Bjørn Haugstad: – Noreg kan påverka innhaldet i EUs neste forskingsprogram

– Det er viktig at norske synspunkt på Horisont 2020 blir fremja overfor EU-kommisjonen. Det vil også ha stor effekt på innhaldet EUs neste rammeprogram for forsking, FP9. Orda kom frå statssekretær Bjørn Haugstad på eit seminar i regi av Forskingsrådet i går.

SEND INN! Statssekretær Bjørn Haugstad oppfordrar forskings-Noreg til å senda inn synspunkt på Horisont 2020 til EU-kommisjonen før fristen går ut den 15. januar. Så langt har det berre kome inn 24 innspel frå Noreg. Det har kome inn flest frå Spania, Italia og Tyskland.

Foto: Martin Toft

Den 15. januar er fristen for å senda inn synspunkt til EU-kommisjonen om Horisont 2020. Innspela skal danna grunnlaget for midtvegsevalueringa av Horisont 2020. Så langt

Fakta om Horisont 2020 og norsk forsking:

- Horisont 2020 er verdas største forskingsprogram med 80 milliardar euro (700 milliardar kroner) fordelte på sju år.

- Sidan EUs rammeprogram for forsking Horisont 2020 blei oppretta i 2014, har norske forskarar fått 3,1 milliardar kroner. Det utgjer 1,87 prosent av dei konkurranseutsette midlane, viser 2015-tala frå Forskingsbarometeret. Målet til regjeringa er at norske forskarar skal få 2 prosent av den samla potten i retur.

- I rammeperioden 2014-2020 har Noreg forplikta seg til å gi 18 milliardar kroner til Horisont 2020.

- Fram til mai 2016 hadde Noreg fått tilbake om lag halvparten av det Noreg har gitt i bidrag.

har det kome inn 24 innspel frå Noreg, opplyste danske Christian Bruun i EU-kommisjonen, medan det har kome over 300 frå Spania, Italia og Tyskland.

– Send innspel til EU-kommisjonen!

Statssekretær Bjørn Haugstad oppfordra difor alle dei 200 seminardeltakarane frå forskings-Noreg til å nytta seg av høvet til å senda inn sine eigne vurderingar av Horisont 2020. – Dei blir ikkje berre viktige for dei tre siste åra med Horisont 2020, men dei vil også telja med når EU-kommisjonen skal bestemma innhaldet i EUs neste rammeprogram for forsking, FP 9, slo han fast.

Verdas største forskingsprogram

Horisont 2020 er verdast største forskingsprogram, med 80 milliardar euro i potten. Det starta opp i 2014 og skal halda på fram til og med 2020. Innanfor den programperioden har Noreg bunde seg til å betala inn til saman 18 milliardar kroner.

Regjeringa har allereie kome med eit utkast til korleis det neste programmet bør sjå ut.

– For oss er det svært viktig at det blir sterke prioriteringar av forsking på konkrete område, og at det ikkje blir strødd forskingsmidlar jamt over til små prosjekt i alle landa, der det ville vera mest naturleg med nasjonal finansiering, sa Bjørn Haugstad.

Forskingsrådet synest Horisont 2020 har fungert best på desse områda:

- Det støttar forskingsprosjekt som skapar eit meir konkurransedyktig næringsliv, som som kan vera med på å løysa dei store samfunnsutfordringane me står overfor.

- Inndelinga i dei tre pilarane framifrå forsking, industriell leiarskap og samfunnsutfordringar har fungert godt.

- Programmet for framifrå forsking (ERC, FET, forskingsinfrastruktur og MSCA) er ein suksess.

- Den utfordringsdrivne tilnærminga til samfunnsutfordringar fungerer bra og bør halda fram.

– Oljekrisa har gitt forståing for satsing på forsking

Han peika på at det neste forskingsprogrammet også må vera fleksibelt. – Ja, det er klart. For det programmet går fram til 2030 og kanskje litt lenger, og då kan det skje mykje nytt. Difor er det viktig at det er rom for å tenkja seg om og eventuelt leggja inn nye satsingar, når me ser at det er naudsynt, understreka han.

Dessutan viste han til ein positiv effekt av at oljeindustrien har vore gjennom ei alvorleg krise. – Sidan Horisont 2020 blei oppretta i 2014, har oljeprisen vore i fritt fall, og 40 000 arbeidsplassar i sektoren har gått tapt. Det har fått folk til å forstå at satsing på forsking og nyskaping er viktig for omstilling. Nettopp derfor er det viktig å få fram norske interesser når innhaldet i det neste rammeprogrammet skal avgjerast, meinte han.

Vil ha europeisk innovasjonsråd

Haugstad trekte også fram behovet for å halda fram med å knyta forsking til innovasjon. – Me vil også ha på plass eit europeisk innovasjonsråd, som EU-kommisjonen tidlegare har gått inn for, sa Bjørn Haugstad. – Og det må også vera rom for risiko for forskingsprosjekta som får pengar frå det neste rammeprogrammet.

Forskingsrådet meiner desse tinga kan bli betre:

- For få søknader blir godkjende samanlikna med kor mange som søkjer. Fylgjene kan bli at mange gode søkjarar fell ut i framtida.

- Ein for liten del av dei såkalla overhead-kostnadene (kontor, PC, m.m.) blir dekte av Horisont 2020. Fører til vanskar for instituttsektoren og næringslivet å ta på seg koordineringsoppgåver i prosjekta.

- Vitskapleg kvalitet er og bør vera den viktigaste faktoren for finansiering. Det bør haldast fram med å leggja vekt på samfunnsnytte (impact), men ein må samtidig finansiera fleire prosjekt som ikkje vil kunna visa til effektar på kort sikt, og berre vil kunna ha samfunnsnytte i eit lengre tidsperspektiv.

- Balansen mellom forsking og innovasjon må betrast. Finansieringa av prosjekt med bruksretta forsking og teknologiutvikling bør styrkjast.

- Lån og risikofinansiering bør normalt ikkje brukast til å finansiera forsking.

- Fleire land utanfor EU bør trekkjast inn i prosjekta for å auka kvaliteten endå meir. Deltaking frå tredjeland i Horisont 2020 bør styrkjast, slik at nivået er på høgd med førre rammeprogram (FP7).

Så langt har norske forskarar fått inn 3,1 milliardar kroner frå Horisont 2020. Det utgjer 1,87 prosent av dei konkurranseutsette midlane i programmet. – Me nærmar oss altså målet på to prosent. Det mest gledelege er at norske forskarar gjer det svært bra når det gjeld kvaliteten på forskinga som dei utfører, konstaterte han. – Men framleis treng me endå fleire aktørar frå næringslivet i Horisont 2020, slo han fast.

Likevel er ein av dei som får mest pengar frå EU, det norske selskapet Borregaard. Det har fått over 230 millionar kroner til eit prosjekt der dei forskar på ny bruk av cellulose. Mellom anna ser dei på korleis trevirke kan bli til bioenergi, som kan erstatta olje. I instituttsektoren har SINTEF fått mest med over 40 millionar euro eller rundt rekna 300 millionar kroner, viser tal frå Forskingsrådet.

Forskingsrådet støttar modellen med tre pilarar

Også administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén var oppteken av at norske forskarar og norsk næringsliv må halda fram med å delta i EUs rammeprogram for forsking og delta i internasjonale partnarskap. – Dei får tilgang til verdas beste forskingsnettverk. Då er det viktig at dei også kan bidra med noko sjølve, sa han.

Hallén er dessutan ein ivrig tilhengjar av at EU held fram med trepilarmodellen med framifrå vitskap, industriell leiarskap og samfunnsutfordringar. – Framover blir det truleg lagt auka vekt på effekt, brukarmedverknad, samarbeidsprosjekt og verdiskaping, trudde Arvid Hallén.

(Kjelder: Forskingsrådet, Aftenposten, Forskingsbarometeret 2015, EU-kommisjonen)

 

Emneord: EU, Forskningspolitikk, Europa, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 10. jan. 2017 12:07 - Sist endra 10. jan. 2017 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere