UiO feirar seg sjølv med prisar, kaker og tapas

Fredag 1. september markerer Universitetet i Oslo 206-årsdagen sin. Det skjer med miniførelesingar, kakefest og prisutdelingar frå morgonen til klokka 16 på ettermiddagen.

SEREMONI: Biletet er frå UiOs årsfestseremoni  i 2016.

Foto: Yngve Vogt/Apollon, UiO

Årfesten 2017 har ein meny som  er sett saman av miniførelesingar og kakefest, lunsj med kultur og Kristine Bonnevie-førelesinga.  Mange æresdoktorar vil halda foredrag frå tidleg om morgonen. Dagen blir avslutta med seremoni med æresdoktorkreering og utdeling av UiOs fire prisar og Kongens gullmedaljar i Universitetets aula, fylgd av ei mottaking med tapas rett etter seremonien. Då vil også UiO-rektor Svein Stølen halda sin aller første årstale.

Dette er prisane som blir delte ut under seremonien i Universitetets aula:

Universitetsstyrets prisar 2017:

  • Forskingsprisen: Professor Thomas Hylland Eriksen ved Sosialantropologisk institutt
  • Utdanningsprisen: MOOC-gruppa for «Introduction to Norwegian» ved prosjektleiar Erik Juriks, Institutt for lingvistiske og nordiske studier
  • Formidlingsprisen: Professor Bernt Aardal ved Institutt for statsvitskap
  • Innovasjonsprisen: Professor Unni Olsbye ved Kjemisk institutt

H.M. Kongens gullmedalje 2017:

  • Det teologiske fakultetet: Helge Årsheim
  • Det juridiske fakultetet: Kjersti Lohne
  • Det medisinske fakultetet: Ida Skrinde Leren
  • Det humanistiske fakultetet: Moumita Sen
  • Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet: Kristina Rognlien Dahl
  • Det odontologiske fakultetet: Anders Verket
  • Det samfunnsvitskaplege fakultetet: Esther Ann Nisja Bøler
  • Det utdanningsvitskaplege fakultetet: Ellen Irén Brinchmann

Les heile programmet for UiOs årsfest 2017

Emneord: Universitetets priser, Årsfesten Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2017 17:12 - Sist endra 31. aug. 2017 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere