Har inga tru på ein avtale mellom partane i Venezuela

President Nicolas Maduro i Venezuela har starta forhandlingar med opposisjonen. – Eg er ikkje særleg optimistisk, seier professor Edgardo Lander ved Universidad Central de Cáracas til Uniforum.

POLARISERING: - Det verste er likevel den sterke polariseringa mellom akademikarar som støttar Nicolas Maduro og dei som ikkje gjer det, fortel sosiologiprofessor Edgardo Lander ved Universidad Central de Cáracas

Foto: Ola Sæther

I førre veke kom nyhendet om at Venezuelas president Nicolas Maduro og opposisjonen har møtt kvarandre i Den dominikanske republikken for å forhandla fram ein avtale som

Fakta om Venezuela

Hovudstad: Cáracas

Innbyggjarar: 29,2 millionar

Flatevidde: 912 050 kvadratkilometer

President: Nicolás Maduro (2013-)

Tidlegare president: Hugo Chávez (1999-2013)

  • stod bak det han kalla for Den bolivarianske revolusjonen i Venezuela. Blei vald til president med 80 prosent av stemmene bak seg i 1999. 
  • Store protestar mot president Nicolás Maduro har kulminert med 113 døde i samanstøytar mellom Maduros tilhengjarar og grupper frå opposisjonen.
  • I førre veke starta forhandlingar mellom Maduros regjering og opposisjonen i Den dominikanske republikken. 

Kjelder: Wikipedia, Store Norske leksikon

kan få slutt på dei alvorlege samanstøytane i landet. Initiativet blei tatt av Spanias tidlegare statsminister José Luis Zapatero. Sidan ei uoffisiell og ei offisiell folkerøysting om grunnlovsendringar  blei haldne i sommar er over 113 personar drepne i konfrontasjonar mellom tilhengjarar og motstandarar av president Nicolás Maduro og regjeringa hans. 

Edgardo Lander er sosiologiprofessor ved Universidad Central de Cáracas. Nyleg var han på besøk hos Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo og deltok i fleire debattar om den politiske situasjonen i Venezuela. Han håpar at forhandlingane skal føra fram, men har lita tru på det.

– Altfor steile frontar

– Ærleg talt, så ser eg ikkje altfor optimistisk på utsiktene til at dei skal gi resultat. Det er altfor steile frontar på begge sider i denne konflikten, seier han til Uniforum. Etter hans meining finst det krefter på begge sider av konflikten, som ikkje ynskjer at regjeringa og opposisjonen kjem fram til ein avtale som får slutt på uroa i landet.  

– Det er folk i militæret som er svært korrupte, og som synest det er greitt at den politiske situasjonen er slik som den er no. Samtidig er det folk lengst ute på høgresida, som heller ikkje vil ha fred. Dei mest militante på begge sider, ser vald som ein del av løysinga, og derfor vil dei ikkje ha forhandlingar, understrekar han.  

60 prosent av innbyggjarane tar ikkje parti

Lander viser til at mange grupper og organisasjonar på grasrota ikkje er representerte i forhandlingane. Etter hans meining viser folkerøystingane at ingen av dei stridande partane i Venezuela har fleirtalet av innbyggjarane på si side. 

– Tvert imot syner målingar at rundt 60 prosent av innbyggjarane ikkje tar parti for verken president Maduro og regjeringa eller for opposisjonen, slår han fast. 

Kritiserer USA og venstresida

I foredraget sitt kritiserer han styresmaktene både i USA og Venezuela, i tillegg til at han tar eit oppgjer med delar av den internasjonale venstresida som tar parti for Nicolas Maduros regjering uansett kva den driv på med.  

– USA og president Donald Trump behandlar Venezuela som om landet skulle ha vore Nord-Korea. Han ser ikkje ein gong bort frå å blanda seg inn militært i Venezuela,  slår han fast.  

Han viser til at Hugo Chávez blei vald til president i Venezuela i 1999, og at det innleidde ei bylgje av presidentar frå venstresida i store delar av Latin-Amerika.  – Det skjedde både i Brasil, Argentina, Uruguay, Chile og i Nicaragua.  For mange var Hugo Chávez lenge eit førebilete, peikar han på.  

– Maktovertakinga hans kom på eit tidspunkt då oljeprisane begynte å gå rett til værs. I staden for å gjennomføra naudsynte strukturelle reformer i landet, brukte han enorme oljeinntekter på å halda oppe dei same strukturane som før. Fattigdomen gjekk tilbake. Og eg trur ikkje Hugo Chávez personleg var korrupt, sjølv om grupper i militæret var det. Han stolte på folk. Dei reformene han utførte og dei endringane han gjorde i dei politiske institusjonane, gjorde han alltid med grunnlag i grunnlova. Nicolás Maduro derimot tviheld på makta, og bryt gjerne konstitusjonen for å få det til, meiner Lagarde. 

– Må kritisera Maduro 

Så kom han med ei skjennepreike til den internasjonale venstresida.  – Eg har alltid tilhøyrt venstresida i politikken.  Den internasjonale venstresida svikta, då den let vera å kritisera dei autoritære og undetrykkjande tendensane i Sovjetunionen før landet kollapsa. Den bør læra av den feilen og kritisera Nicolás Maduro og regjeringa hans, når dei prøver å undertrykkja vanlege folk og brukar politi og militære for få det til, seier han. 

– Berre fordi Venezuelas regjering blir rekna for å vera antiimperalistisk, let dei vera å kritisera maktmisbruk som dei aldri ville ha akseptert frå ei regjering med ein annan politisk ideologi, konstaterer Lander.

– Sterk polarisering på universiteta 

Heller ikkje på universiteta står det særleg bra til.

– Me manglar det meste som me treng, akkurat som i resten av samfunnet. Det verste er likevel den sterke polariseringa mellom akademikarar som støttar Nicolas Maduro og dei som ikkje gjer det. Det skapar eit dårleg forhold i heile universitetssamfunnet.  

– På kva andre måtar merkar dei universitetstilsette den politiske krisa i Venezuela? 

– Det er veldig få av oss som får høve til å dra på internasjonale konferansar. Grunnen er sjølvsagt at universiteta ikkje har råd til å senda oss utanlands, seier Edgardo Lander til Uniforum. Sjølv er han også professor II ved eit forskingsinstituttet Transnational Institute i Nederland, og har difor høve til å koma til Europa

Ei økologisk katastrofe

Under opphaldet i Oslo nytta han også høvet til å kritisere eit svært omstridd gruveprosjekt i provinsen Orinoco. 

– Det er ei økologisk katastrofe, og dessutan vil det øydeleggja områda til ti urfolksgrupper i dette området. Men i dette tilfellet støttar president Maduro gruveselskapa som vil utvinna gull og andre mineral frå dette sårbare området, seier Lander.

No håpar han at det reiser seg ein internasjonal opinion imot det prosjektet.

– Ja, det er viktig for å kunna ta vare på artsmangfaldet i dette området som utgjer 12 prosent av Venezuelas areal. Om gruveselskapa får sleppa til for fullt, vil det føra til ei svær avskoging i dette området, fryktar han.

– Det viktigaste me må gjera no er å kjempa mot all rasisme og kjempa for å redda klimaet på jorda, la han til. 

 

 

Emneord: Latin-Amerika, Menneskerettar Av Martin Toft/
Publisert 19. sep. 2017 01:42 - Sist endra 19. sep. 2017 12:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere