Berre flaks hindra personskade under byggjearbeid på Blindern

Plexiglass fall ned frå taket og landa på golvet i Akademika bokhandel under eit arbeidsuhell i Kristian Ottosens hus på Blindern i førre veke. Ingen kom til skade.

PLEXIGLAS FALL NED:  Frå den opninga i taket fall det ned plexiglass og murpuss etter eit arbeidsuhell under renoveringa av Kristian Ottosens hus. Ein av dei tilsette i Akademika bokhandel stod like ved. Men ingen personar blei skadde,

Foto: Ola Sæther

Ein av dei tilsette i Akademika bokhandel stod like ved der eit plexiglas gjekk i tusen knas etter å ha falle frå taket i 2. etasje og ned på golvet i bokhandelen. Det hende i førre veke under renoveringsarbeidet i 2. etasje i Kristian Ottosens hus på Blindern, får Uniforum opplyst. Der har Universitetet i Oslo sett i gang arbeidet med å fjerna gamle veggar av asbest og modernisera heile etasjen, slik at Studenthelsetenesta kan flytta inn igjen til neste år.

   • Les også i Uniforum:  SiO Helse returnerer til nyrestaurerte lokale på Blindern neste år

Arbeidsuhellet fekk konsekvensar for to tilsette

Ingen blei altså skadd under hendinga, men det har fått konsekvensar for både anleggsleiaren som hadde ansvaret for HMS hos selskapet Ragn-Sells på dette prosjektet og for den tilsette som gjorde feilen som førte til at plexiglaset fall ned. Det går fram av ei rapportering frå hovudentreprenøren ATE av uynskte hendingar i samband med Helse-, miljø- og sikring.

Fall ned i Akademika bokhandel

Av rapporten går det fram at uhellet skjedde den 28. mai då ein arbeidar skulle bryta ned ein del av ei teglsteinbrysting med brekkjern. Formålet var å skilja tegl frå siporex (lettbetong) slik at siporexdelen skulle falla innover i rommet. Denne metoden hadde blitt brukt på brystinga på motsett side av atrium. Men denne gongen skjedde det noko heilt anna fordi teglsteinen var av dårleg kvalitet. Derfor fall brystinga utover i atrium og trefte kanten av plexiglaset i kuppelen. Sidan planen var at siporexdelen skulle falla inn i rommet, var ikkje plexiglaset verna. Dermed blei ein del av plexiglaset knust og plexiglas og murpuss fall ned i etasjen under. Det vil seia at den fall rett ned i lokala til Akademika bokhandel.

Ein tilsett blei for ivrig

I den andre lysopninga var det berre det første laget av plexiglaset som blei knust, og dermed fall det ikkje noko ned i etasjen under denne, står det i rapporten frå ATE. I rapporten må også selskapet forklara kva det meiner var grunnen til hendinga. Der står det at ein tilsett blei for ivrig og gjekk laus på veggen før all sikring var utført.

Selskapet skuldar den omtalte tilsette for å vera ansvarleg for det som hende. I rapporten skriv selskapet at uavhengig av den tilsette sine planar om korleis dette skulle gå føre seg, skulle han ha tenkt på sikring av lysopningar før arbeidet blei utført. Det blei gjort på ein måte som var imot tilrådingar frå arbeidsleiaren, og det får konsekvensar, står det i rapporten.

Dermed blir altså anleggsleiar hos Ragn-Sells som skal fylgja opp HMS og drift, skifta ut. Samtidig blir den tilsette som gjorde den fatale feilen, tatt heilt ut av prosjektet. Underleverandøren Ragn-Sells skal også utarbeida ei liste over dei rivearbeida som står igjen, og som ikkje skal utførast før SikkerJobbAnalysar SJA vert førelagt for  byggeplassleiinga. No skal også SikkerJobbAnalysar (SJA) bli utarbeidd, lovar hovudentreprenør ATE.

Seier eg lei for det som hende

Dagleg leiar Finn Dahlen i Fokus Rådgivning seier seg på vegner av hovudentreprenøren ATE svært lei for at det skjedde eit arbeidsuhell under byggjearbeida i Kristian Ottosens hus på Blindern. Det går fram av ein epost han har sendt til mellom andre UiOs prosjektleiar, Leif Jarle Haugen.

«Vi beklager på det sterkeste hendelsen men mener samtidig at ATE har tatt ansvar i saken ved å sammen med Ragn-Sells fjerne vedkommende arbeidstaker fra byggeplassen samt satt på en ny byggeplassleder som spesielt følger opp HMS/SHA og SikkerJobbAnalyser (SJA). I tillegg til dette blir nå alle overlyskupler sikret og bygget inn i 2. etg. slik at dette ikke kan skje igjen», står det i meldinga frå Finn Dahlen.

– UiO er nøgd med tiltaka

Det er Universitetet i Oslo som er oppdragsgjevar for renoveringsarbeidet på Kristian Ottosens hus. Eigedomsdirektør John Skogen vert stadig halden oppdatert om det som skjedde.

– UiO fylgjer dette opp via byggjeleiar, og det er halde fleire møte med hovudentreprenør og underentreprenør i samband med arbeidsuhellet, seier John Skogen til Uniforum.

– Er UiO nøgd med oppryddinga som entreprenøren ATE og underentreprenøren Ragn-Sells har gjort i denne saka?

– UiO er nøgd med tiltaka som hovudentreprenør og underentreprenør har gjennomført for å hindra tilsvarande hendingar.

– Får det konsekvensar for gjennomføringa av intensjonen om at det skal vera vanleg drift i 1. etasje samtidig som det går føre seg byggjearbeid i 2. etasje i Kristian Ottosens hus?

– Dei  andre  overlyskuplane er no sikra slik at tilsvarande hendingar ikkje kan gjenta seg. Det føreset vidare vanleg drift i 1. etasje, men det vil tidvis vera nødvendig for entreprenør å utføra arbeid inne i lokala til brukarane etter nærmare avtale med brukar.

John Skogen trur ikkje at uhellet vil føra til at arbeidet blir forseinka.

– Nei, me held tidsplanen, er han viss på.

RENOVERING: Slik ser det ut utanfor Kristian Ottosens hus der 2. etasje skal renoverast. Det var under dette arbeidet eit plexiglas fall ned i Akademika bokhandel og gjekk i tusen knas. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2018 01:13 - Sist endra 6. juni 2018 01:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere