Kollaps i naturen kan påverka kultur og levemåtar

Landhevinga etter istida som førte til at folk slo seg ned langs Oslofjorden, folk i Polynesia sitt kulturelle vern mot kaoset i naturen og urban plantedyrking i ei tid med klimaendringar. Det er tema for utstillinga «Kollaps» som opnar i Kulturhistorisk museum i dag.

DEI FØRSTE: Både urban plantedyrking som ein fylgje av klimaendringane, dei første steinalderfolka som kom til Oslolfjordregionen og folk i Polynesia er med i utstillinga "Kollaps" som opnar i Kulturhistorisk museum i dag.

Foto: Ola Sæther

I utstillinga har arkeologar, antropologar og andre fagpersonar frå Kulturhistorisk museum gått saman om å laga ei utstilling på tvers av historie, fag og geografi. Ein del av første etasje i Historisk museum skal brukast til den banebrytande utstillinga.

– Den er første steg i ei fornying der me til saman lagar fire nye utstillingar med kvar sin tittel, opplyser prosjektleiar Peter Bjerregaard ved Kulturhistorisk museum til Uniforum.

Han forklarar gjerne tanken bak utstillinga «Kollaps».

– Er kultur noko som utviklar seg sakte, men sikkert over lang tid eller er det brå endringar som får kultur til å endra seg? I utstillinga «Kollaps – menneske i ei uføreseieleg verd» viser me korleis samanbrot og kaos i naturen påverka folk etter istida, folk i Polynesia og dagens urbane hagedyrkarar, fortel Peter Bjerregaard.

Fornyar utstillingane

Tradisjonelt har museet vist den norske historia i kronologisk rekkjefylgje frå istida tok slutt til mellomalderen. I tillegg har museet hatt ei etnografisk avdeling og eit myntkabinett. Etter Peter Bjerregaards meining er den nye utstillinga eit godt døme på korleis Kulturhistorisk museum fornyar utstillingane sine. 

– Kongstanken vår er å laga fleire utstillingar på tvers av fagområde, gjerne frikopla frå kronologien. Eit godt døme på det var utstillinga «Ja vi elsker frihet!» som blei laga til Grunnlovsjubileet i 2014. Me har fått kritikk for at utstillingane våre har vore for keisame og uforandra. Det første svaret vårt er denne utstillinga, som viser korleis endringar i naturen også kan påverka kulturen og folk sine veremåtar, fortel Bjerregaard.

Natur i konstant forandring

Han er heilt sikker på at utstillinga vil vekkja interesse hos langt fleire enn berre dei som interesserer seg for eitt av desse tre hovudområda.

– Berre tenk på kor spennande det er å førestilla seg korleis dei første som kom inn Oslofjorden etter istida, finn eit nytt land som har stige opp av havet, medan land lenger sør har forsvunne under havet. Dei kom til ein stad der naturen var i konstant forandring, og dermed måtte dei finna seg til rette i ei slik verd som heile tida forandra seg, understrekar Bjerregaard.

I arbeidet med denne utstillinga har dei også prøvd å gjera noko som ikkje alle lykkast med.

– Me har klart å gjera bruk av den flotte bygningen til Historisk museum og gjera den til ein del av utstillinga. Slik kan folk få auga opp for den flotte arkitekturen, understrekar Peter Bjerregaard.

 
STÅR BAK KOLLAPS: Dei ser fram til å visa publikum utstillinga Kollaps i Kulturhistorisk museum: Frå venstre: prosjektleiar Peter Bjerregaard, arkeolog Anja Mansrud og førsteamanuensis Arne Perminow . (Foto:Ola Sæther)

– Nøgde med Kollaps

Han samarbeider nært med arkeolog Anja Mansrud og førsteamanuensis Arne Perminow ved Etnografisk avdeling. Førstnemnde har ansvaret for den delen av utstillinga som handlar om pionerane som kom nord til Oslofjorden etter istida, medan Arne Perminow har ansvaret for det som handlar om folk i Polynesia.

– Me er svært nøgde med å få realisert utstillinga Kollaps. Det har vore spennande for oss å jobba på tvers av fag i ei gruppe med personar med heilt forskjellige ekspertise, men med eit felles fokus, fortel Arne Perminow og Anja Mansrud.

Begge ser samanhengen mellom fenomenet kollaps og det forgjengelege i Polynesia samanlikna med det same fenomenet hos andre folk og i andre tider.

– Historia er ofte fokusert på det kronologiske. Etter istida var klimaendringane eit gode for dei som kom hit og fann nytt land. Medan landområdet Doggerland som låg mellom Danmark og England , blei oppslukt av havet, voks nytt land fram i Oslofjordområdet fordi landhevinga der var sterkare enn havstiginga. Me kjenner til at det har vore steinalderbusetnad på Doggerland på grunn av enkelte funn som har kome opp med trål. For dei som budde der, førte klimaendringane til at dei måtte dra frå landområdet, fortel ho.

Frisoner

Både Arne Perminow og Anja Mansrud synest det er fint at det også finst nokre frisoner med aktivitetar mellom dei ulike delane av utstillinga. – Dei vil få publikum til å koma i tenkeboksen og dei kan sjå kva som er relevant, trur dei.

Utstillinga «Kollaps» blir offisielt opna av riksteatersjef Ellen Horn i dag klokka 16.45. I morgon, fredag 12. mai opnar utstillinga for publikum.

Les meir om utstillinga på nettsidene til Kulturhistorisk museum.

 

Emneord: Museene, Utstillinger, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2017 10:57 - Sist endra 11. mai 2017 13:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere