Likestilling fengde 40

Rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver viste begge til grep dei hadde gjort som leiarar for å få betre kjønnsbalanse på fakulteta sine under likestillingsdebatten i Universitetsbiblioteket i formiddag. Rundt 40 personar møtte opp.

GOD DEBATT: Likestillingsdebatten mellom rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver var den aller siste rektorvaldebatten under dette rektorvalet.  Debatten blei leidd av Universitas-journalist Heidi Bang.

Foto: Ola Sæther

Hos rektorkandidat Svein Stølen på Det matematisk-naturvitskapleg fakultet er det oppretta eit eige likestillingsnettverk med prodekanen som likestillingsansvarleg under Stølens prodekanperiode. Hos rektorkandidat Hans Petter Graver på Det juridiske fakultetet er det straks klar ein rapport som viser likestillingssituasjonen for kvinner i vitskaplege og teknisk-administrative stillingar ved fakultetet.

Det var to av dei konkrete tiltaka dei to rektorkandidatane kunne peika på var gjort, då dei deltok i ein debatt om likestilling og kjønnsbalanse på UiO i dag. Debatten blei arrangert av Universitetsbiblioteket, Studentparlamentet og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO. Debattleiar var Heidi Bang, tidlegare studentpolitikar som no er journalist i Universitas.

Alle ledige stillingar må vurderast

Det var rektorkandidat Svein Stølen som først blei utfordra til å svara på kva han reint konkret hadde gjort for likestillinga ved MN-fakultetet som prodekan og kjemiprofessor.

– Me har innført ein prosedyre der alle institutt må vurdera om det er mogleg å tilsetja ei godt kvalifisert kvinne, kvar gong det er ei ledig fast, vitskapleg stilling. Dessutan ynskjer me å avskriva 18 månader av arbeidstida til kvinnelege forskarar som får barn når det blir lagt vekt på dei  siste 5 åra ved rekruttering til faste vitskaplege stillingar. Det vil seia at desse månadene blir trekte frå den totale arbeidstida dei har brukt, slik også EU foreslår i Horiston 2020. I tillegg gir me endå fleire yngre kvinner høve til å bli med i Bonnevie-ordninga. Og som prodekan er eg også likestillingsansvarleg.

– Og kven får ansvaret for likestilling om du blir rektor?

– Eg tenkjer at det blir meg, sjølv om eg ikkje har diskutert det med resten av teamet.

Greidde ut ei diskrimineringslov

Så var det rektorkandidat og jussprofessor Hans Petter Gravers tur til å fortelja kva han ville gjera for å få til meir likestilling ved UiO.

– Eg fekk i oppdrag av regjeringa om å greia ut eit forslag om ei eiga diskriminineringslov på grunnlag av alle lovtekstar som handlar om diskriminering basert på kjønn, etnisitet, funksjonshemming eller på religion. Dei som skal representera oss, må representera mangfaldet i samfunnet vårt. På Det juridiske fakultetet tok med konsekvensen av dette og gjorde likestillingsutvalet vårt om til likestillings- og mangfaldsutvalet. Det er eit systematisk fråfall av kvinner på dei fleste fakulteta etter kvart som du kjem høgare opp i hierarkiet. Det er liten overvekt av menn med postdoktorstillingar, medan det er stor overvekt av menn i faste, vitskaplege stillingar, understreka han.

– Men kven skal ha ansvaret for likestilling, dersom du blir rektor? spurte debattleiar Heidi Bang.

– Me har enno ikkje bestemt oss for kven som skal ha det ansvaret.

Debattleiar Heidi Bang peika også på at i plattforma til Svein Stølen er likestilling nemnt ein gong, medan det ikkje er nemnt ein einaste gong i plattforma til Hans Petter Graver. – Det er fordi me har brukt ordet mangfald. Det er ingen grunn til å tolka det som om me ikkje er opptekne av likestilling, repliserte Hans Petter Graver.

– Bør likestilling inn i danningsoppdraget til UiO, Graver?

– Ja, kjønnsperspektivet bør inn i alle faga. Som dekan oppfordra eg institutta til å setja opp kvinner som førelesarar, ikkje berre som seminarleiarar. Ofte er det menn som blir førelesarar, medan kvinner må leia seminar.

Svein Stølen kunne visa til eit eige prosjekt for realfag.

– FRONT-prosjektet (Female researchers on track) hos oss handlar om fråfall og faghierarki innanfor Mat.nat. For det første handlar det om leiing og organisering, for det andre om kulturutvikling for kjønnsbalanse og for det tredje handlar det om ein framdriftsplan. Det er viktig alltid å vera medviten på kjønnsperspektivet i alt me gjer. Det er svært lett å ta det for gitt, tykte Stølen.

– Professorar oppfordra kvinner til å koma tilbake til juss

Og rektorkandidat Hans Petter Graver hadde eit godt inntrykk av kvinner som tar juss.

–Eg synest personleg at kvinnene er meir på erten enn kva mennene er. Det gjer meg glad når eg ser eg ser svara til kvinnelege vitskaplege tilsette på juss, som fortel at dei blei oppfordra av jussprofessorar til å venda tilbake til fakultetet som forskarar, og dermed forlet dei godt betalt advokatjobbar utanfor universitetet.

Svein Stølen kunne rapportera om ei liknande skeiv utvikling på MN-fakultetet.

– Det er mange kvinner som blir ph.d.-kandidatar og postdoktorar, men veldig få som blir tilsett i faste, vitskaplege stillingar, hadde han notert seg. – Me har difor hatt mange lunsjmøte med likestilling som tema. I byrjinga var det laber interesse, men no har det tatt seg ordentleg opp, konstaterte han.

Debattleiar Heidi Bang viste også til ei undersøking som peika på at foredragshaldarar hadde kome med nedlatande kommentarar over kvinner fordi dei var kvinner. Ho ville vita om det sjokkerte dei to rektorkandidatane.

– Ja, det er uakseptable haldningar, meinte Graver. – Dei haldningane som rektoratet har i dette spørsmålet skal vera normdannande for resten av UiO. Stølen var like sjokkert som Graver over at det finst slike negative haldningar til kvinner på UiO. – Det er viktig for oss som leiarar å vera med i diskusjonen om likestilling på UiO.

Debattleiar Heidi Bang trekte også fram det faktum at kvinner dominerer på helseprofesjonsutdanningane, medan menn dominerer på studium som til dømes informatikk.

– Det lovar eg å gjera noko med, sa Stølen. – NTNU fyller jo fleire fly med jenter for å få lokka dei inn på mannsdominerte fag. Informatikkprofessor Kristin Braa har innimellom alle dei andre aktivitetane sine, gjort ein glimrande innsats for å få fleire kvinner til å ta informatikk, sa Stølen.

Lova ikkje kvotering

Sjølv om dei to kandidatane kom med mange forslag til tiltak, var det eit tiltak dei ikkje ville lova å setja i verk.

TAKKAR FOR DEBATTEN: Rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver takkar kvarandre etter at den siste rektorvaldebatten er over (Foto: Ola Sæther).

– Eg er skeptisk til innføring av kvotering, sa Hans Petter Graver. – Det kan verka litt rart sidan eg har to døtrer, men eg meiner det fører til disfavorisering av kvinner. Då er det betre me opne opptak med bruk av personleg intervju og vurdering av motivasjon på å få betre kjønnsbalanse på nokre fag.

– Eg er far til tre gutar. Eg kjenner ikkje noko prinsipielt inni meg i dette spørsmålet. I den vidaregåande skulen var eg ingen flittig elev, men eg har klart meg bra, likevel, sa Stølen med eit smil.

Dermed var den siste rektorvaldebatten mellom Svein Stølen og Hans Petter Graver over.

Dei 40 frammøtte fekk høyra ein god og ryddig debatt mellom to godt førebudde rektorkandidatar. Forma med ein duell mellom dei to rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen, viste seg også å fungera mykje betre enn debattane der alle i dei to teama deltar. Debatten blei også godt leidd av Universitas-journalist Heidi Bang.

 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 6. apr. 2017 13:27 - Sist endra 6. apr. 2017 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere