– Alle universitet og høgskular bør ha register over sidegjeremål

Riksrevisor Per Kristian Foss oppfordrar  universitet og høgskular til å oppretta register over sidegjeremål for alle vitskaplege tilsette. – Det er viktig å vera open om slike ting, synest han.

TILRÅR REGISTER OVER SIDEGJEREMÅL: – Det ville vera veldig rart om nettopp den sektoren let vera å ha openheit rundt dette, meiner riksrevisor Per Kristian Foss. Han rår til at alle universitet og høgskular opprettar register for sidegjeremål. 

Foto: Ola Sæther

 

I går presenterte Riksrevisjonen sin rapport om den årlege revisjonen og kontrollen for budsjettåret 2016. Sjølv om det var Forsvaret og Forsvarsmateriell som fekk den hardaste kritikken, slapp ikkje universitet- og høgskulesektoren heilt unna kritikk. 

Riksrevisjonen har tidlegare avdekt at vitskaplege tilsette i universitets- og høgskulesektoren har eit høgt tal med sidegjeremål. Det var grunnen til at Kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2011 bad Kunnskapsdepartementet om å vurdera å oppretta eit eige register med oversyn over verv og tilknytingar som vitskaplege tilsette i universitets- og høgskulesektoren har. Det skulle sikra openheit og tillit til vitskaplege tilsette sitt sjølvstende og hindre moglege rolle- og habilitetskonfliktar, heiter det i omtalen av Kunnskapsdepartementet. 

Utanfor arbeidsgjevar sin styringsrett

Enden på visa blei at Kunnskapsdepartementet konkluderte med at «det ligg utanfor arbeidsgjevaren sin styringsrett å påleggja nokon form for registrering av sidegjeremål og bierverv», går det fram av rapporten frå Riksrevisjonen. Kunnskapsdepartementet føreset at førebygging av risiko på dette området blir tatt vare på av den enkelte verksemda som ein integrert del av internkontrollen til institusjonen utan overordna føringar", heiter det.

 Derfor er det enno ikkje oppretta eit nasjonalt register over sidegjeremål og biverv for vitskaplege tilsette i universitets- og høgskulesektoren.

Riksrevisor Per Kristian Foss meiner det likevel kan vera godt for omdømmet til universiteta og høgskulane om det blei oppretta eit register over sidegjeremål og biverv.

– Eg vil rår til at det blir full openheit rundt dette. Det ville vera veldig rart om nettopp den sektoren let vera å ha openheit rundt dette. Det vil ikkje vera ein kontroll, men eit høve til å vurdera, understrekar Per Kristian Foss etter spørsmål frå Uniforum. 

– Må ha full openheit

– Openheit innanfor det akademiske miljøet er viktig. Og når det gjeld sidegjeremål finst det både på juss, medisin og på samfunnsfaga.  Og med så mange forskingsrapportar som samfunnsforskarane står bak, er det viktig å vita kven som står bak rapportane dei lagar. For å vera truverdig og vita kven som står bak, er det viktig at alt er ope rundt det, meinte han. Og han la til: – Kritiske studentar på juss vil heilt sikkert vera interesserte i å sjå førelesarane sine litt etter i korta, trudde han. 

Skal i møte med styra for universiteta og høgskulane

Per Kristian Foss skal snart på eit felles møte for styra ved universitet og høgskulane.

– Då vil eg oppfordra til at det blir oppretta register over sidegjeremål ved kvar institusjon. Det er ikkje noko lekkerbisken dette, slik som det som kom fram i media tidlegare i veka, men dette er offentlege opplysningar som skal vera offentlege, sa Per Kristian Foss.

Denne gongen var det Forsvaret og Forsvarsmateriell, NAV, Politidirektoratet og Oljedirektoratet som fekk dei tøffaste tilbakemeldingane frå riksrevisor Per Kristian Foss.  Men Forsvaret og Forsvarsmateriell  var dei einaste institusjonane som fekk strykkarakteren «Sterkt kritikkverdig» av Riksrevisjonen. Det fekk dei etter at dei ikkje klarte å levera rekneskap for 2016 og truleg heller ikkje vil klara det for 2017. 

Avdekte veikskapar i etterleving av eigne reglar hos UiO

Når det gjeld universiteta og høgskulane i Noreg, slepp Universitetet i Oslo og NTNU ganske billeg frå vurderinga til Riksrevisjonen. Riksrevisjonen peikar på at det er blitt avdekt feil og manglar i rammeverket for styring og rammeverk for styring og gjennomføring av innkjøp. Rapporten viser til at mange universitet har problem med å etterleva rammeverket. Det gjeld først og fremst Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet og Universitetet i  Agder. Også ved Universitetet i Oslo avdekte Riksrevisjonen veikskapar i etterlevinga av eigne reglar. NTNU slapp derimot heilt unna kritikk denne gongen.

 Etter å ha lese rapporten konkluderer Kunnskapsdepartementet med at det på innkjøpsområdet er utfordringar med etterleving og dokumentasjon, sjølv om det er etablert rutinar og retningslinjer.  Derfor lovar Kunnskapsdepartementet  at det i tida framover skal halda fram med å halda eit vake auge med innkjøpsområdet. 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Etikk Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2017 01:50 - Sist endra 15. nov. 2017 01:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere