Ser fram til ei utdanning for religiøse leiarar ved UiO

Ei utdanning av religiøse leiarar ved Det teologiske fakultetet ved UiO vil vera positiv både for trusamfunna og for det norske samfunnet. Det var alle einige om i ein debatt i regi av UiO på Arendalsuka i formiddag.

BEST KARAKTER I KRISTENDOM: Arbeidarpartiets innvandringspolitiske talsmann, Masud Gharakhani fekk best karakter i kristendom i grunnskulen, opplyste han i debatten. Der møtte han også Kari Mangerud Alvsvåg, som er prost i Sarpsborg og styremedlem i samarbeidsrådet i Østfold. I bakgrunnes står likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Foto: Ola Sæther

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

Kva slags religiøse leiarar treng me i Noreg? Det var spørsmålet teologidekan og debattleiar Aud Tønnessen ville ha svar på frå eit panel sett saman av personar frå både Stortinget, akademia, muslimske trussamfunn og Den norske kyrkja. Ho tok utgangspunkt i at Stortinget i samband med integreringsforliket i fjor, løyvde pengar til fakultet for å utdanna leiarar for relevante trussamfunn, Det var også svaret på spørsmålet om det skulle etablerast ei eiga norsk imamutdanning, slik Arbeidarpartiet kom med eit framlegg om seinast i januar i år.

- Den gongen peika kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø på at Noreg treng moralske religiøse leiarar som kan vera moderne og med ei utdanning som er betre tilpassa norske forhold enn den utdanninga dei har i dag. Kvifor er dette så viktig, spurte Aud Tønnessen først stortingsrepresentant Tina Shagufta Kornmo frå Venstre.

- Må ha opplæring i teieplikt

- Det er viktig for Noreg har fått ei minoritetsbefolkning med norskfødde med same religion som sine foreldre. Det er eit stort sprik mellom religiøse leiarar frå ulike religionar og religiøse leiarar utdanna i Noreg. Andre religiøse leiarar treng også kunnskap om sjelesorg, som er eit kristent omgrep, men som vil vera nyttig for andre også. Dessutan må alle ha opplæring i teieplikt. Det er viktig for både prestar og andre yrkesgrupper i Noreg. Det er derfor fint at UiO vil ha imamutdanning, meinte Tina Shagufta Kornmo. -

- Må ta oppgjer med homofobi

Også Arbeidarpartiets innvandringspolitiske talsmann Masud Gharakhani var positiv til ei slik utdanning:

- Menneskerettar er viktig. Og det er viktig med religiøse leiarar som kan ta oppgjer med homofobi. Me vil få meir debatt om religionsfridom sett opp mot menneskerettar. Menneskerettar er det viktigaste, understreka han.

Gharakhani peika på at utgangspunktet hans var vervet som gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret i Drammen.

- Muslimske trussamfunn har i dag 153 000 medlemmar i Noreg. Me må difor ha religiøse leiarar som ser likestilling som eit suksesskriterium. Og me må også ha kvinnelege imamar, tykte han.

- Har stor makt

Likestillings- og diskrimeringsombod Hanne Bjurstrøm gav honnør til norske politikarar. - Dette er sensitive spørsmål, så derfor er det viktig at politikarane har klart å bli einige om eit integreringsforlik. Me må ha religiøse leiarar som kan fundamentale demokratiske prinsipp i Noreg. Også spørsmålet om teieplikt er viktig å ta opp. Religiøse leiarar har stor makt. Det er viktig å vera seg medviten den makta. Me har over tid pressa Den norske kyrkja til å akseptera homofile og kvinnelege prestar. Men me treng ikkje berre diskusjon om imamutdanning, men om utdanning av religiøse leiarar, understreka ho.

Maud Gharakhani stod fast på framlegget sitt om at trussamfunn bør mista statsstøtte om det ikkje er minimum 40 prosent kvinner i styret.

- Det handlar om alle trussamfunn. Kvinner er til stades i alle trussamfunn, også i andre trussamfunn som tar imot statsstøtte, peika han på.

Venstres Tina Shagufta tykte det var litt for drastisk.

- Også Den norske kyrkja trengte tid for å oppnå større påverknad frå kvinner, og opp til 40 prosent kvinner i styra. Derfor må me gi dei litt tid, meinte ho.

Hanne Bjurstrøm gav henne støtte:

- Me må vera merksame på at nokre kyrkjesamfunn har dogme om at kvinner ikkje kan ha enkelte verv i kyrkja, til dømes Den katolske kyrkja. Om ikkje noko skjer, kan ty til meir drastiske verkemiddel. Me må vera rause først og fremst.

Tina Shagufta Kornmo viste til kva som skjedde då ho og andre hadde starta organisasjonen Likestilling, Integrering og Mangfold (LIM).  - Det første me gjorde var å invitera ein homofil imam frå USA til Noreg. Det viser at det skjer endringar også i islam, konstaterte ho.

STØTTAR UTDANNING AV RELIGIØSE LEIARAR: Teologidekan
Aud Tønnessen fekk støtte frå paneldeltakarane i ynsket om å starta ei utdanning for religiøse leiarar. Til høgre for dekanen Håvard Kleppa, Masud Gharakhani, Tina Shagufta Kormo, Hanne Bjurstrøm, Anne Hege Grung, Kari Mangerud Alvsvåg og Savet Bektovic. Delvis skjult til høgre: Faruk Terzic. (Foto: Ola Sæther)

- Imanane må ha fleksibilitet til å tenkja nytt

Også Faruk Terzic, imam i det bosniske islamske samfunnet i Oslo støtta forslaget om ei utdanning for religiøse leiarar ved UiO. - Dei kan mykje om islam desse religiøse leiarane. Men imamane må ha fleksibilitet og evne til å tenkja nytt. Alle nye kontekstar og utfordringar treng nye løysingar. Når dei er i Noreg og i Vesten må dei forstå mykje om demokrati og korleis samfunnet fungerer. Og dei kan bidra med si erfaring og utdanning til andre som ikkje er muslimar. Eg synest det er eit viktig steg med imamutdanning ved UiO. Det er viktig at Det teologiske fakultetet kan bidra til utdanning og videreutdanning av imamar. Kva skal ein imam kunne tilby, som ikkje har utdanning i Koranen og i islam. Det er også naudsynt for å vera leiar i samfunnet, slo han fast.

- Viktig med slik utdanning

Prost Kari Mangerud Alvsvåg i Sarpsborg er frå det området i Noreg der flest personar er blitt rekrutterte til IS (Den islamske staten i Syria og Irak). Ho ser behov for ei eiga utdanning for religiøse leiarar: - Ja, det er viktig med ei slik utdanning som me ser konturane av no. Eg har jobba mykje med muslimar, og det har vore viktig for meg. Derfor er det naudsynt med både mot og kompetanse. Kven er det som treng religiøse leiarar. Kven er me som skal bestemma kva type religiøse leiarar me treng? Det som er viktig, er at me har tillit. Om nokon sin religiøse leiar er styrt av andre, ville dei ikkje ha tillit blant sine eigne. Tillit er svært viktig. I Noreg er det generelt låg kompetanse på religion Det jobbar me for å gjera noko med i Østfold, sa ho.

- Kjønnsrettferd heller enn kjønnslikestilling

Førsteamanuensis Anne Hege Grung har ansvaret for å utvikla ein modul med utdanning av religiøse leiarar ved Det teologiske fakultetet:

- Det blir eit studium som er ope for alle både kvinner og menn, og ulike religionar. Me tenkjer ofte på religiøse leiarar som noko fasttømra. Det skjer endringar i synet på kjønn og likestilling i religionene. Er det berre dei som har ei religiøs tolkingsmakt som er religiøse leiarar? Kjønnsrettferd er viktig å bruka som omgrep i staden for kjønnslikestilling. Praktiserer me rettferd overfor kvinner, kan vera eit spørsmål alle er opne for, trudde ho.

- Inga hindring for kvinnelege imamar

Safet Bektovic er førsteamanuensis i islam-teologiske studium ved UiO. I debatten såg han ikkje noko problem med kvinnelege imamar . - Det finst inga hindring for kvinnelege imamar. Også i mange kristne kyrkjer er det ikkje tillate med kvinnelege leiarar. Religiøse leiarar må ha forskjellig kompetanse for forskjellige rolller. For å rettleia ungdom må dei ha gode kommunikative evner. Dei som skal i samtale med folk frå andre religionar, må ha spesielle føresetnader for det, understreka Bektovic. Anne Hege Grung såg mange fordelar med utdanning av religiøse leiarar.

- Dei som kjem inn i programmet vil koma inn i ein norsk omsorgsinstitusjon eller i fengselsvesenet eller i Forsvaret. Det er ein rettferdsprosess for å få opp nivået på alle livssynsamfunn. Human-Etisk Forbund er også inne på det området. Dei har vore heilt sentrale i den dialogen me har hatt i samarbeidsrådet for tru- og livssynssamfunn. Dialog mellom sekulær humanisme og religionar er svært viktig, konstaterte Grung.

- Fekk best karakter i kristendom

Masud Gharakhani avslutta debatten med å koma med eit privat vitnemål. - Eg meiner at me har felles verdiar i Noreg som alle må støtta opp om uansett religiøs og etnisk bakgrunn. Eg er truande muslim, fødd i Iran, vaks opp i verdas beste land, gjekk i Misjonskyrkja og blei aldri spurt om å konvertera. Og eg fekk beste karakter i kristendom, avslørte han. Rundt 50 personar kom på denne debatten om bord i M/S Sunnhordland i Arendal.

 

Emneord: Teologi, Arendalsuka Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2018 15:53 - Sist endra 19. aug. 2018 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere