La ned grunnstein for nytt jussbygg ved Tullinløkka

- For oss er det viktig å leggja Noregs lover i denne grunnsteinen.  Det sa UiO-rektor Svein Stølen då han var med på å leggja ned grunnsteinen for det nye jussbygget i Kristian August gate i ettermiddag.

NOREGS LOVER: Rektor Svein Stølen la eit eksemplar av Noregs lover opp i boksen som skal symbolisera grunnsteinen for det nye jussbygget som no er under oppføring i Kristian Augusts gate. Bak til venstre står Oslo-ordførar Marianne Borgen.

Foto: Ola Sæther

Det er det delvis statseigde eigedomsselskapet Entra som er byggherre for det nye jussbygget som no reiser seg i Kristian Augusts gate ved Tullinløkka i Oslo.  Til den offisielle grunnsteinsnedlegginga hadde selskapet invitert forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, UIO-rektor Svein Stølen, jussdekan Dag Michalsen og Oslo-ordførar Marianne Borgen. Entras eigen administrerande direktør Arve Regland var vert og var sjølvsagt også til stades.  

   • Les meir i Uniforum: Vil ha ny jusbygning i sentrum

Gav godt råd til juss

Statsråd Iselin Nybø var mest oppteken av det som skal skje når bygget er klart til å ta imot studentar og tilsette.

– Det er det som skjer innanfor veggane som er viktig. Altså undervisning og studiar,understreka ho.

Samtidig kom den tidlegare jusstudenten Iselin Nybø med eit godt råd til Det juridiske fakultetet. –  På Wikipedia står det mest om dei gamle bygningane til Det juridiske fakultetet. De burde heller ha skrive at de er blant verdas fremste juridiske ekspertar på folkerett og havrett. Og samtidig burde de ha flagga at det har Noregs aller fremste studentar, meinte ho.  

– Så håpar eg at eg blir invitert tilbake til opninga, sa Iselin Nybø.  

- Kunnskap og kultur skal møta folket

Universitetet i Oslo lanserte saman med Oslo kommune for ei tid sidan tanken om Kunnskapsbyen Oslo. Det greip også rektor Svein Stølen tak i i sin tale før nedlegginga av grunnsteinen.

–  Eitt av kunnskapsdistrikta blir her på Tullinløkka. Her skal kunnskap og kultur møta folket. Han viste også korleis UiO har vore viktig for Noregshistoria. – Universitetet i Oslos juristar var sentrale aktørar under grunnlovsjubileet i 2014, peika han på. 

Jussdekan Dag Michalsen håpa at den nye jussbygningen kunne gi eit nytt løft for både studentar og tilsette ved Det juridiske fakultetet. 

– Det blir ein viktig bygning som er eit godt bidrag til at det kan bli både god undervisning og godt studentmiljø på juss. Og det er viktig å nemna at det var min forgjengar som dekan Hans Petter Graver som lanserte ideen om eit nytt bygg for undervisning på juss i eit innlegg i Aftenposten september 2009. Og fakultetsdirektør Benedicte Rustad og hennar stab har klart å få det gjennomført,  slo han fast. 

Oslo-ordførar Marianne Borgen var viss på at bygningen vil vera med på å skapa nytt liv.

– Dette har lenge vore ein litt død del av byen. Men når 4000 studentar kjem til å vandra over Tullinløkka i framtida, vil det bli ei vitalisering av  denne delen av byen. Eg er glad for at Oslo er Noregs største studentby, sa ho.  

PRØVDE HJELMEN: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø prøvde hjelmen før ho og dei andre inviterte skulle spasera vidare bort til Kristian Augusts gate der den nye jussbygningen er under oppføring. Til venstre sit Oslo-ordførar Marianne Borgen og UiO-rektor Svein Stølen. ,Entra-direktør Arve Regland sit lengst til høgre. (Foto: Ola Sæther)

Minna om protestane

Entra-direktør Arve Regland lova at Tullinløkka skulle bli noko heilt anna i framtida.

– Me ynskjer å skapa masse liv og røre her og eit livleg gatetun. Eg legg ikkje skjul på at det var ein del protestar mot planane våre i byrjinga då Tronsmo bokhandel måtte ut av dei gamle lokala sine, men heldigvis skaffa dei seg nye lokale like ved, konstaterte han. 

Grunnstein med symbolsk innhald

Før grunnsteinnedlegginga tok til, måtte alle ta på seg hjelm og refleksvest, og så gjekk alle i samla tropp frå Professorboligen og bort til anleggsområdet i Kristian Augusts gate.

Der la altså UiO-rektor Svein Stølen Noregs lover i boksen som symboliserte grunnsteinen, medan Iselin Nybø la den oppdaterte Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning i den same boksen. Ordførar Marianne Borgen la eit eksemplar av FNs barnekonvensjon der, medan Entra-direktør Arve Regland la ei samling av alle planane for Tullinløkka. Så blei boksen lukka, ført ut av bygningen og lagt på ein palle. Deretter blei boksen heist høgt til vers av ein heisekran til den nådde ein av toppetasjane. Der skal boksen få plass til evig tid innanfor murveggane.

Emneord: Juss, Bygninger, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. aug. 2018 16:07 - Sist endret 21. aug. 2018 17:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere