6666 har førehandsstemt på Universitetet i Oslo

Fram til  klokka 12 i dag hadde 6666 personar brukt sjansen til å førehandsstemma i valbrakka på Blindern. Rundt halvparten av stemmene er frå veljarar frå kommunar utanfor Oslo.

STEMMEKØ: Det var kø av folk som ville førehandsstemma på Blindern i formiddag. Så langt har 6666 personar gjort det.

Foto: Ola Sæther

Sidan 10. august har det vore mogleg å førehandsstemma  til Stortingsvalet 2017. Også på Blindern har det vore ei valbrakke der både tilsette og studentar har nytta høvet til å bruka stemmeretten sin i god tid før valdagane den 10. og 11. september.

Tal frå Valsekretariatet i Oslo viser at fram til i dag, har 6666 personar stemt på Blindern. Rundt halvparten av dei, 3100, er stemmer frå veljarar som er registrerte som innbyggjarar i andre kommunar enn Oslo. Men Oslo er ein by med folk frå heile landet. For i heile kommunen er det så langt gitt 26 164 stemmer frå veljarar frå andre kommunar enn hovudstaden, opplyser kommunikasjonssjef Ingvild Åsgård i Valsekretariatet i Oslo kommune.

Vallokalet på Blindern er ope fram til klokka 19.00 i kveld. Dei som ikkje har førehandsstemt då, må stemma i heimkommunen sin på ein av dei to offisielle valdagane. 

Av Martin Toft
Publisert 8. sep. 2017 12:54 - Sist endra 8. sep. 2017 12:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere