Demonstrerte mot avslag på opptak til master

Viktoria Jensen fekk avslag på opptak til masterstudiet i spesialpedagogikk, blei ho svært skuffa.  – Eg får ikkje sova fordi eg veit at dette er urettferdig.

Fredag demonstrerte ho utanfor Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved UiO.

BYRÅKRATI: – Eg er eit enkelt menneske, og eg står imot eit byråkrati eller kanskje ein feil som er sett i system, seier Viktoria Jensen. Fredag 31. august demonstrerte ho mot at ho har fått avslag på opptak til masterprogrammet i spesialpedagogikk.

Foto: Martin Toft

I nesten 20 år har Viktoria Jensen budd i Noreg og jobba som musikklærar for barn og unge. Ho kom til Noreg med ei åtte år lang pedagogisk utdanning frå heimlandet Kviterussland. I år ynskte ho å ta meir utdanning, og derfor søkte ho seg inn på spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Svaret ho fekk, var ikkje det ho hadde håpa:

– Eg ligg godt over B

– Eg kom ikkje inn på masterstudiet i spesialpedagogikk fordi eg ikkje nådde opp i konkurransen. Då eg bad opptakskontoret om eit utvida svar på det, kom det mange svar, men ingen av dei viste til kva karakter eg hadde fått. Etter kvart fekk eg som svar at eg hadde kome på ein svak B, dvs.under 4. Min toppkarakter på 5 blei rekna om  til 4,3 og min 4 -karakter blei rekna om til 3. Det meiner eg er urettferdig, for når eg reknar alle mine karakterar, ligg gjennomsnittskarakteren min på 4,5. Dette utgjer 91 prosent av det 100 prosent moglege. Det viser at eg ligg godt over B, understrekar Viktoria Jensen overfor Uniforum.

Ho har også skrive ned grunngjevinga for avslaget som ho fekk frå det sentrale masteropptaket ved Universitetet i Oslo. Der heiter det:

 «Grunnet forskjeller på utdanningssystemer og karaktersystemer er ikke nødvendigvis en toppkarakter fra ett land tilsvarende en toppkarakter fra et annet land», står det.  

Den forklaringa godtar ikkje Viktoria Jensen.

– Det reagerer eg sterkt på. For toppkarakteren kan eg ikkje forandra på. Og eg kan heller ikkje endra læringsopplegget eg var på. Derfor synest eg det er urettferdig av UiO å seia det. Dei kan heller ikkje svara på kva omrekningsverktøy dei brukte for å koma fram til at eg hadde ein svak B, seier Viktoria Jensen.

Etter hennar oppfatning har Universitetet i Oslo heller ikkje rekna med alle faga ho har tatt.

– I det siste brevet til meg viser dei til at eg har få timar i pedagogikk. Dei kan vurdera opptaket på to måtar. Dei som har utanlandsk utdanning, blir vurderte individuelt. Så begynte dei å blanda dei to måtane, og sa at eg hadde for få timar i pedagogikk, sjølv om det ikkje stemmer. Hos meg har dei ikkje tatt med historie i pedagogikk og metodikk i musikk. Dei kutta mange av desse timane. Skal dei sjå på gjennomsnittskarakteren, så må dei gjera det for meg også, og den ligg på 4,5. Det er uforståeleg for meg kvifor dei drog meg så langt ned.

– Krev rettferdig behandling

– Har du sendt inn klage også?

– Ja, eg har fått fleire svar på den. Dei er så lite forklarande for dei klarer ikkje å fortelja kvifor karakteren blei dregen så langt ned. Eg står derfor på vidare og krev rettferdig behandling. Eg har også sjekka NOKUTs og Samordna opptaks nettsider, og eg ser at utdanning frå Kviterussland med karakterskala 3-5, blir sett ned på. Om eg hadde fått berre 5-arar, hadde eg fått karakteren 5 i eit karaktersystem frå 1 til 6, seier ho.

– Universitetet skal behandla meg individuelt sidan eg har utanlandsk utdanning, og då er det viktig at dei viser skjønn, legg ho til.

– Glad i å studera

– No demonstrerer du med eit eige staffeli med karakterane dine og med hunden din rundt deg. Trur du at det hjelper å demonstrera på denne måten?

– Eg veit ikkje. Eg er eit enkelt menneske, og eg står imot eit byråkrati eller kanskje ein feil som er sett i system. Eg får ikkje sova fordi eg veit at dette er urettferdig. Eg har åtte år lang pedagogisk utdanning frå Kviterussland, og eg var ein av dei beste studentane då eg gjekk ut. Det viser at eg er flink til å studera, glad i å studera og eg trudde at universitetet såg på det i samanheng, både den vidaregåande utdanninga mi og universitetsutdanninga mi. Og gjennomsnittskarakteren min på 4,5 av 5 moglege er ikkje verst, synest eg, seier ho.

– Har du fått støtte?

– Ja, eg har fått støtte frå studentar, og eg har fått snakka med nokre lærarar her. Stort sett er folk positive til at eg står her og protesterer.

Søkjarar vert rangerte individuelt

Uniforum har vore i kontakt med avdelingsdirektør Hanna Ekeli i Avdeling for fagstøtte og  forklart henne situasjonen til Viktoria Jensen.

– Eg kommenterer ikke enkeltsaker, men på generelt grunnlag kan eg seia at mastersøkjarar med utanlandsk utdanning vert rangerte ved hjelp av ei individuell vurdering basert på skjønn. jf. Forskrift om lokale opptak til UiO §6-1 (2). Vurderinga vert mellom anna basert  på kunnskap om landets utdanningssystem, og det faglege innhaldet og nivået til utdanninga.

Hanna Ekeli kjem også med ei forklaring på kvifor Viktoria Jensen ikkje har fått vita kor mange poeng ho har fått i omrekning.

– Fordi søkjarar med utanlandsk utdanning blir vurderte på grunnlag av skjønn, har dei ingen fastsett poengsum, slik som ordinære søkjarar har.

– Skulle fått poenggrensene på studia

Hanna Ekeli meiner likevel at Viktoria Jensen skulle fått svar på kor mange poeng den siste søkjaren som fekk studieplass, hadde.

– Me gir normalt opp poenggrensene for studia, så dersom søkjaren ikkje har fått oppgitt dei, må det vera på grunn av ei misforståing, seier ho til Uniforum.

1577 søkjarar fekk avslag

Hanna Ekeli opplyser også at det i årets masteropptak var 1577 søkjarar som var kvalifiserte til eit studium, men som ikkje nådde opp i rangeringa. Av dei hadde 270 utanlandsk utdanning.  Sjølv om Viktoria Jensen har budd 20 år i Noreg og har lang praksis som musikklærar i Noreg, understrekar Hanna Ekeli at ho likevel må vurderast på grunnlag av karakterane i den faglege fordjupinga som programmet krev.

Søkjarar til master vert i utgangspunktet rangerte på bakgrunn av karakterane i den faglege fordjupinga som er fastsett av programmet. Det kan gjevast tilleggspoeng for anna høgare utdanning, relevant praksis, motivasjonssøknad, intervju og/eller eigne arbeid. Bruk av tilleggspoeng skal i så fall gå fram av programomtalen for det enkelte masterprogrammet. Det er ikkje fastsett bruk av tilleggspoeng for masterprogramma i spesialpedagogikk (https://www.uio.no/studier/program/spesped-master/index.html ). Det vert heller ikkje gitt tilleggspoeng for butid i Noreg, seier Hanna Ekeli.

 

 

Emneord: Studentforhold, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Studentsaker, Undervisning, pedagogikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2018 17:05 - Sist endra 7. sep. 2018 00:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere