Langeland best kvalifisert - er ikkje kalla inn til intervju

Den avskjediga professoren Nils Rune Langeland meiner han har fått yrkesforbod. Han får støtte frå jussprofessor.

BLEI IKKJE KALLA INN: Nils Rune Langeland har flytta heim i kjellarstova til foreldra på Voss. Han er ikkje kalla inn til intervju i Volda, sjølv om komiteen fann han best kvalifisert, og han fryktar at han i praksis har fått yrkesforbod i norsk akademia.

Foto: Dag Hellesund/På Høyden

Langeland har fått avskjed frå Universitetet i Stavanger, i ei sak som inkluderer sex-meldingar, alkoholproblem og #metoo-kampanje. Men historikaren er budd på å ta saka til Høgsterett, som han sjølv har skrive historia om, opplyser han til På Høyden.

Rangert på topp

Han har søkt stilling som historieprofessor i Volda, og blei innstilt på ein klar førsteplass av den sakkunnige komiteen, som vurderer kvaliteten på forskinga til kandidatane.

«I ei samla vurdering av søkarane vil komiteen innstille Langeland som nummer ein. Dette i kraft av både tematisk breidde og analytisk kraft.» skriv komiteen i si innstilling. Dei finn og at det er ein «forfriskande djervskap» over doktoravhandlinga til Langeland: «Få, om nokon, stipendiatar gir seg i kast med noko tilsvarande». Avhandlinga handlar om grunnlaget for legitim politisk makt i Tyskland frå Bismarck til Hitlers maktovertaking i 1933.

Likevel er han ikkje kalla inn på intervju til stillinga, men har fått melding om at tre andre kandidatar har vore på intervju og prøveundervisning. Det er vanleg å kalle inn dei best kvalifiserte kandidatane på intervju.

I førre veke purra han på tilsettinga. Han fekk til svar at dei hadde hatt tre inne på intervju, og at dei i løpet av veka skulle avgjere om dei skulle kalle inn fleire. Langeland høyrde ikkje noko i løpet av veka, og alt tyder difor på at han ikkje blir rekna som aktuell til stillinga.

   • Les også: Langeland går til sak mot staten for ulovlig oppsigelse

   • Les også: Nils Rune Langeland: - Eg sit på akademisk death row

– Prosessen er ikkje avslutta. Eg kan ikkje seie meir no, skriv Volda-rektor Johann Roppen i ein kommentar. Trass i mange forsøkt har ikkje På Høyden lukkast i å komme i kontakt med personalsjef Randi Lisbet Urke ved Høgskulen i Volda.

Matteuseffekt

– Dette lovar ikkje godt. Det burde ikkje vere så vanskeleg: Enten kallar dei meg inn, eller så gjer dei det ikkje. Eg trur det er 95 prosents sjanse for at eg ikkje blir kalla inn.

Dermed kan yrkesforbodet Langeland har frykta å ha fått etter saka i Stavanger vere eit faktum. Han ser for set at han ikkje vil få jobb nokon stad i akademia.

– Kva vil du då gjere? Omskolere deg?

– Eg har gjort mitt i det norske utdanningssystemet, og ikkje tale om at eg tek noko anna utdanning. Då får eg heller flykte til eit land i Afrika eller Asia.

Han meiner at Matteuseffekten herskar i det norske samfunnet, der dei som har får i overflod, mens dei som ikkje har blir fråtatt sjølv det dei har.

– Du har ufortent gode karrierer, og ufortent dårlege. Om du av ein eller annan grunn skulle hamne på kant med det politisk korrekte, så er du utanfor. Dette er rett og slett bygdedyret på nasjonalt nivå. Og det treng ikkje vere spesielt gode grunnar til det eine eller det andre. Eg meiner at det er ufortent brutalt å bli kasta ut av samfunnet på denne måten.

Får ikkje pengar frå Nav

No er han arbeidslaus, og har flytta heim til Voss.

– Eg har flytta frå Stavanger, og bur no i kjellarstova heime hos foreldra mine, for å seie det som det er.

Der skriv  han ferdig nokre vitskaplege artiklar, og les Philip Roth og Marcel Proust som trøyst.

Nav får han ikkje støtte frå, for dei har ei 12 vekers karantene dersom du har mista jobben din gjennom avskjed.

– Om ein ikkje har eigne pengar er det berre sosialstøtte som er alternativet. Brutaliteten i dette er ganske valdsam. Mens mine kollegaer gjekk ut med 60-70 000 kroner i feriepengar i sommar fekk ikkje eg nokon ting. Hadde eg ikkje hatt rause foreldre på Voss, så hadde eg vore i ei frykteleg kattepine, seier Langeland.

– Kva forhold har du til alkohol i dag?

– Eg har hatt ein god dialog med fastlegen min på Voss, og er i betre fysisk form enn på lenge. Eg har trent mykje, og vore edrueleg i fleire månader, seier Langeland.

Sjølv sosiale medium hevdar han å klare å halde seg unna den siste tida, både som seg sjølv eventuelle andre identitetar.

– Eg er heilt passiv på sosiale medium, med unntak av at eg legg ut nokre heilt uskuldige feriebilete på Instagram. Men eg har overvåka aktiviteten rundt saka. Det har vore mykje hets der, og eg svarte ein slik hetsar på Messenger.

– Men har du sendt liknande meldingar som dei saka starta med?

– Nei, eg har ikkje sendt slike meldingar til nokon etter den gongen.

Langeland synest han har fått svi urimeleg mykje for meldingane han har sendt, og for nokre episodar opp gjennom åra som har vore alkoholrelaterte. Han synest det er rart at han er namngitt i media i samband med #metoo på grunn av ufine meldingar, mens TV2-journalistar, høgskuletilsette eller personar som har gjort fysiske overgrep ikkje blir namngitt i dei norske sakene.

Farleg å ikkje kalle inn

Professor i rettsvitskap og ekspert på forvaltningsrett ved Universitetet i Bergen, Ørnulf Rasmussen, peiker på at ein høgskule går ein farleg veg dersom dei ikkje innkallar dei fagleg best kvalifiserte kandidatane til intervju, sjølv om innstillinga frå den sakkunnige komiteen berre er rettleiande.

– Eit krav om å vere personleg eigna vil vanlegvis ikkje vere omfatta av mandatet til den sakkunnige komiteen. Den skal berre vurdere dei forskings- og undervisningsmessige kvalifikasjonane ein person har, forklarer Rasmussen.

Problemet for ein institusjon som i utgangspunktet meiner at ein person er personleg ueigna trass i sterke faglege kvalifikasjonar er at dette i så fall må dokumenterast.

– Det spørs i kva grad ein til dømes kan vektleggje eit tidlegare avskilsgrunnlag som eit vurderingskriterium. Og dersom tilsettingsorganet går ut over kriteria som komiteens mandat dekkjer, kviler utgreiingsplikta etter § 17 i forvaltningsloven på tilsettingsorganet sjølv, seier Rasmussen.

Omdømet irrelevant

– Eit offentleg tilsettingsorgan kan sjølvsagt ikkje basere seg på rykte og synsing. Ved å ikkje innkalle nokon til intervju tek ein stilling til dette, og då må ein vere nær brennsikker på at dette er riktige vurderingar, legg han til.

Til vitskaplege stillingar kan ein tenkje seg jobbar der kontakt med studentar ikkje er sentralt. Det vil vere ei vurdering kor langt tilbake i tid noko har skjedd, og sjølvsagt kva slags og kor alvorlege tilhøve det gjeld.

– Kan ei vurdering rundt omdømet til institusjonen vere relevant i ei tilsettingssak?

– Nei, dreg du inn vurderingar om renommeet til institusjonen går du lett i spagaten på isen med lakksko. Ved tilsetting i det offentlege er det rettsleg sett feil, og dermed og uklokt å ekskludere vedkommande frå ein konkurranse ved ei offentleg tilsetting.

Arbeidsrett meir alvorleg enn strafferett

– Konsekvensen for vedkommande i eit arbeidsrettsleg perspektiv kan vere enormt mykje større enn det strafferettslege perspektivet, seier Rasmussen, og bruker Langeland-saka som døme:

– I hans tilfelle stoppar både karrieren og inntekta. Kva slags straffereaksjon kunne han fått? Truleg ingenting. Vi skal vere klar over at dei arbeidsmessige og karrieremessige konsekvensane kan vere ekstremt mykje større enn dei strafferettslege. Om ein til dømes følgjer eksempelet til Høgskulen i Volda vil Langeland ha fått eit arbeidsforbod innan sitt fag, og dermed vere overlaten til Nav.

Emneord: Arbeidsforhold, trakassering, Etikk Av Dag Hellesund /På Høyden
Publisert 27. aug. 2018 11:51 - Sist endra 27. aug. 2018 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere