Får 10 millionar kroner til Parkinson-forsking frå Olav Thon Stiftelsen

Medisinprofessor Mahmood Amiry-Moghaddam frå Universitetet i Oslo har fått tildelt 10 millionar kroner til Parkinson-forsking frå Olav Thon Stiftelsen. Han utfører forskinga i samarbeid med forskarar frå Sverige og Finland.

FÅR 10 MILLIONAR: Medisinprofessor Mahmood Amiry-Moghaddam får tildelt ein nordisk forskingspris på 10 millionar kroner frå Olav Thon Stiftelsen. Pengane skal brukast på forsking på framtidige behandlingsmål for Parkinsons sjukdom. Han samarbeider med forskarar frå Sverige og Finland.

Foto: Ola Sæther

Det var i formiddag forretningsmannen Olav Thon og UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunngjorde namnet på forskarane som har fått til saman 43 millionar kroner frå Olav Thon Stiftelsen.

- Kan få mykje å seia for behandling for Parkinsons sjukdom

Ved Universitetet i Oslo er medisinprofessor Mahmood Amiry-Moghaddam ein av dei som har fått tildelt mest pengar. Han og forskarkollegaene hans, Jarl Koistinaho og Tarja Malm frå University of Eastern Finland og Laurent Roybon frå Lunds Universitet i Sverige får tildelt 10 millionar kroner over fire år til forsking på å finna nye behandlingsmål for Parkinsons sjukdom gjennom å studera akvaporinar i hjernen.

- Eg er glad for det. Stor takk til Olav Thon Stiftelsen, seier Mahmood Amiry-Moghaddam til Uniforum.

- Prosjektet vårt er ganske nytt, så difor er desse pengane viktige, fordi det er vanskeleg å få støtte frå Forskingsrådet, peikar han på. 

Etter hans oppfatning kan prosjektet få mykje å seia for behandlinga av Parkinsons sjukdom om dei lykkast med forskinga si.

- Det er nokså mange forskarar som jobbar med dette i dag, men ikkje med vinklinga vår.Me har god nok preliminære resultat til at me kan kasta oss ut i det. Ein stor del av prosjektet baserer seg på  celler frå menneske med Parkinsons sjukdom. Dette skjer i kombinasjon med stamcelleteknologi som samarbeidspartnarane våre i Sverige og Finland beherskar, slik at me kan studera mekanismane til Parkinsons sjukdom på ein betre måte, fortel han.

- Dermed blir det lettare å forstå årsakene til sjukdomen og koma fram til ei mogleg behandling. Det er ikkje sikkert det er slik me trur, men om me lykkast vil forskinga vår få mykje å seia, seier Amiry-Moghaddam.

Ser etter biomarkørar for Alzheimers sjukdom

Også innanfor nordiske samarbeidsprosjekt om forsking på Parkinsons sjukdom og Alzheimers sjukdom, får Nenan Bogdanovic, som er professor II ved UiO, ei støtte på 10 millionar kroner over fire år. Saman med forskarkollegaene Lars Terenius og Vladana Vujojevic frå Karolinska Institutet i Sverige, skal Bogdanovic forska på påvising av enkeltmolekyl som tidlege biomarkørar for Alzheimers sjukdom.

Det tredje store nordiske prosjektet som får 10 millionar kroner i støtte innanfor forskinga på Parkinsons sjukdom og Alzheimers sjukdom, er det professor Henrik Zetterberg frå Göteborgs universitet som får. Han har med seg professorane Anders Fjell og Lars Nilsson frå Universitetet i Oslo og professor David Brooks frå Aarhus Universitet i Danmark.  Prosjektet heiter "Mikrologia - mulig behandlingsmål for Alzheimers sykdom.

Millionar til studentaktiv forsking ved UiO

Olav Thon Stiftelsen har også gitt forskarar støtte til studentaktiv forsking.  Innanfor det området får UiO-forskarane Anders Malthe-Sørensen, Fysisk institutt, Marianne Fyhn frå Institutt for biovitskap og Bjørn Jamtveit frå Institutt for geofag 1,5 millionar kroner over 3 år.  Studentane deira skal blant anna knytast til den internasjonale forskingsfronten.

Det går også 1,5 millionar til studentaktiv forsking til tre andre forskarar ved Fysisk institutt ved UiO. Dei tre er Farid Ould-Saada, Magnar K. Bugge og Eirik Gramstad. Pengane skal brukast til å motivera og stimulera studentar til å velja partikkelfysikk som fag. Dei skal stimulerast til ei forskingsbasert tilnærming til problem med bruk av data frå leiande internasjonale forskingsinfrastrukturar.

Får prisar for framifrå undervisning

To av prisane for framifrå undervisning går til UiO-professorane Knut Mørken, Matematisk institutt og Are Raklev, Fysisk institutt.  Mørken har utvikla ein klar utdanningsvisjon gjennom programmet InterAct - Kultur for Læring. Raklev underviser det første bachelorkurset i kvantefysikk.  I 2014 blei han kåra til årets forelesar av studentutvalet ved MN-fakultetet.  Både Knut Mørken og Are Raklev er tildelt kvar sin pris på 500 000 kroner.

Nederlendar fekk den internasjonale forskingsprisen

Den største prisen til ein enkeltforskar går til medisinprofessor Jan Hoeijmakers ved Erasmus Medical Centre, Erasmus University Rotterdam i Nederland. Han får Olav Thon Stiftelsens internasjonale forskingspris 2017 på fem millionar kroner.  

Hoeijmakers har blitt internasjonalt kjent for å ha klarlagt viktige mekanismar for reparasjon av arvestoffet DNA. Han har vist korleis skader på DNA blir oppdaga av spesifikke protein og korleis dei skadde delane av DNA blir fjerna og erstatta. Forskargruppa hans var også først ute med å klona eit menneskeleg DNA-reparasjonsgen (ERCC1) og har seinare identifisert fleire gen som er involverte i reparasjon av DNA, står det i pressemeldinga frå Olav Thon Stiftelsen.

Til saman deler Olav Thon Stiftelsen ut ein internasjonal forskingspris, tre nasjonale prisar for framifrå undervisning i høgare utdanning, tre nordiske forskingsprosjekt i medisin og fem nasjonale prosjekt for studentaktiv forsking. 

Prisane blir delte ut den 2. mars 2017 i Universitetets aula.

Under ligg den offisielle lista av alle vinnarar av Olav Thon Stiftelsens prisar:

Prisvinnere i 2017:

Vinner av Olav Thon Stiftelsens internasjonale forskningspris 2017

Olav Thon Stiftelsens internasjonale forskningspris innen matematikk/ naturvitenskap og medisin 2017, tildeles professor Jan Hoeijmakers, Erasmus Medical Centre, Erasmus University Rotterdam, Nederland.

Hoeijmakers er uten tvil en av vår tids mest betydningsfulle forskere innen molekylær genetikk.

Prisen er på NOK 5 millioner.

Vinnere av Olav Thon Stiftelsens nasjonale pris for fremragende undervisning 2017

Olav Thon Stiftelsens pris for fremragende undervisning innen matematikk/ naturvitenskap og medisin 2017, tildeles:

1. Professor Anne Berit Guttormsen, Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

2. Professor Knut Mørken, Matematisk institutt, Universitetet i Oslo

3. Professor Are Raklev, Fysisk institutt, Universitetet i Oslo

Hver av de ovennevnte gis en pris på NOK 500 000,-.

Mottakere av Olav Thon Stiftelsens støtte til nordiske forskningsprosjekter i medisin 2017

Olav Thon Stiftelsens støtte til nordiske forskningsprosjekter innen medisin med vekt på Parkinsons sykdom og Alzheimers sykdom 2017, gis til følgende tre prosjekter:

1. Brain aquaporins: Novel therapeutic targets for Parkinson’s disease (Akvaporiner i hjernen: Nye behandlingsmål for Parkinsons sykdom)

Ansvarlig: Professor Mahmood Amiry-Moghaddam, Universitetet i Oslo. Samarbeidspartnere: Professor Jari Koistinaho, University of Eastern Finland, førsteamanuensis Tarja Malm, University of Eastern Finland, førsteamanuensis Laurent Roybon, Lunds universitet, Sverige.

Prosjektet går over 4 år og støttes med til sammen NOK 10 millioner.

2. Microglia – potential therapeutic target to modify Alzheimer’s disease?/ (Mikroglia – mulig behandlingsmål for Alzheimers sykdom?)

Ansvarlig: Professor Henrik Zetterberg, Göteborgs universitet, Sverige. Samarbeidspartnere: førsteamanuensis Oskar Hansson, Lunds Universitet, Sverige, Professor Lars Nilsson og Professor Anders Fjell, Universitetet i Oslo, Professor David Brooks, Aarhus universitet, Danmark.

Prosjektet går over 4 år og støttes med til sammen NOK 10 millioner.

3. Early biomarkers of Alzheimer’s disease using single-molecule detection (Påvisning av enkeltmolekyler som tidlige biomarkører for Alzheimers sykdom)

Ansvarlig: Professor II Nenad Bogdanovic, Universitetet i Oslo. Samarbeidspartnere: Seniorprofessor Lars Terenius, førsteamanuensis Vladana Vukojevic, Karolinska instituttet, Sverige.

Prosjektet går over 4 år og støttes med til sammen NOK 10 millioner.

Mottakere av Olav Thon Stiftelsens støtte til studentaktiv forskning 2017

Olav Thon Stiftelsens støtte til studentaktiv forskning innen medisin og/eller naturvitenskap/matematikk 2017, gis til følgende 5 prosjekter:

1. Professor Anders Malthe-Sørenssen, Fysisk institutt, førsteamanuensis Marianne Fyhn, Institutt for biovitenskap og professor Bjørn Jamtveit, Institutt for geofag, Universitetet i Oslo for prosjektet Tverrfaglige «grand challenges» for studenter.

Prosjektet støttes med i alt NOK 1,5 millioner over 3 år.

2. Professor Farid Ould-Saada, forsker Magnar K. Bugge og postdoktor Eirik Gramstad, Fysisk institutt, Universitetet i Oslo for prosjektet Studentaktiv forskning innen prosjektet Zpath.

Prosjektet støttes med i alt NOK 1,5 millioner over 3 år.

3. Professor Lars Akslen, postdoktor Elisabeth Wik CCBIO, Universitetet i Bergen for prosjektet Harvard Kreftforskning: Partnerskap for fremragende utdanning og forskning.

Prosjektet støttes med i alt NOK 1,5 millioner over 3 år.

4. Sigrunn Eliassen, førsteamanuensis, Institutt for biologi, Universitetet i Bergen for prosjektet Numerisk kompetanse og studentaktiv forskning.

Prosjektet støttes med i alt NOK 1,4 millioner over 3 år.

5. Førsteamanuensis Brita Pukstad, Institutt for Kreftforskning og Molekylær medisin, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet/NTNU, for prosjektet Save your patients.  

 

 

Emneord: Naturfag, Undervisning, Medisin, Realfag, Prisar Av Martin Toft
Publisert 12. jan. 2017 18:44 - Sist endra 12. jan. 2017 18:44

Takk for artikkelen- Vil understreke at forskningsstøtten skal deles mellom 4 grupper (i 4 år) . Men bidraget er svært viktig fordi det vil "booste" samarbeidet mellom våre grupper og gir mulighet til å generere nye data og forhåpentligvis føre til mere funding fra andre kilder. 

Mahmood Reza Amiry-Moghaddam - 13. jan. 2017 10:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere