Opna UiOs nyaste institutt på Kjeller

I går blei Universitetet i Oslos nyaste institutt offisielt opna. Institutt for teknologiske system ligg på Kjeller. Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen, statssekretær Bjørn Haugstad , MN-dekan Morten Dæhlen og Skedsmo-ordførar Ole Jacob Flæten deltok under opninga.

NYTT UiO-INSTITUT: Dette er Universitetet i Oslos nye institutt på Kjeller. Institutt for teknologiske system blir Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet sitt sjuande institutt. Det blei offisielt opna i går.

Foto: Martin Toft

Institutt for teknologiske system var tidlegare kjent som Universitetssenteret på Kjeller (UNIK). Frå årsskiftet blei det overført til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Oslo. Då blei det fakultetet sitt sjuande institutt, og samtidig UiOs aller nyaste institutt.

– Noregs mest avanserte tungreknemaskin

Stian Løvold var tidlegare direktør for UNIK, men frå 1. januar blei han instituttleiar for Institutt for teknologiske system på Kjeller. Det er rundt 50 personar som hentar heile eller delar av lønna si frå UiO ved det nye instituttet. – Akkurat her var Noregs mest avanserte tungreknemaskin på 1970-talet. Rekneanlegget Blindern/Kjeller brukte holkort, og eg hugsar at då eg var student på 1970-talet hadde eg ei skoøskje full av holkort som eg skulle bruka på maskina, sa Stian Løvold under opningsarrangementet.

– Samanslåinga tok til for tre år sidan

Han viste også til at dei første spirane til det som seinare blei internett, kom opp på Kjeller i samarbeid med forskarar i USA. – For tre år sidan kom oppfordringa frå regjeringa om at fleire høgskular og universitetet burde slå seg saman for å stå sterkare. Sjølv om det galdt større institusjonar enn UNIK, tok me hintet og begynte eit nærare samarbeid med Universitetet i Oslo, som altså enda med innlemming i Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet frå 1. januar i år. Det er eg svært glad for, sa han.

INSTITUTTOPNING: Instituttleiar Stian Løvold (t.v), dekan Morten Dæhlen og rektor Ole Petter Ottersen gler seg over at UNIK er blitt Institutt for teknologiske system og samtidig blitt ein del av Universitetet i Oslo. (Foto: Martin Toft)

Håpa på auka rekruttering til realfaga

Statssekretær Bjørn Haugstad syntest også fusjonen hadde gått knirkefritt.

– Både UiO og UNIK ville ha samanslåing og dei har i fellesskap klart å gjera dei endingane som var naudsynte for at dei kunne utfylla kvarandre. Håpet er at denne fusjonen kan føra til auka rekruttering til forsking og utdanning i realfag. I dag tar berre 6 prosent av elevane i den vidaregåande skulen fordjuping i fysikk. No må me spela kvarandre gode for i den store verda er me små, understreka Bjørn Haugstad.

– Blir viktig institutt for UiO

UiO-rektor Ole Petter Ottersen var også glad for å ha fått eit heilt nytt institutt i porteføljen.

– Målsetjinga til UiO er å få resultata frå forskinga inn i eit innovasjonsløp. UiO er faktisk på lista over Europas mest innovative universitet, ifylgje Reuters. Grunnen er at UiO har mange solide patent. Samarbeid rundt innovasjon har me store forventingar til, understreka han.

– For oss er det viktig at idear blir utvikla til bruksretta ting. Nettopp difor blir Institutt for teknologiske system eit viktig institutt for oss, la han til. Ottersen såg også fram til den gode naboskapen. – Med dette instituttet og nærveret til Institutt for energiteknikk og Forsvarets forskingsinstitutt, kan samarbeidet med dei forskingsinstitutta bli endå betre, trudde han. GLEDELEG 

Vil bidra til det grøne skiftet

For ordførar Ole Jacob Flæten i Skedsmo var opninga av det nye UiO-instituttet ein stor dag. – Forskingsparken på Kjeller ein av motorane for næringslivet på Romerike. No satsar denne regionen på å bli berekraftig. Mange bedrifter har blitt grunnlagt her, men mange av dei har seinare flytta ut av regionen. Rett etter krigen begynte dei å forska på atomkraft her. No forskar dei på korleis me kan bidra til det grøne skiftet. Eg er verkeleg glad for at kommunen er på lag med forskingsmiljøa på Kjeller, sa Skedsmo-ordføraren som kom til opninga i ein hydrogendriven bil.

1500 forskarar på Kjeller

Over 3000 personar arbeider i dag i forskings- og utviklingsmiljøet på Kjeller. 1500 av dei er forskarar. I tillegg til Institutt for teknologiske system ved UiO, ligg også Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Institutt for energiteknikk (IFE), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norwegian Seismic Array (NORSAR), Justervesenet, Akershus Energipark, Kjeller Innovasjon og Høgskulen i Oslo og Akershus her. Til saman er det rundt 70 kunnskapsbedrifter i Forskningsparken-Kjeller.

Dette er Institutt for teknologiske system:

- blei ein del av MN-fakultetet ved UiO frå årsskiftet. Tidlegare var det Universitetssenteret på Kjeller.

- instituttet har to fagseksjonar: Seksjon for energisystem og seksjon for autonome system og sensorteknologiar.

- har fire masterstudium: elektronikk og datateknologi , informatikk, programmering og nettverk, informatikk, nanoelektronikk og robotikk og materialar, energi og nanoteknologi.

- rundt 50 personar på instituttet får heile eller delar av lønna si frå UiO.

(Kjelder: Institutt for teknologisystem, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet)

Emneord: Realfag, Naturfag, Rekruttering Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere