Skal gå gjennom psykologiklinikkane ved Universitetet i Bergen

Universitetsleiinga ved Universitetet i Bergen har bestemt at eksterne skal sjekke at alt er i orden ved klinikkane.

UNDERSØKJER PSYKOLOGIKLINIKKAR: Psykologiklinikkane til UiB skal no gjennom ein internrevisjon. Tre av dei ligg til venstre i Christies gate 12, mens den siste ligg på Haukeland.

Foto: Sandra Jecmenica /Universitetet i Bergen

I Oslo er det strid mellom universitetsleiinga og delar av psykologmiljøet etter at leiinga stengte dei fire studentklinikkane – der studentar behandlar pasientar – på dagen.

Trur alt er i orden

Universitetet i Bergen har òg fire ulike studentklinikkar, og leiinga både ved Det psykologiske fakultetet meiner at alt er i orden. Det same gjeld universitetsleiinga.

– Vi har ikkje mistanke om at noko er galt, understrekar universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Han har likevel hyra inn eit ekstern selskap til å gå gjennom drifta ved klinikkane, i form av ein såkalla internrevisjon, skriv På Høyden.

– Vi skal bruke PwC, som vi har avtale om internrevisjon med. Dei kjem til å bruke dei same metodane som dei bruker ved andre revisjonar. Dette er ein del av internkontrollsystemet vårt, forklarer Bernstrøm.

Hemmelege rapportar

– No får dei gå gjennom og sjå kva dei finn, seier han til På Høyden.

Rapportane frå internrevisjonen blir vanlegvis lagt fram for universitetsstyret i lukka møte, og dei blir haldne hemmelege for andre. Dette bidrog til dømes til at Innovest-skandalen fekk halde på i årevis utan at andre enn ein lukka krets fekk kjennskap til dei sviktande rutinane i selskapet, som var direkte underlagt UiB-leiinga og leiinga i Helse Bergen.

Positive psykologar

Prodekan Gro Mjeldheim Sandal er varsla om den kommande internrevisjonen.

– No avventar vi prosessen vidare. Når og kor revisjonen skal finne stad ventar vi på meir informasjon om. Men vi er veldig positive til ein slik revisjon. Per dags dato har vi ikkje hatt grunn til bekymring, og vi har ikkje fått melding om nokon avvik, seier Sandal.

Ved UiO avdekka ei juridisk vurdering frå Kluge Advokatfirma ei rekke avvik. Men Sandal er ikkje urolege over dei mange avvika som blei funne i Oslo.

– Dei punkta dei reiser i Oslo er ikkje direkte relevante for oss, og vi har full tillit til den prosessen som skal skje her, seier Sandal.

Emneord: Psykologi, Universitetspolitikk Av Dag Hellesund /På Høyden
Publisert 25. okt. 2017 11:36 - Sist endra 25. okt. 2017 11:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere