SiO Helse returnerer til nyrestaurerte lokale på Blindern neste år

Studenthelsetenesta (SiO Helse) kan opna igjen i Kristian Ottosens hus i februar 2019. Det lovar eigedomsdirektør John Skogen ved UiO etter at vedlikehaldsarbeidet til 74 millionar kroner no er sett i gang.

FERDIG TIL JUL: Vedlikehaldet av Kristian Ottosens hus vil vera ferdig til jul. Då kan SiO Helse opna dørene igjen i februar 2019, lovar seniorarkitekt, Leif Haugen, eigedomsdirektør John Skogen og underdirektør Erik Munthe-Kaas ved Universitetet i Oslo.

Foto: Martin Toft

For to år sidan bestemte Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) at Studenthelsetenesta måtte ut av Kristian Ottosens hus. Inneklimaet og lokala var for dårlege. Dermed flytta Studenthelsetenesta frå Blindern og ned til sentrum. Det fekk alarmklokkene til å ringja hos eigedomsdirektør John Skogen og resten av UiO-leiinga.

– Fekk tilslutning frå universitetsstyret

– Studentane må ha eit slikt tilbod på universitetsområdet på Blindern. Og SiO har ein fristasjonsavtale med UiO. Det inneber at dei ikkje betaler leige for bygningane, sidan dei står for studentvelferda. Derfor måtte me bruka dette vindauget til å skaffa pengar til renovering av det 1800 kvadratmeter store arealet i andre etasje i Kristian Ottosens hus. Gjennom å skyva på eit vedlikehaldsprosjekt på Det samfunnsvitskaplege fakultetet på Øvre Blindern, klarte me å skaffa 74 millionar kroner av eigne pengar til prosjektet. Og det gav universitetsstyret oss full tilslutning til å gjera, opplyser John Skogen til Uniforum.  

– Asbest i fire lag

Studentsamskipnaden har engasjert planleggingsteam og har tatt seg av tilbodsprosessen og byggjeleiinga John Skogen har gitt oppgåva som prosjektansvarleg for UiO til leiar av styringsgruppa Leif  J. Haugen.  Han fortel om eit arbeid som var litt meir komplisert enn dei i utgangspunktet hadde tenkt seg.

– Det var asbest i fire lag i veggane. Det var stålplater som var påførte måling som inneheldt asbest og i tillegg var det også nytta asbesthaldige plater både utvendig og innvendig. Også vindauga  som skal tilbake igjen i bygningen etter renoveringa har restar av asbest, så dei må reinsast på ein verkstad før dei kan setjast inn igjen i bygningen, forklarar han. Underdirektør for prosjekt, Erik Munthe-Kaas vedgår at det har ført til ekstrautgifter. – Ja, men det var ei ekstrarekning som me hadde kalkulert inn i kostnadene våre frå før, understrekar han.

Store delar av bygningane på Blindern er underlagde vern av Riksantikvar eller Byantikvar fordi dei har ei arkitektonisk utforming som speglar godt den tida dei blei bygde frå 1930-talet og fram til Georg Sverdrups hus stod ferdig i 1999. Vernet kan omfatta heile bygningar, som Institutt for teoretisk astrofysikk, eller delar av bygningar. Kristian Ottosens hus er freda av Riksantikvaren. Fredinga omfattar fasadane der detaljar og materialbruk i størst mogleg grad må utførast som opphavlege fasadar frå ferdigstillinga av bygningen i 1964 som då inneheldt studenttenester, bank, post og bokhandel.

– Meir formålstenleg

– Det blir også gjort, men 2. etasje med Studenthelsetenesta (SiO Helse) kjem til å bli meir moderne og meir formålstenleg enn den var før dei valde å flytta ut, seier Leif Haugen. Han tar fram ei teikning som viser at alle legane vil få kontor i eit ope landskap. I eit anna område skal det vera behandlingsrom der lege og pasient kan snakka saman utan å bli forstyrra. På den andre sida av hovudresepsjonen skal det koma kontor for sosionomar og psykologar og to tannlegekontor.  Alle desse studenttenestene skal ha ein felles resepsjon.

– Det kjem også til å bli installert ein heis som skal gå opp frå det hjørnet banken heldt til i tidlegare, seier Leif J. Haugen. 

Arbeider som normalt

Medan arbeidet går føre seg, vil aktivitetane i første etasje halda fram som normalt. Det vil seia at både dei tilsette i Akademika, hos Studentombodet, hos Museum for universitets- og vitskapshistorie og i Vitus Apotek Blindern arbeider som normalt.

 – Men entreprenøren passar på å ta arbeida som vil laga mest støv og bråk utanom vanleg arbeidstid, seier Erik Munthe-Kaas.  

– Ein god jobb

Dei tre ansvarlege i Eigedomsavdelinga er visse på at arbeidet blir ferdig rundt juletider i år. Og då kan Studenthelsetenesta starta innflyttinga og ynskja studentane tilbake til Blindern i februar 2019.

– Me synest at Studentsamskipnaden har gjort ein svært god jobb med dette byggjeprosjektet. Og me er svært nøgde med samarbeidet me har hatt med dei, seier John Skogen.

– Når vedlikehaldsarbeidet er ferdig vil også bygningen få meir lys gjennom lokala, og det blir lettare for folk å orientera seg i bygningen, legg Leif J. Haugen til.

 

SKALET STÅR IGJEN: Det er berre skalet som står igjen av 2. etasje i Kristian Ottosens hus. Aktivitetane i 1. etasje held fram som før. Til jul skal vedlikehaldsarbeidet til 74 millionar kroner vera avslutta. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: SiO, Studentsaker, Studentforhold, Bygninger, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2018 15:08 - Sist endra 14. mai 2018 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere