v.) under dekanvalet på HF frå 29. oktober til 2. november.

Foto: Ola Sæther

Frode Helland og sitjande dekan Arne Bugge Amundsen stiller opp mot kvarandre i dekanvalet ved Det humanistiske fakultetet i slutten av månaden. Det stadfestar leiar for valstyret, Toril Opsahl overfor Uniforum.

Trur val vil skapa engasjement

–To kandidatar var foreslått då fristen gjekk ut, og valstyret har no vurdert og godkjent begge forslaga.

– Vil det seia at det blir eit reelt val?
– Eg er glad for å kunne presentere to kandidatar, då eg trur at eit val er med å skape auka engasjement og felles medvit om kva retning fakultetet skal gå i. Vi inviterer alle tilsette og studentar til å engasjere seg vidare fram mot valet gjennom ei elektronisk spørjeplattform og gjennom eit ope debattmøte 18.oktober.

GLAD: – Eg er glad for å kunne presentere to kandidatar, då eg trur at eit val er med å skape auka engasjement og felles medvit om kva retning fakultetet skal gå i, seier Toril Opsahl, som er leiar for valstyret ved Det humanistiske fakultetet. (Foto: Ola Sæther)



– Var det vanskeleg å finna motkandidat til den sitjande dekanen?

– Her har eg ikkje noko å samanlikne med, sidan dette er første gongen eg er
direkte involvert i prosessen. Fleire krefter har vore i sving, og eg er overtydd om at vi har to kandidatar med sterk motivasjon til å styre HF- skuta, seier Toril Opsahl til Uniforum.

– HF treng ei ny leiing no

Frode Helland er i dag leiar for Senter for Ibsenstudiar ved Det humanistiske fakultetet, UiO. No utfordrar han altså sitjande dekan Arne Bugge Amundsen og ynskjer å overta jobben hans etter nyttår.

– Kvifor stiller du opp som dekankandidat?

– Eg er både glad og æra over å ha blitt føreslått av så mange gode folk til jobben som dekan ved HF. Ikkje minst har det vore veldig hyggeleg og oppmuntrande å registrera kor stort

Fakta om Frode Helland:

- leiar for Ibsensenteret ved Det humanistiske fakultetet

- professor i litteraturvitskap ved UiO sidan 2004

Aktuell som dekankandidat ved HF. Om han blir valt, blir professor Mathilde Skoie prodekan for forsking og forskarutdanning og professor Gunn Enli blir prodekan for studium og utdanning.

Les meir om dekankandidaturet hans

engasjement og entusiasme folk har vist for dette. Eg har fått oppfordringar og oppmuntringar frå mange medarbeidarar over heile HF, og det er mange som gjerne ville stått på lista over forslagsstillarar som ikkje er komne med, fordi me tenkte at 30 var eit passande tal. HF treng ei ny leiing no, og eg er glad for å ha fått Mathilde Skoie og Gunn Enli med på laget. Viss me blir valde vil me jobba tett saman for å få sett ein ny kurs for HF.

–Er det usemja om Ibsenstudiets lagnad som har fått deg til å seia ja til denne utfordringa?

– Striden rundt Ibsensenterets finansiering har ingenting direkte med dette å gjera. HF er sjøvsagt mykje større og viktigare enn det som ligg i finansieringsmodellen på dette punktet, og målet er å være dekan for heile HF. Fakultetet treng  ein ny kurs, og det er grunnen til at eg stiller.

– Vil forsvara universitetsdemokratiet som styringsform

– Kva er dei viktigaste sakene du vil ha gjennomført om du blir vald?

– Dette vil bli klarare når me om få dagar legg ut den plattforma me har skrive, men nokre  stikkord kan vera at me vil forsvara universitetsdemokratiet som styringsform, forsvara kjernen i HF, styrkja tverrfagleg forsking og undervisning, utvikla ein framtidsretta strategi for digital humaniora, bli mykje klarare på HFs rolle i eit multikulturelt Noreg, og knyta forsking og undervisning tettare saman.

– Er det nokre av avgjerdene til  dagens dekanat du vil reversera?
– Me går ikkje til val på omkampar, men eg kan forsikra om at både leiingsform og strategisk innhald vil endra seg.

– Korleis reknar du med at sjansen er for å vinna dekanvalet?

 – Ut frå dei mange tilbakemeldingane eg har mottatt, og ikkje minst styrken i engasjementet hos folk, så trur eg at sjansane er gode, seier Frode Helland til Uniforum.

Lovar prosjektdefinert og inkluderande leiing

HF-dekan  Arne Bugge Amundsen har sete i vervet i snart fire år etter at han vann ein hårfin siger over motkandidat Jens Braarvig  i 2014.

Fakta om Arne Bugge Amundsen:

- dekan ved Det humanistiske fakultetet sidan 2014

- professor i folkloristikk ved UiO sidan 1996 og i kulturhistorie sidan 2003.

Aktuell som sitjande dekan som ynskjer attval: Om han blir attvald, vil Christine Meklenborg Salvesen bli prodekan for forsking og forskarutdanning, førstelektor Eirik Welo blir prodekan for studium og utdanning, og førsteamanuensis Ragnhild Johnsrud Zorgati blir prodekan for internasjonalisering og samfunnskontakt

Les meir om dekankandidaturet hans

– Det.har vore ein viss strid rundt Ibsensenteret og motkanddaten din Frode Helland leier senteret. Har det  hatt noko å seia for at det stiller opp ein motkandidat mot deg som dekan?

 – Eg overlet  til andre å tolka motivasjonen til min motkandidat, seier Arne Bugge Amundsen til Uniforum.
– Kva vil bli dei viktigaste tinga du vil ha gjennomført om du blir valt?

– Vårt valgprogram blir snart offentleggjort, så detaljane kjem då. Men eg har med meg eit

flott og dynamisk dekanteam, og me har definert nokre felles prosjekt som me skal arbeida saman om. Det vil bli ei  anna arbeidsform enn den som har vore vanlig til no - prosjektdefinert og inkluderande leiing. Prosjekta - dei er sju  i talet - vil handla om sentrale område der me  meiner HF har viktige oppgåver å løysa, og der me treng synspunkt frå fakultetet sine tilsette.

– Kva er du mest nøgd med av dei tinga du har fått gjort i denne dekanperioden?
– Eg meiner mitt dekanat har lykkast særleg godt med dette:
- gjennomslag i regjeringas stortingsmelding om humaniora
- god uttelling i Forskningsrådets nasjonale evaluering av humaniora

- ein ny runde med faglege prioriteringar, der initiativ og fagutvikling i og mellom disiplinane blei gjorde synlege og der me har fått til spennande koplingar mellom forsking og utdanning
- at me no veit mykje meir om studentane sine val og prioriteringar
- at me no veit mykje meir om samfunnet og arbeidsgjevarar sin kunnskap om og forventningar til HF
- brei rekruttering til stillingar både nasjonalt og internasjonalt
- eit vellykka  karriereløpsprogram for yngre forskarar

- eit masterrettleiingsprogram basert på prinsippet om kollegarettleiing.

Det opplyser HF-dekan Arne Bugge Amundsen til Uniforum.

Den neste store styrkeprøven mellom dei to dekankandidatane er altså debattmøtet den 18. oktober. Det skjer klokka 14.15-16.00 i  auditorium 7 i Eilert Sundts hus. Det elektroniske dekanvalet på Det humanistiske fakultetet tar til 29. november og varer fram til 2. november. Alle som er tilsette i minst 50 prosent stilling, er professor II ved fakultetet og med aktiv deltaking den dagen stemma blir gitt. Og alle semesterregistrerte studentar ved Det humanistiske fakultetet hausten 2018 kan også delta i dekanvalet.

Les meir om gjennomføringa av dekanvalet på Det humanistiske fakultetet.

(Oppdatert 2. oktober klokka 10.56 med intervju med dekankandidatane Frode Helland og Arne Bugge Amundsen)

Emneord: Dekanvalg, Demokrati, HF Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2018 17:56 - Sist endra 2. okt. 2018 11:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere