UiO er det mest synlege universitetet på nett i Noreg

Universitetet i Oslo er nummer tre i Norden og best i Noreg i ei måling som viser kva universitet som er mest synlege på nett. Københavns Universitet og Universitetet i Helsinki tar første- og andreplassen i Norden.

PÅ TOPP I NORDEN: UiO er på tredjeplass i Norden på rangeringa over dei mest synlege universiteta på nett. I Europa plasserer UiO seg som nummer 16, medan universitetet er mellom dei 85 mest synlege på nett i verda. Det syner den siste målinga til Webometrics.

Foto: Ola Sæther

Det er på julimålinga til Webometrics Universitetet i Oslo ligg blant dei tre beste i Norden. Dermed tangerer UiO plasseringa frå januarmålinga. Også då var Københavns Universitet og Universitetet i Helsinki på gull- og sølvplass i Norden. Den samla poengsummen til UiO gir universitetet ein sekstandeplass i Europa og ein 85.-plass på lista over verdas mest synlege universitet på nett.

   • Les også i Uniforum:

Universitetet i Oslo på tredjeplass i Norden på nett

UiO mellom Nordens mest synlege universitet på nett

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.

Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 5 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 10 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 35 prosent.

(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Måler kor synleg ein institusjon er på nett

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2012-2016. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen.  Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics.

Seks amerikanske universitet på topp

Ikkje heilt uventa blir rangeringa toppa av dei amerikanske universiteta Harvard, Stanford og Massachusetts Institute of Technology.  Dei seks universiteta på topp er alle amerikanske. Det første ikkje-amerikanske universitetet er University of Oxford, og det kjem på ein sjuandeplass på lista til Webometrics. Nabouniversitetet i Cambridge kjem på tiandeplass. Dei to universiteta toppar dermed lista over Europas mest synlege universitet på nett. På tredjeplass kjem University College London.

Best i verda:

1. Harvard University

2. Stanford University

3 .Massachusetts Institute of Technology http://www.webometrics.info/en/world

To danske og eit norsk universitet slår det beste svenske

Det beste nordiske universitetet er Københavns Universitet på niandeplass i Europa. Deretter fylgjer Universitetet i Helsinki på fjortandeplass, medan Universitetet I Oslo endar på sekstandeplassen i Europa. Det gir UiO altså ei plassering som nummer 85 over verdas mest synlege universitet på nett.  

Det nest-beste danske universitetet, Aarhus Universitet tar 18-plassen, og det er då betre enn det beste svenske universitetet, Lunds universitet som plasserer seg som nummer 26 i Europa, ein plass høgare enn Uppsala universitet. Det mest prestisjetunge svenske universitetet, Karolinska Institutet hamnar denne gongen som nummer 46. Grunnen kan vera at Karolinska Institutet er eit reint medisinsk universitet, og dermed ikkje omfattar så mange fag som dei andre universiteta på denne rangeringa.

Best i Europa:

1. University of Oxford

2. University of Cambridge

3. University College London

4. ETH Zürich/Swiss Federal Institute of Technology I Zürich http://www.webometrics.info/en/Europe

Nedtur for NTNU

Universitetet i Bergen er nest best av dei norske på denne rankinga, og legg seg inn på ein 59.-plass i Europa. Universitetet i Tromsø plasserer seg som nummer 196 i Europa.

Best I Noreg:

  1. Universitetet i Oslo
  2. Universitetet I Bergen
  3. Universitetet i Tromsø
  4. NTNU
  5. Universitetet I Agder
  6. Universitetet I Stavanger
  7. OsloMet/Høgskolen i Oslo og Akershus (Kjelde:Webometrics)

NTNU må ha vore inne i ein nedgangsperiode då målinga til denne rankinga blei gjennomført eller så må det ha skjedd ein alvorleg feil under innsamlinga av data. NTNU endar nemleg så langt nede som nummer 370 i Europa, nesten 300 plassar under den 72.-plassen det fekk på januarmålinga. Det må vera langt dårlegare enn dei ambisjonane rektor Gunnar  Bovim og styret har sett seg som mål for Noregs største universitetet.

Universitetet i Agder landar også heller langt bak NTNU. Det finn me som nummer 420 i Europa. Det slår likevel Universitetet i Stavanger som tar plassen som nummer 462. I denne rangeringa heiter OsloMet framleis Høgskolen i Oslo og Akershus. Hos Webomtrics endar OsloMet opp som nummer 575 av dei europeiske universiteta.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. aug. 2018 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere