UiO mellom Nordens mest synlege universitet på nett

Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden over dei universiteta som er mest synlege på nettet. Det viser julirangeringa frå Webometrics over dei universiteta i verda som har mest mogleg av den samla vitskaplege produksjonen tilgjengeleg på nettet.

GODT SYNLEG PÅ NETT: Universitetet i Oslo er på tredjeplass mellom dei mest synlege universiteteta på nett i Norden, syner den siste rangeringa frå Webometrics.

Foto: Ola Sæther

UiO-rektor Svein Stølen synest at det er hyggeleg at Universitetet i Oslo gjer det så bra når det gjeld å vera synleg og tilgjengeleg med forsking og formidling på nett.

– Både i Norden og i Europa gjer UiO det godt. Sjølv om me alltid må ta desse rangeringane med ei klype salt, så må me ta til oss at dei som arbeider for at UiO skal gjera forsking mest mogleg tilgjengeleg gjennom nettet, altså uio.no, gjer ein god innsats, understrekar Stølen. 

– Dessutan tar rangeringa opp parameter som er viktige for oss, til dømes både formidling og forsking.  Og UiO blir samanlikna med andre universitet, og då gjer me det godt. Det er fint å bli lagt merke til på denne måten utanfor landets grenser, synest UiO-rektor Svein Stølen.

Det er Københavns Universitet og Universitetet i Helsinki som gjer det best av dei nordiske universiteta på den siste rangeringa frå Webometrics, som er eit byrå tett knytt til

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.

Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.

(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Spanias forskingsråd. På tredjeplass kjem Universitetet i Oslo, før dei svenske universiteta Uppsala universitet og Lunds universitet kjem på fjerde- og femteplass i Norden. I rangeringa som blei publisert i januar, var det UiO som tok førsteplassen i Norden. No må det altså sjå seg slått av universiteta i København og i Helsinki.

Harvard best i verda

Heilt øvst på lista over verdas aller mest synlege universitet på nett ligg Harvard University, Stanford University, Massachusetts Institute of Technology (MiT) og Berkeley-universitetet i USA. På topp i Europa ligg University of Oxford, som tar sjuandeplassen på verdsrankinga. University of Cambridge tar andreplassen i Europa, medan University College London kjem på tredjeplass. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH/Swiss Federal Institute of Technology Zürich i Sveits. Det er på ein 34.-plass på verdsstatistikken og nummer fire i Europa.

På topp 20 i Europa

Førsteplassen i Norden gir Københavns Universitet ein 13.-plass i Europa, medan Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo kjem på 15.- og 18.-plass. På verdsrangeringa plasserer UiO seg som nummer 96. I januarmålinga kom UiO på ein tolvteplass i Europa og på ein 83.-plass i verda.

Les meir: Universitetet i Oslo mest synleg på nett i Norden

Karolinska blir slått på heimebane

På denne rangeringa kjem Karolinska Institutet i Stockholm på 43.-plass i Europa, 20 og 19 plassar bak Uppsala universitet og Lunds universitet.

Av dei norske universiteta finn me NTNU på 67.-plass i Europa, medan Universitetet i Bergen ligg som nummer 73. Universitet i Tromsø/Noregs arktiske universitet hamnar som nummer 204 i Europa.

Dei mest synlege universiteta på nett i verda

Dei mest synlege universiteta på nett i Europa

(Oppdatert med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen kl. 16:00)

 

Emneord: Internasjonalisering, Norden, Rangeringer Av Martin Toft
Publisert 8. aug. 2017 11:12 - Sist endra 8. aug. 2017 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere