Arne Strand er ikkje livstrugande skadd

CMI-forskaren Arne Strand var på Hotel Intercontinental i Kabul då dette vart råka av eit terroråtak laurdag. Han skal ha kome til skade i samband med åtaket, men er ikkje livstrugande skadd.

TIL STADES UNDER TERRORÅTAK: Assisterande direktør Arne Strand ved CMI var på Hotel Intercontinental i Kabul då dette vart råka av eit terroråtak laurdag

Foto: Kristen B. Hus, CMI

Arne Strand er direktør for CMI sitt antikorrupsjonssenter U4, og var i samband med det på eit rutinemessig oppdrag i Afghanistan. Det får På Høyden opplyst frå CMI-direktør Ottar Mæstad.

– Han hadde også eit par mindre oppdrag utover dette, og skulle etter planen vera i Afghanistan i to veker. Han hadde vore der i ei veke då åtaket fann stad, fortel Mæstad. 

Sundag kveld fekk CMI stadfesta frå medisinsk personell at Strand ikkje er livstrugande skadd, og at tilstanden hans er relativt stabil. Han fortel at Strand truleg vil verta verande inntil eit par døgn i Kabul, og at han sidan vil verta transportert ut av landet, anten til Noreg eller til eit godt sjukehus nærare Afghanistan. Mæstad har også fått to SMS-ar frå Strand sjølv. 

Minst 18 drept

Minst 18 personar vart drepne då væpna menn storma inn i hotellet og opna eld, av desse 14 utlendingar. Elleve av dei ikkje-afghanske statsborgarane som omkom skal ha vore knytt til det afghanske flyselskapet KamAir. Den afghanske fjernsynskanalen TOLOnews har rapportert at dei reelle dødstala er på 43, men dette er ikkje offisielt stadfesta.

Fyrst etter om lag 17 timar fekk afghanske politistyrker, med støtte frå norske spesialstyrker, kontroll over situasjonen. Seks gjerningspersonar skal også ha vorte drepne. 

Den islamistiske rørsla Taliban, Afghanistan sine tidlegare makthavarar, har teke på seg skulda for åtaket. Også i 2011 vart det same hotellet utsett for eit Taliban-åtak. Då vart tolv menneske drepne, i tillegg til ni gjerningsmenn. 

Mæstad fortel til På Høyden at CMI så langt ikkje er kjende med korleis Strand konkret kom til skade. 

Leiande Afghanistan-ekspert

Strand vert rekna som ein av dei fremste norske ekspertane på Afghanistan, og har fleire tiårs erfaring med reiser og opphald i landet. Så nyleg som i november retta han kritikk mot dåverande innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug og mot Utlendingsdirektoratet sin konklusjon om at det var trygt å senda afghanske flyktningar attende til Afghanistan, og nærare bestemt til hovudstaden Kabul. 

– Kabul er den farlegaste provinsen i Afghanistan no, sa Strand til avisa Klassekampen.

– Ifølgje FN har Kabul det høgaste talet sivile drepne og skadde. Dermed er det vanskeleg å sjå at Kabul kan definerast som trygt.

Emneord: Terrorisme, Afghanistan, korrupsjon Av Øyvind Strømmen /På Høyden
Publisert 22. jan. 2018 15:19 - Sist endra 22. jan. 2018 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere