Arne Strand er alvorleg skadd

Helse Bergen melder på sine nettsider at CMI-forskar Arne Strand er alvorleg skadd etter terroråtaket mot Hotel Intercontinental i Kabul i helga.

ALVORLEG: Forskaren Arne Strand frå CMI er alvorleg skadd etter terroråtaket som råka hotellet han budde på i Kabul, opplyser Helse Bergen.

Foto: Kristen B. Hus, CMI

Kommunikasjonsleiar Ingvild Hestad ved Christian Michelsens institutt (CMI) i Bergen seier til Bergens Tidende at ho førebels ikkje kan gje fleire opplysningar. Det kan heller ikkje kommunikasjonsavdelinga ved sjukehuset. På Høyden lukkast ikkje med å nå Hestad torsdag morgon.

Strand er direktør for CMI sitt antikorrupsjonssenter U4, og var i samband med det på eit rutinemessig oppdrag i Afghanistan. Han var på Hotel Intercontinental i den afghanske hovudstaden Kabul då væpna menn storma inn i hotellet og opna eld laurdag. Det er ikkje kjend korleis Strand sjølv kom til skade, men sundag kveld fekk CMI melding om at han ikkje var livstrugande skadd. Tysdag formiddag vart det klårt at helsetilstanden hans tillot at han vart transportert heim til Noreg og onsdag ved 12-tida landa eit ambulansefly med Strand på Flesland. 

Titals drepne

Den islamistiske grupperinga Taliban har teke på seg skulda for åtaket, der dei seks gjerningsmennene ifølgje augevitne skal ha gått bevisst etter utlendingar. Talet på drepne er ikkje endeleg avklara. Offisielle kjelder har gjeve opp tal mellom 22 og 30, medan afghanske media har rapportert om tal så høge som 40. Det er kjend at seks ukrainske statsborgarar, fire amerikanarar og ein kasakhstanar er blant dei som mista livet i åtaket. 

Afghansk politi fekk fyrst kontroll over situasjonen etter mange timar, med støtte frå norske spesialstyrker.

Emneord: Afghanistan, Menneskerrettar, korrupsjon, Terrorisme Av Øyvind Strømmen /På Høyden
Publisert 25. jan. 2018 10:15 - Sist endra 25. jan. 2018 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere